«Siden jeg ikke feirer advent (er ikke kristen), men kun feirer jul/midtvinter, så pynter jeg ikke til advent,» seier Elin i kommentarfeltet under luke 7.
Kva er det med denne julefeiringa, då? Adventen? Eg kjenner nokre katolikkar som tar advent veldig alvorleg, og eg kjenner nokre åsatrufolk som tar jul/midtvinter like alvorleg. Men alle me andre då? Som verken er spesielt kristne, eller spesielt noko som helst anna?
Kva i all verda driv me med, når me tenner eit nytt lys i staken kvar søndag fram mot jul, bakar med det smøret me får tak i, vaskar vindu og heng opp stjerner i vindauga? Driv me med kristen tradisjon i praksis, og gir dei religiøse rett i at me er «født kristne»?

Eg trur jo ikkje det.
Eg trur på tradisjonar som ordnar verda og livet og året og kvardagen.
Eg trur på rytme, på gjentaking, på orden i kaoset.
Eg trur tradisjonane skapar tryggleik, ro og gode forventningar.
Me ordnar dei skiftande årstidene med overgangsriter, me lagar feiringar av bursdagar, nasjonaldagar og høgtider, forutseielege og årvisse.
Me ordnar månadene med faste lønningsdagar og forfallsdagar.
Me ordnar vekene med faste fridagar.
Dagane med måltider og faste tider for arbeid, skule og aktivitetar.

Den mektigste bærar av tradisjonar er familien. Me som er foreldre skapar barndommar. Me lærer borna våre korleis livet er rytmisk og ordna.
Me rydder verda for dei, og dei leverer same orden vidare.
Frå foreldre til barn, generasjon etter generasjon. Århundrer etter århundrer. Årtusener etter årtusener.
I våre tradisjonar finnes eit ekko av familietradisjonar frå før kristendommen, før vikingtida, før alt me veit noko sikkert om.

Skikkane er farga av si tid, men grunnstemninga er kan hende uforandra.

Og for å ikkje gjenta meg sjølv for mykje, kan eg lenke til jula i 2007.

Advertisements