Det er no fem år sidan første bloggposten her, som eg vil sitere i sin fulle lengde:
Eg ønsker meg sjølv hjarteleg velkommen til mi eiga blågg. Eg vart så oppteken med alt dette at eg gjekk glipp av Mytekalenderen i dag, men la oss tru det var eit godt val.
Eg hadde hengt kring i andres bloggar ei tid, og hadde nokolunde grep om kva eg likte å lese, at postane ikkje skulle vere for lange, gjerne ha bileter og vere upretensiøse og morsomme, og eg visste at eg likte bloggarar som faktisk svarte på kommentarar.
Det var likevel mykje eg ikkje hadde peil på, og som eg aldri fann ut av. Takka vere Undre, som køyrde krasjkurs i wordpress samstundes med at eg var nyetablert, hadde eg alltid nokon å spørje.
Men hovudregelen var: Køyr på, publiser framfor å tenke for mykje, blir det noko skit kan du berre slette.
Eg sletta lite. Kan knapt hugse eg har sletta noko, faktisk.
Det har skjedd mykje med internett sidan 2007. Den største endringa er at nettet er blitt profesjonalisert. Det betyr ikkje at det naudsynleg er blitt betre, men at pengedrivne aktørar er inne på ein heilt annan måte enn for fem år sidan. Både som leverandørar av publiseringsverktøy, og som innhaldsleverandørar. Kvar einaste butikk, kvart vesle firma, kvar store mastodont, og alt mellom, er på internett. Anten på eiga hand, med heimesider, bloggar eller kontoar på andre portalar som aldri blir oppdaterte eller leste, eller ved hjelp av reklamebransjens digitale ålebestand, som får firma til å tru at det er ein kjempeide at dei ansatte bruker twitter framfor å utføre kva dei no enn er ansatt til.
Internett er framleis kjempegøy, og sidan utviklinga no er pengedrivent enorm er det rikeleg potensiale til å kjenne seg som ein n00b, også for oss som har budd her sidan Bergen var hovudstad.
I går fann eg ut at eg skulle legge ut noko på Facebook, noko om boka eg skal gi ut til sommaren. Du veit, slikt som folk kan klikke «liker» på, og dele med andre, og kanskje vil ein og annan stakkar der ute, som verken kjenner meg eller har høyrt om boka mi før, få lyst til å lese den.

Song for Eirabu, Vargtid: No også på Facebook, lzm.
Så eg gjorde akkurat det same som då eg starta blogg, eg tenkte ikkje så mykje, berre publiserte.
Det tok omlag 15 sekunder, så kom første tilbakemeldinga:
Men hvorfor har du laget gruppe og ikke side? Ville det ikke fungert bedre med en liker-side? Er det ment å være en litt intern greie? Dette er jo ting som burde være lettere å lete opp og «like» for alle folk? Grupper er mer interne og fungerer på en litt annen måte.
Akkurat.
Så då oppretta eg ei side.
Etter nokre timar kom det epost frå redaktøren min:
En liten ting bare… ser du har opprettet både gruppe og side. Hva tenker du der?
Det er veldig fint å bli overvurdert av forlaget sitt. Eg gøymer framleis i hjarta den fine kjensla då Tiden-sjefen (riktignok heime på terassen vår, og riktignok klokka fire om natta, og riktignok ikkje edru) ropte:
Du kan skrive hva som helst, Kristine! Hva som helst! Du forstår ikke selv hvor fantastisk du er!
Men det hender ein må realitetsorientere. Så svaret eg sendte redaktøren i dag var:
Tenker og tenker. No må du ikkje overvurdere meg.
For meg er internett ein stad der ein kan tenke nøye gjennom, undersøke, sette seg inn i, analysere…eller berre publisere.
Eg ser at eg tilhøyrer ein naiv generasjon, og samstundes er det noko ved internettets eigenart som innbyr til prøving og feiling. I episk skala, samla sett. Aldri har så mange publisert så mykje informasjon som nettopp på internett den siste halvtimen. Og trass i proffanes tannkremkvite, stivt smilande, sjølvsikre inntog, så er det meste av det som blir publisert lite gjennomtenkt. Internett er først og framst ein helsikes masse ræl.
Men gøy.
Så kan det vere eg må slette den der fb-gruppa. Eller ikkje. Me får sjå. Eg har ikkje tenkt å tenke så mykje på det.