For ein månad sidan forkynte eg, som året før og året før der igjen, at no skulle eg NaNoWriMoe ut av meg 50 000 ord på ein månad, eg skulle fullføre romanen min, så eg kunne ta juleferie i ro og mak, vel vitande om at ferdig førsteutkast til Song for Eirabu, bok 2, ville vere redaktøren i hende 2. januar 2012.

Og i år, som i fjor og året før, har eg mislukkast.

Eg kunne vore skamfull. Men eg velger å vere raus med meg sjølv. Eg gjer så godt eg kan. Nokre gonger er det jækla mykje, andre gonger er det lite.

Advertisements