Ja, det ER advent. Og det begynner å piple fram pynt i krokane her. Julepynt er i sin eigenart maksimalistisk og orientalsk, det er nypussa messing og raudt og gull og glitter, og på ingen måte noko som passar i vanlege norske heimar. Det hender eg ser i slike blad og bloggar som handlar om interiør (helst sjelden, sidan eg blir irritert og sur og føler meg mislukka av det), og har fått med meg at slike som har smakfulle heimar også har klart å gjere julepynt til noko kvitt og liksomøkologisk og smakfullt i dei kvite og liksomøkologiske heimane sine.
Men trass i at eg har relativt dårleg smak og er lite interiørinteressert, forstår eg då såpass at heimen min ikkje blir kvit og liksomøkologisk og shabbychic og sval skandinavisk av å kleise opp nokre heimebundne hasselgreinar og glasenglar.

Så her går det i like fargerik og ustileg pynt som heimen er fargerik og ustileg.

MEN. Det er alltid eit men. Eg har fått ei sånn tvangsgreie med at ein pyntar til advent med lilla og til jul med raudt.
Og det kan liksom ikkje vere samstundes.

Så her er eit fleirledda nytt spørsmål til dei klokaste folka: Lesarane.

Pynter du til advent med lilla? Lilla lys i adventstaken og evt andre lilla greier? Og i så fall, er du purist? Eller tyt det fram raude juleroser og kvite og raude amaryllisar og rosa og lilla sviblar og små nissar i gilde fargar om ein annan? Og om du er ei av desse med sval skandinavisk heim og utelukkande kvit, minimalistisk pynt, kva gjer du når ungane kjem drassande heim med maksimalistisk, slurvete, fargerik og smaklaust pynt dei har laga sjølv?

Du veit vel at om du har det veldig gjennomført og smakfullt heime, dukkar det opp slike ikea-namn og prisar på netthinna hos gjestene, akkurat som i heimen til han der i Fight Club?

Reklamer