• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: desember 5, 2011

Luke 6: Kaos versus kosmos

05 mandag des 2011

Posted by Avil in Julekalender

≈ 6 kommentarer

Sidan det er desember burde eg sikkert vere framsynt og tilføye «del 1» bak dagens tittel. Og det kan vere du undrar seg over kvifor desse lukene kjem i rykk og napp? Eg kan gjere greie for det. Men først: Dagens tema.

Okei, eg vil ha nytt kjøken. Og eg har malt gangen (for eit halvt år sidan). Av ein eller annan grunn er det slik at «nytt kjøken» og «lister i gangen» ser ut til å avhenge av så utruleg mange og uoverskuelege faktorar, inklusiv ny sovesofa på kontoret mitt og ny innreiing i stova (ja? følger du ikkje med? EG ER GIFT MED EIN ARKITEKT! DEI HAR DET ALLTID STYGT HEIME FOR DEI KLARAR IKKJE TA AVGJERDER).

Forrige helg eller deromkring (eller litt lenger sidan, kven held styr på tida liksom) endte all denne manglande handlekrafta og sviktande avgjerdsevna med kollaps. Det vil seie krangel. Eller: Eg kjefta, og så var arkitekten forståelsesfull, og så grein eg, og så flytta me rundt på nesten alle møblane i heile huset.

Ein del av romma blei betre. Eller nye å sjå til, eller kva ein skal seie. Tru meg, for eg trur ikkje eg skal interiørblogge heile huset, liksom. Ja, eg sa liksom for andre gong, eg er visst i det humøret.

I alle fall, det var eitt rom som blei litt skadelidande. Eller meir spesifikt: Ein del av eit rom. Det rommet var/er kontoret mitt, og no er det i tillegg heimen til ein diger hjørnesofa som kan bli dobbelseng når svigerforeldra mine kjem i jula. Ei diger bokhylle måtte vike plassen for sofaen.

Bøkene hamna på…skrivebordet mitt.

Kaotisk arbeidsplass etter bokhylletap

Det har vore eit enigma å finne ut kvar denne haugen skulle bli av.

Men så svelgde eg til slutt alle kamelar i bokhylletvangslidinga mi og SKUBBA INN alle bøkene, og stabla nye UTANFOR. Vips, dobbel plass i bokhylla.

Ei bokhylle som inneheld 125% fleire bøker enn den ser ut som.

Brått blei rommet ryddig, etter den lokale standarden.

Bokhylle med 125% fleire bøker enn det ser ut, eit lite sofabord og ein flik av ein hjørnesofa som kan bli dobbelseng når svigerforeldra mine kjem i jula.

Og skrivebordet mitt? Ryddig! Så ryddig som det kan bli!

Dei polske arkeologane grov fram ein pult.

Dei polske arkeologane børsta bort alle bøkene og pultens opprinnelege kontekst viste seg å vere ei oppslagstavle.

Ja, og så var det dette med kvifor julekalenderlukene på bloggen ikkje kjem pent og pynteleg på rette dagar. Det er fordi eg har kopla meg frå internettet. Altså det trådlause. Eg har sett meg sjølv under administrasjon. Og då har eg altså berre sporadisk internett.
Kvifor? Eg er ikkje internettmoden. Eg klarar ikkje skrive når det finnes internett. Så there you go.

Luke 5: Angel versus Edward Cullen

05 mandag des 2011

Posted by Avil in Julekalender

≈ 28 kommentarer

Kvar generasjon har sin vampyr. Dei viktorianske valdtektsforbrytarane fekk sin noko mindre autoritære renessanse i dei lovlause vampyrungdomsgjengane på 80-talet, ti-året etter regjerte actionfigurvampyrar parallelt med ynkeleg angrande blodsugarar, før dei gradvis blei meir liketil og humane, og no i det siste har fått boyband-deilege vampyrar i fantasyaction og kristenkonservative lidenskapsdilemmaer.

Men kven er no eigentleg mest sexy?
Det er alltid det mest interessante, uansett om me snakkar om musikarar eller forfattarar, og ikkje minst når det kjem til hjartesmerte og dødsenserotiske vampyrar.

Eg gir deg i dag det enkle valet, og spør kven du går for:

1. Angel

Feministikonet Buffy med sin mutte vampyrkjærast Angel

eller

2. Edward Cullen

Saikoforelska og frustrete Bella med sin kvite riddar Edward Cullen

Dersom eg hadde vore grei, ville eg latt deg få velge Eric Northman. Men eg er i ferd med å sjå siste sesongen, og han har faktisk ikkje pult Sookie ENNO, så han er diskvalifisert.

Eit trekantdrama tatt rett ut frå røynda, altså: Eric Northman, Sookie Stackhouse og Bill Comptom

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

desember 2011
M T O T F L S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
« nov   jan »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...