Ein hostande og slakk guttunge måtte vere heime frå skulen i dag. Og det var først frykteleg trist, for då sola sto opp viste det seg at den første snøen var falle. Når ein er sju år hjelper det lite at ein vaksen seier at snø i plussgrader ikkje er stas. Den første snøen ER stas.

Så då eg hadde røkta eller misrøkta dagens dont, alt etter korleis ein vurderer det (sjå luke 1), valgte eg å gjere ein dum dag til ein god dag.

Me varma opp med å montere nokre ferdighus frå butikken.

Typehus frå Meny

Så var det å gi seg i kast med eigenbakte byggevarer. Legg merke til kamferdropsvindauga.

Nybakte tak og vegger til fem hus. Pluss innbyggarar.

Sjuåringen sørga for at alle pepperkakekonene fekk fine pupper.

Det er berre i Dressmannreklamane at tissen syns gjennom buksa.

Og så var skuledagen slutt og me fekk forsterkningar. Dei to eksteriørarkitektane lot seg ikkje tynge av venleikstyrraniet. Sjølve byggverka var då også meir prega av skaparglede enn prestasjonsangst.
Ei kyrkje, eit ferdighus og fem meir rustikke heimebakte bygg blei pynta med glasur, non-stop og seignisser.

Pynting utan vaksen rettleiing eller tilsyn. Best slik.

Bra det er helg no, for eit eller anna må ryddast alvorleg, om me skal gjere av pepperkakelandsbyen ein eller annan stad.

Advertisements