Eg får ein god del treff på bloggen min frå søkemotorar, der folk har skrive slikt som:

Bård Ylvisåker kone

Bård Ylvisåker kanel

Bård Ylvisåker badekar

Kjære internettbrukarar: De finn ikkje Bård Ylvisåker i badekaret her. Verken med kanelbolle eller kone.
Det er kanskje best at de sluttar å leite, eg trur Bård må få lov å vere i fred saman med kona si, kanelen sin og badekaret sitt.

Eg rår til at du bakar dine eigne skillingsboller, fyller i ditt eige badekar, og unner deg den lukka det er å ete søt gjærbakst medan det meste av kroppen er nedseinka i vatn. Eg trur det er det næraste du kjem det du leitar etter. For eg trur du leitar etter lukke.
Eg trur du leitar etter noko varmt og fint og omsorgsfullt. Noko du kanskje aldri heilt har fått taket på. Eit sakn etter noko som er vanskeleg å finne ord for.

Du er ikkje aleine.

Advertisements