Dagens snakkis/lenkis går til NRK si sak om Arve Juritzen og omgrepet dameroman.

Dei har også snakka med May Grethe Lerum, som fortel at «tradisjonelt sett har romaner som har en enkel fortelling og enkelt språk, blitt kalt dameromaner, men definisjonen endrer seg jo med tiden» – og vidare: «For meg refererer ordet dameroman i dag til mer eller mindre formelstyrte fortellinger, gjerne med en heltinne som er i slutten av 20- eller 30-årene». Ikkje så god litteratur, altså. Men Arve Juritzen meiner ikkje det er bøkene det er noko galt med, det er «visse mennesker i litterære kretser som har behov for å være litterært snobbete, sjikanere og snakke nedlatende om andre».

Anten bøkene reelt sett er dårlege eller ikkje, så er det semje om at omgrepet dameroman seier noko om litt halvdårleg, kjønnstilpassa litteratur.
Eg kjenner først at eg blir litt sliten. Kvinnelege forfattarar, kulturkjerringar, dameromanar. Orkar me dette, eigentleg?

Så kjem eg på at eg i går diskuterte omgrepet «guttebok» med Store Norske Leksikon-redaktør Anne Marit Godal. Eg argumenterte for at bøker ikkje kan vere guttebøker, sidan bøker ikkje har penis. Ho argumenterte for å ha omgrepet med i leksikonet fordi det er innarbeidd.
For kva er ei «guttebok»? Er det den aller beste litteraturen, eller er det også ei kjønnstilpassa foreinkling?

Det ER eit pussig fenomen: Når lesaren har kjønn er lesaren litt dummare.

Guttebøker og dameromanar er litt enklare, litt dårlegare enn «ordentleg litteratur». Kjønnstilpassa for gutar som treng maksimal spenning og action for å orke å lese, og kjønnstilpassa for damer som ikkje orkar djup litteratur.

Mannebøker er spionthrillere og hardkokt krim, for menn har ikkje tålmod og intellektuell kapasitet til å lese langsam og utfordrande litteratur. Manneblader er jakt og pupper, sidan menn vil ha slikt, og dameblader er kake/strikkeoppskrifter og mote, for det vil kvinner ha.

Kvinner er litt enklare enn folk flest, og vil helst lese noko romantisk og lettfordøyeleg.
Menn er litt enklare enn folk flest, og vil helst lese noko spanande og lettfordøyeleg.

Den allmenne skjønnlitteraturen, den krevande, vanskelege skjønnlitteraturen, den er ikkje for damer eller for mannfolk. Den er for dei andre. Dei kjønnslause, intellektuelle folka med evne til fordjuping, konsentrasjon og refleksjon.

Advertisements