Eg har vore lukkeleg. Fleire gonger, er eg viss på.

Sist eg var lukkeleg var ein laurdag. Då trakk eg ei bøtte fisk opp av sjøen, saman med borna. Mest makrell, men nokre fine lyr og ein monaleg torsk var det og.

Eg lo då eg trakk opp torsken, og tre makrellar hekta seg fast på onglane på veg opp. Lo og var lukkeleg.

 

Eg googla «vitalismekjøret» og fekk ingen treff. Når ein er på vitalismekjøret er ein ikkje på internett.

Advertisements