Sidan det er desember burde eg sikkert vere framsynt og tilføye «del 1» bak dagens tittel. Og det kan vere du undrar seg over kvifor desse lukene kjem i rykk og napp? Eg kan gjere greie for det. Men først: Dagens tema.

Okei, eg vil ha nytt kjøken. Og eg har malt gangen (for eit halvt år sidan). Av ein eller annan grunn er det slik at «nytt kjøken» og «lister i gangen» ser ut til å avhenge av så utruleg mange og uoverskuelege faktorar, inklusiv ny sovesofa på kontoret mitt og ny innreiing i stova (ja? følger du ikkje med? EG ER GIFT MED EIN ARKITEKT! DEI HAR DET ALLTID STYGT HEIME FOR DEI KLARAR IKKJE TA AVGJERDER).

Forrige helg eller deromkring (eller litt lenger sidan, kven held styr på tida liksom) endte all denne manglande handlekrafta og sviktande avgjerdsevna med kollaps. Det vil seie krangel. Eller: Eg kjefta, og så var arkitekten forståelsesfull, og så grein eg, og så flytta me rundt på nesten alle møblane i heile huset.

Ein del av romma blei betre. Eller nye å sjå til, eller kva ein skal seie. Tru meg, for eg trur ikkje eg skal interiørblogge heile huset, liksom. Ja, eg sa liksom for andre gong, eg er visst i det humøret.

I alle fall, det var eitt rom som blei litt skadelidande. Eller meir spesifikt: Ein del av eit rom. Det rommet var/er kontoret mitt, og no er det i tillegg heimen til ein diger hjørnesofa som kan bli dobbelseng når svigerforeldra mine kjem i jula. Ei diger bokhylle måtte vike plassen for sofaen.

Bøkene hamna på…skrivebordet mitt.

Kaotisk arbeidsplass etter bokhylletap

Det har vore eit enigma å finne ut kvar denne haugen skulle bli av.

Men så svelgde eg til slutt alle kamelar i bokhylletvangslidinga mi og SKUBBA INN alle bøkene, og stabla nye UTANFOR. Vips, dobbel plass i bokhylla.

Ei bokhylle som inneheld 125% fleire bøker enn den ser ut som.

Brått blei rommet ryddig, etter den lokale standarden.

Bokhylle med 125% fleire bøker enn det ser ut, eit lite sofabord og ein flik av ein hjørnesofa som kan bli dobbelseng når svigerforeldra mine kjem i jula.

Og skrivebordet mitt? Ryddig! Så ryddig som det kan bli!

Dei polske arkeologane grov fram ein pult.

Dei polske arkeologane børsta bort alle bøkene og pultens opprinnelege kontekst viste seg å vere ei oppslagstavle.

Ja, og så var det dette med kvifor julekalenderlukene på bloggen ikkje kjem pent og pynteleg på rette dagar. Det er fordi eg har kopla meg frå internettet. Altså det trådlause. Eg har sett meg sjølv under administrasjon. Og då har eg altså berre sporadisk internett.
Kvifor? Eg er ikkje internettmoden. Eg klarar ikkje skrive når det finnes internett. Så there you go.

Advertisements