Dotter mi, Liva (10) har lese Blodmånenatta av Guro Sibeko. Ho vil gjerne dele si lesaroppleving med andre, men er litt usikker på bloggformatet, så me har enda opp med eit intervju.

Kva syns du om boka?

Eg syntes det var ei god bok. Eg levde meg inn i den, og det gjer eg ikkje med alle bøker. Det var ei bok der ein liksom blei kjent med personane, kven dei er og om plassen der dei bur. Ein får vite mykje om hovudpersonen, kva ho føler og tenker.

Eg veit at du har fått ganske mange bøker, som eg og far din har forsøkt å få deg til å lese. Me har frista med opplesing av første kapittel, funne fram kjente og kritikarroste bøker, men sidan du las bøkene om Harry Potter har du ikkje interessert deg for noko av det.
Kva er annleis med Blodmånenatta?

Det er ingenting som måler seg opp mot Harry Potter-bøkene, synes eg. Dei er så godt skrive at det er umogleg å finne noko som lever opp til det. Grunnen til at eg likte Blodmånenatta også var at det var ei bok som passa for meg. Eg liker sånne bøker. Harry Potter-bøkene er sånne bøker, Blodmånenatta er ei slik bok. Det er vanskeleg å forklare.
Men Blodmånenatta var noko eg likte.

På kva måte då?

For eksempel i Blodmånenatta så er det slik at om du kjem inn i eit hus, fortel ho om det huset, og om du møter personar får du vite litt om dei. Samstundes er du med når hovudpersonen gjer ting, du får følge med på kva som skjer utan at du får kjensla av å hoppe frå hending til hending.

Kan du seie noko om hovudpersonen?

Ho heiter Kaspara, er vel omlag på min alder eller kanskje litt yngre. Det virker som ho er målbevisst, at ho vil det ho vil. Ho stopper ikkje når ho vil finne mor si, sjølv om det står mykje farlig i vegen for henne.

Syntes du det skjer for mykje?

Nei, eg syntes ikkje det. Dersom det skjer mindre blir det keisamt. Og skjer det meir, så blir det liksom vanskeleg å følge med på alt. Det er heilt greit at det skjer mykje så lenge den eine tingen glir over i kvarandre, at det er nokre langsomme overgangar, og det var det her (men ikkje alt for langsomme). I Blodmånenatta er det ein samanheng som gjer at ein følger med utan vanskar.

Syntes du den var trist?

Nei, det var jo litt trist at ho mista mor si og bestemor si, men Kaspara har det fint likevel, ho kjenner dei fortsatt, sjølv om dei er døde, ho tar det ikkje opp på ein sånn måte at den som leser ikkje taklar det.

Syntes du den var skummel?

Nokre gonger, kanskje litt. Men igjen: Kaspara taklar det, og derfor taklar liksom lesaren det og. Det var jo nokre gonger det blei litt skummelt, eg tenkte liksom, oi, her skjedde det visst noko. Men ikkje sånn at ein får mareritt.

Kjente du til dei mytologiske vesnene og historiane frå før?

Nokre, på ein måte, men likevel eigentleg ikkje. Eg visste ikkje om dei, og det var nye historiar, men eg kjente dei igjen. Det var som om eg hadde høyrt dei før, som om det var kjent for meg, sjølv om det var nytt.

Kva syntes du om den kjensla?

Det var eigentleg ganske greit. Det var lettare å komme inn i historia, enn om alt kjentes ukjent og nytt.

Kva likte du best med boka?

Eg likte godt då ho var inni hola til haugfolkene. Eg syntes det var ei morsom historie, då ho fiska.

Kven syntes boka passer for?

Både gutter og jenter, og aldersgruppe kanskje frå seks år om ein er god nok til å lese, og opp til…ja, det er jo ikkje ei vaksenbok, men kanskje 12-13? Det kjem an på kva slags person det er. Eg trur dette er ei bok for dei som liker fantasy og gode historiar, kanskje særleg for folk som kan gå inn i ting og har evne til å leve seg inn i bøker. Kanskje for folk som liker eventyr der det ikkje berre er søte små prinsesser, men der det faktisk skjer ting som må ordnast opp i, og der kvart kapittel er ei eigen historie, men der også alt går saman til ei stor forteljing. Kanskje for folk som ikkje er avhengig av at det berre skal vere morsomt heile vegen, eller berre spennande, eller berre skummelt, men at det er forskjellige ting som hender i løpet av boka.

Terningkast? Den er betre enn 5, så det får vel bli 6.

Blodmånenatta av Guro Sibeko

 

Advertisements