Då er det Tordenblogg igjen. Det er ei greie skipa av Arne Hjorth-Johansen for å få folk til å oppdage nye bloggar. Klikk og kos dykk.
Som avsatt jurymedlem vil eg nytte høvet til å dele den diskvalifiserte poenglista mi med dykk:

12 poeng: http://neglelakkmani.com/ Neglelakkmani

Greia er at moteblogging er i ferd med å bli digert. Men dei norske rosabloggerne er ikkje i eit toppsjikt internasjonalt, uansett kor mange dyre vesker og walk-in-closets og hundretusen klikk dei har dagleg. Neglelakkmani har verken kyssemunnbileter eller dagboksoppdateringar av bloggaren, og har tvertimot gått annerledes og proft til verks. Dette er ein nisjeblogg innan moteblogging, der bloggaren utelukkande tek for seg neglelakk. Det siste nye i USA og Europa, det som er poppis på ebay, vanskeleg å få, og det som er verdt å shoppe for ein billeg penge her heime. Bloggen er løpande oppdatert, ho tar svært gode bilete (det er vanskeleg – ikkje utan grunn at nettavisene har tjuvlånt bileta hennar), gode lenker og oppdatering på gode kjøp, og ho bestiller og får tilsendt neglelakk frå USA og Europa og viser oss korleis ting kan brukast og resultatet. Neglelakkmani har trufaste lesarar blant neglelakkfans overalt. Noko så innovativt som ein norsk moteblogg av internasjonal klasse.

10 http://ingermerete.blogg.no/ Dette er ikke en blogg
Nummer to på lista er også nesten ein slags nisjeblogg, men kulturjournalisten Hobbelstad brukar bloggen sin til to fantastisk forskjellige parallelle løp. Det er kulturstoff i eit format me sjeldan får oppleve i dei flisetynne, norske papiravisene (for ikkje å snakke om dei flortynne nettavisene), ein kan berre nyte resultatet når ein seriøs journalist har gjort grundig research, eller reflektert og diskutert ei sak eller hending med kolleger og vener, og ikkje treng telle ord før stoffet blir publisert. Og så er det kongestoffet. Eller rettare: Bloggpostane der Hobbelstad tek for seg gjestar i kongelege brudlaup og diverse. Trur du at du ikkje gidd lese kva den tjuande gjesten hadde på seg? Du tek feil, du kjem til å lese, og du kjem til å skadefrydnyte.

8. http://www.virrvarr.net/ Virrvarrs roteloft
Virrvarr held koken, ho er faen ikkje 25 eingong, og Noregs frie bloggeverds grand Old Lady snart. Men ho held faktisk koken. Postane hennar er relevante, gjennomtenkte, viktige, hyppige, og ho svarar i kommentarfeltet. Ho er morsom, smart, modig og alt som er elskeleg. Dette er dagbok/meiningsytring-blogging i særklasse, både godt sett, godt skrive, godt tenkt og ei særskilt kjensle av at skribenten er ærleg (og vips, der fyller roteloftet dei fire krava mine til god skjønnlitteratur).

7: http://hjartesmil.blogg.no/ Hjartesmil
Mariell er også ei heilt særskilt stemme i bloggeverda. Eller eit særskilt syn. Ein hyperestetisk blogg, så gjennomført og gjennomarbeidd at ein blir sitjande stum første gongen. Ho skapar draumeopplevingar og stemningar med bilete og tekst, og samstundes kan ein ane noko sårt og nakent rett bak som gjer at det aldri blir glatt eller uinteressant.
Der Virrvarr får lesarane sine engasjerte i det eine temaet etter det andre, driv folkeopplysing og skapar debatt, får Mariell deg til å opne augene for din eigen kvardag.

6: http://bandanders.org/ Bandandersmuseum
Bileta til bandanders opnar også augo dine, men han tek meg ut av den kvardagen eg har inne på kontoret, foran kjøkenbenken, i sofaen. bandanders tar meg med på tur, me finn sauene hans saman, eg ser hunden stanse der framme og vente på oss, og eg ser og ser korleis verda finnes. Han er også skarp i ord, bandanders, og formidlar meir med eit bilete og ein setning enn tusen bilete eller tusen ord kunne sagt kvar for seg.

5: http://www.ainabasso.blogspot.com/ Aina Basso
Det er ein god del forfattarar som bloggar der ute, men berre ei som eg stikk innom kvar dag. Det er i grunnen hovudkriteriet mitt når eg skal lage denne lista. Bloggar som eg vender tilbake til. Aina skriv om andre sine bøker, ho deler opplevingar, refleksjonar og små tekstar. Eg vender tilbake. I periodar har dette vore den einaste bloggen eg har lese, medan eg var skikkeleg blogglei. Denne, bandanders og Flamme sin, faktisk.

4: http://www.flammeforlag.no/ Flamme Forlag
Ja, dei er ute etter å selge noko. Lyrikk, for det meste, litt brageprisvinnande sakprosa og ei og anna prosatekst av folk som stort sett lever av å skrive, så proffe er dei. Ein tvers gjennom kommersiell litteraturblogg, altså. Ikkje ahr postane kommentarfelt heller. Er dette ein blogg? Ei løpande oppdatert heimeside til eit forlag? Kven bryr seg? Det er faktisk bra, og dei held faktisk koken, og takk for det.

3. http://bokmerker.org/ bokmerker.no
Eg les mange bokbloggar. Eg kunne lage ei ti på topp-liste av bokbloggarar. Sorry, men dei er både skriveføre og mange og skriv om ting som eg gidd lese. Eg kan ikkje svinge emg opp til å bry meg med bilar, fotball eller kattar.
Det er så mange gode kandidatar. Bokmerker får vere den som representerer dei alle, fordi dei er så gode. Og fordi dei er fleire som bloggar saman, og det er bra.

2: http://www.lekkermunn.no/ Lekkermunn.no
Oh. My. God. Så mykje lekker mat. Og fine bileter! Og gode oppskrifter! Kan ikkje skrive, må ete noko.

1: http://oslofashion.blogspot.com/ OSLOFASHION
Gudane veit. Kva skal ein seie om dette, då. Ikkje så ofte oppdatert eingong. Men når folk er så jævleg morsomt onde, fortener dei poeng.

Advertisements