Sidan eg for ti år sidan flytta ut av by, går eg sjeldan på kunstutstillingar.
Desse ti åra på ein liten stad er samanfallande med å vere mor og yrkesaktiv. Så det er endå sjeldnare at eg går aleine på utstillingar (utan born).
Eg arbeider og eg skriv, eg er saman med borna og ektemannen, og så hender det at eg reiser på festival eller fest.
Men å berre tusle rundt ein heil dag aleine i eit kunstmuseum, det skjer så sjeldan at eg gløymer heilt ut korleis det er mellom kvar gong.
I helga var eg i Louisiana. Dotter mi forsvann inn i Børnehusets verkstader og nekta å komme ut igjen. Eg fekk ein heil dag. Aleine. Med kunst.
Då hugsa eg det.
Inni meg opnar det seg eit slags rom, ein slags personlegdom, eit personlegdomsrom, som eg ikkje merker elles. Eg går undrande rundt, blir rørt av dei raraste ting. Folka rundt meg blir ein del av utstillinga, eg setter meg ned, kikkar på ting frå andre vinklar, tar bilder av folk som går forbi skulpturar.
Eg blir merkbart meir open, kjenslevar og språklaus.
Har du nokre slike situasjonar, der du er aleine og merker at du er annleis enn saman med andre? Annleis enn vanleg, og kan hende mest deg sjølv?
Fin tekst. Og ja,jeg er annerledes hver gang jeg er alene, for da er jeg meg selv hundre prosent. Den hundre prosenten det kanskje aldri kommer til å skje at jeg blir sammen med andre her nede på grunn av at jeg er i ferd med å integreres inn i deres kultur og språk. Språkløs og følsom, ja det det hører selvsagt også med 🙂
Eg var nok ikkje like generelt språklaus eller kultursjokkert då eg budde i Danmark, men mista mykje av «meg sjølv» i møte med andre, sidan danskane måtte konse så veldig for å forstå kva eg sa at absolutt all humor forsvann. Eg tilbrakte mange timar på kunstmuseum, og i domkirka i Århus, då eg budde der. Godt å sleppe folk, når kultur og språk blir slitsamt.
Jeg liker å sitte på kollektivtransport og høre på musikk, mens jeg ser mennesker og verden gli forbi på utsiden, og i smug studere menneskene rundt meg mens jeg lurer på hvor de skal hen, hvorfor den eldre damen der borte ser så alvorlig ut, hvorfor ungdommen på setet tvers over sitter og smiler for seg selv og om ikke mannen til høyre snart slutter å klø i nakken :p
Så fint. Takk for at du deler.
Jeg opplever det når jeg gjør noe som avviker fra hverdagens gjøremål, når jeg ikke er hjemme, men fjerner meg fra mitt vanlige miljø. DA kjenner jeg en større kontakt med hvilke potensialer jeg har inne i meg. Potensialer som ellers ikke får plass.
Musikk gjør at sperrene og hindrene, som ofte er fornuftsstyrt, passeres uten at jeg merker det og treffer følelsene presist. Ordene blir borte.
Eg sette meg ned her i går. http://bandanders.org/wp-content/uploads/nivane5.jpg i går. Hadde gått heilt åleine i fjellet 3-4 timar på jakt etter eit par sauer eg saknar. Då kom eg på denne bloggposten og eg kjende meg litt att.