• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: november 12, 2011

Faltura igjen

12 lørdag nov 2011

Posted by Avil in Falturiltu, Ut blant folk

≈ 10 kommentarer

Stord har verdas einaste nynorske litteraturfestival for barn og unge, og årets Falturiltu er no avslutta.
Eg kom meg ikkje med på noko i år, ungane har skifta på å vere sjuke og eg har vore stressa med skriving sjølv.

Men eg kom meg på vaksenfesten i går kveld. Det var gildt.
Sjølv om talkshowvert klarte å seie at ingen kan lese fantasy for første gong som vaksne og ta det alvorleg, og sjølv om sals-og marknadssjefen i Samlaget lurte på kva som var i vegen med USA då eg fortalte henne at omlag 19% av omsette bøker der er fantasy og sci-fi.

Det som var gildt var at eg fekk sitje i sofa med Brit Bildøen, at eg klarte å lese opp utan å snuble for mykje i teksten, og at eg kom meg heim før eg blei alt for ukritisk (eg var på god veg, gratis vin og nyleg overlevd sceneopptreden er ingen safe kombo).
Og det var gildt å høyre Bildøen lese frå Adam Hiorths veg, som eg las nyleg og likte så godt, og sameleis å høyre Marit Eikemo lese frå fine og nevrotiske Samtale ventar. Og Ingelin Røsseland las byrjinga av sitt første romanprosjekt skrive for vaksne, og det lovar godt.

Og ikkje minst: No har eg eit bilete av meg og Bildøen på scena.

Brit Bildøen, eg og Atle Hansen.

Fotograf: Hilde Nybø (ho sendte det til meg på mobilen, og eg kan ikkje dy meg for å vise fram).

Bimboestetikken

12 lørdag nov 2011

Posted by Avil in Mediekommentar

≈ 7 kommentarer

Dette sto på trykk i Bergens Tidende fredag 11.11.11, som tilsvar til Frode Bjerkestrands kommentar Bimboestetikken. Då dei ikkje har lagt ut på nett, tillet eg meg å legge den her på bloggen.

Frode Bjerkestrand ser dei unge jentene kle seg som horer og pornostjerner, og likar ikkje det han ser. I ein kommentar i Preik i BT 08.11.2011 spør han seg korleis 40 års frigjering kunne ende med dette.
Det er sjølvsagt lov å spørje kvar jentene på byen hentar estetikken sin frå, og det er lov å ikkje like svaret ein kjem fram til. Men spørsmålet er kvifor jentene kler seg slik, etter alle desse åra med kjønnskamp og likestilling, og kvifor det er ubehageleg å sjå på.

Dei unge jentene har ikkje levd med 40 års kvinnekamp, dei er nye i verda. Og dei gjer som unge jenter til alle tider har gjort: Dei utforsker sin nye kropp, sin nye rolle og sin seksualitet.
Og synleg for alle leikar dei med sitt seksuelle uttrykk i verda.

Då eg var 14 pakka eg nettingstrømper, miniskjørt, korsett og naglebelte i posen, og kledde meg om hos venninna mi før me spankulerte lettkledde og oversminka opp og ned på Leirvik. Foreldra mine nekta meg å «kle meg som ei hore», og eg nekta å gjere som dei sa. Fordi eg meinte dei ikkje hadde forstått noko som helst. Eg var jo ikkje kledd som hore, eg var kledd som ei kul og tøff popstjerne, eg var kledd som ei krysning mellom moteikona Cyndi Lauper og Madonna, og gamlingar som trudde det var horete ville eg slett ikkje høyre på.

Sjølvsagt såg eg ut som ei hore. Sjølvsagt var mine første skritt ut i verda som kvinne både klønete, overdrivne og vulgære. Slik er det å vere ny, og slik er det å utforske nye arenaer.

I BBCs strålande filmatisering av Jane Austens Stolthet og fordom ser ein korleis den 14 år gamle Lydia let puppene velte faretrugande ut av bringeduken, ho flørtar så overdrive og vulgært at storesøstrene skammar seg, og Lydia går for langt både i høve god smak, klasse, kjønnsrolle og alder. No er rett nok innspelinga gjort i 1995, men skildringa av Austens roman frå 1813 har fått mykje ros for sin gjennomførte autensitet i bruk av kostymer, interiør og sosiale skikkar.
Sjølv innan viktoriatidas dydige rammeverk var ungdommens leik med sine erotiske signal ei pine å vere vitne til for dei eldre.

Og me treng ikkje gå attende i tid for å finne unge kvinner i tilknappa kulturar som tøyer grensene, og blir opplevd som utfordrande og vulgære. For å sitere eit blogginnlegg skrive av ein muslim: If you’re being called “Sexy” while having a Hijab on, then you MUST take a step back and ask “Am I really wearing the Hijab correctly?

Dei sosiale kleskodane for erotiske signal tar tid å lære, og ein del av læringsprosessen er å gi blaffen i reglane, kle seg utfordrande og få sure tilbakemeldingar frå vaksne.

Det er ikkje berre rynkete kne og bulkete lår som hindrar meg i å kle meg i trusekorte skjørt i dag, og det er ikkje berre redsla for å ikkje bli tatt alvorleg som gjer at eg er meir gniten på sminken.
Det er også fordi eg har mange års erfaring som kvinne.
Eg veit i dag at subtile signal gjer nytten, eg veit at eg kan bli oppfatta som attraktiv utan å vise heile barmen og halve rumpa. Puppene mine er ikkje lenger splitternye, eg har vent meg til dei og har ikkje same forundra gleda ved å sjå at eg kan presse dei saman og lage ein kløft.

Ungdom skårer skyhøgt på tradisjonell kjønnsrolletenking i all forskning på området. Dei overdriv signala, dei overdriv tydinga av å vere ekte mann og ekte kvinne, dei er i det heile tatt gjennomgåande overdrivne ut i det sjåvinistiske og vulgære, utfrå eit vaksent perspektiv.

Slik er det å vere ungdom, og yrande lukkeleg og usikker vise fram ein kropp som nettopp har gått gjennom ekstrem metamorfose. Dei klaskar klossete med vengjene, flagrar naivt inn i alle lyspærer og blir både sjokkerte og kjenner djup avsky om vaksne menn seier dei liknar horer.

Dette er ikkje nytt. Dette er ikkje foruroligande. Dette er ungdom. I dag, og til alle tider.

Lydia Bennet, i ferd med å gjere skam på heile sin familie med upassande framferd.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

november 2011
M T O T F L S
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
« okt   des »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...