Stikkord

, , , , ,

Eg kunne absolutt ha blogga om den absurde sidemålsdebatten, som plutseleg handlar om at folk som har nynorsk som hovudmål er mest bekymra for alle andre enn seg sjølv.

Mot at borna mine skal lære å skrive skikkeleg bokmål: Kristin Halvorsen (Foto: Berit Roald, Scanpics)

Eg meiner: KVA I HULASTE INSTE HELVETE meiner Kristin Halvorsen med at MINE ungar ikkje skal ha skikkeleg BOKMÅLSUNDERVISNING? Hæ? Skal eg måtte velge bort nynorsk som hovudmål for ungane mine for å sikre meg at dei klarar å skrive rapportar, epostar, søknadar, reklametekstar og kronikkar på bokmål? Trur ho at me som har born i nynorskkommunar ønsker at ungane våre ikkje skal kunne det mest vanlege hovudmålet her til lands? Hæ? Eg er glad for nynorsken, men eg er då for faen ikkje interessert i at ungane mine ikkje skal få ha skikkeleg sidemålsundervisning berre fordi det skal vere LIKT FOR ALLE og byfolka ikkje vil lære nynorsk!

Eg kunne blogga om englane til Märtha, men eg er på avvenning.

Fastelavnsbolle med Margarin

Eg kunne blogga om Norcon 26, og om Øystein Runde som er så søt som ei fastelanvsbolle, og China Mieville som heilt klart har ein slik hjerne eg vil dra på ferie med, og om korleis det gjekk opp for meg at eg faktisk ER meir heime på Norcon enn på Sigrid Undset-dagane, og at det ikkje handlar om fantasynerding, men om å vere oppteken av IDEAR framfor å dyrke form og språk som einaste viktige faktor ved litteratur. Og eg kunne blogga litt om kjønnsroller, og om korleis kvinner og menn blant publikum på Norcon var forbløffande like, mens kvinner på litteraturfestivalar sånn elles er mykje meir trongkledde og utringa og kjønnsstereotypiske (og då snakkar me kultureliten), og menn på slike kulturelitefestivalar også er mykje meir mannete (anten påfallande dårleg kledd eller direkte sexy). Altså igjen, mykje form og stil blant litteratar flest, og mykje meir innhald og substans blant nerdene. Ikkje overraskande, kanskje, men påfallande synleg likevel.

 

 

 

Mykje å blogge om, men eg skal liksom helst bruke krutet på å bli ferdig med manus.

Advertisements