To ting.

Eg skal lese på tesalongen Om igjen i Kristiansand på førstkomande laurdag. Klokka 13. Om du bur der, så stikk innom. Du blir kanskje den einaste, men det er alltid kjekt å lese for ein. Mindre kjekt å lese for ingen. Ja, eg gruer meg. Men samstundes blir det jomfrulesing frå neste bok, aller aller første gongen andre enn dei aller næraste får høyre noko. Det er så skummelt. At eg burde vore glad om ingen kom. Eigentleg. Men kom.

Ting nummer to.
Det er november. Det er NaNoWriMo.
Det er så bra, det kjennes som verdsomspennande litteraturdugnad og det knakar i hovudhuda av glede.
Men eg skriv så dårleg når eg har tilgang til internett, så oppdateringa mi inne på NaNoWriMo si side har eg ikkje begynt med heilt enno. Eg kan seie så mykje som at eg har skrive 2500 ord i dag. Og det er jo bra, for det går litt tid vekk i å reise til Kristiansand.
Skriv ei bok på ein månad, saman med tusenvis av andre. Legg meg til som buddy (eg er Tofte), om du vil, men eg er ikkje så aktiv der inne, eg har det jo travelt med manus.

Det var alt. No blogger me ikkje. No skriv me romanar. Kom igjen. Køyr på.