Under hashtag’en #kjøkenbenkrealisme deler Olaug Nilssen kvardagshendingar på nett. Og på blogg, faktisk, og det er så fint at ho bloggar igjen. Sjå: Forfattarar sluttar å blogge. Og så begynner dei igjen! #mirakel

Kvardag for ein etablert forfattar og småbarnsmor handlar heilt sikkert om faste arbeidstider og struktur og bokstavkjeks i baksetet. Kvardagen for meg, som ikkje er etablert forfattar og som har born som klarar seg ganske bra på eiga hand, ser noko annleis ut. Eg skriv og skriv og er nesten ikkje heime. Men no, akkurat no, sit redaktøren min og les manuset. Og dermed har eg ei såkalla «kvardagsveke», der eg dekker frukostbord til ungane og lagar middag og rett og slett er ei kone som virker. Ei heilt vanleg leverpostei og kommunemamma.

 

Denne teksten er sjølvsagt berre eit påskot for å få publisere bilete av meg sjølv.
Med bart og fippskjegg, på leverposteiboksen.

Advertisements