Eg kjenner meg temmeleg mislukka for tida. Produserer for lite manus, tjener for lite pengar.
Til gjengjeld er eg ganske vellukka som mor, trur eg. Speler Wii og les høgt og bakar saman med og pratar og kosar.
Eg kunne ønske eg klarte å ha fokus på det eg fekk til.
Men det er ikkje så lett.
Luke 4: Mislukka versus vellukka
04 søndag des 2011
Posted Julekalender
in
Men du er jo flink jo, du skriver bok og du satser livet ditt på noe du liker å gjøre. Det skal ikke være lett!
Flink og flink. Eg veit da faen. Føler meg ikkje flink, i alle fall. I følge bankkontoen er eg ikkje flink.
Det er lett å seie at ein ikkje skriv for pengar, at det ikkje er pengar som fortel om ein er eit godt menneske eller eit vellukka menneske. Men å leve etter det, tru på det, kjenne det slik, det er vanskeleg.
Du har ihvertfall skrevet Norges beste fantasybok og er en god mor i tillegg. Det burde da overstyre det meste? Penger er oppskrytt.
Takk, Anne Mette. Om den neste NOKONSINNE blir ferdig kjem eg til å vere så lukkeleg og nøgd at eg drit langt i pengemangelen.
Vel oh mektige og allvitende forfatter , kanskje karakterene dine trenger sin tid på å finne ut hvordan de skal legge den gamle verden i grus, og starte den nye… Du blir ferdig og sikkert overrasket over hvor historien ender:-) Og vi, dine trofaste lesere, venter hvor lenge som helst. Nesten da…
Du er vel ikkje mislukka! Du er topp! Det er berre mørketida som snakkar.
*tenner lys*