Stikkord

Det er alltid litt teit å starte eit blogginnlegg med å orsake at ein ikkje skriv oftare. Så det skal eg ikkje gjere. Og dei aller fleste som er innom her har vel fått med seg at eg er i den lange, seige innspurten med manus, så det treng eg heller ikkje nemne.

At det er vår ute, med krokusar og påskeliljer og sikkert kvitveis for dei som har vågd seg ut i grøftekantene, det treng heller ikkje tematiserast, i alle fall ikkje så lenge eg ikkje veit meir om våren enn ein finn ut ved å løfte blikket frå pc-skjermen og kikke ut vindauga.

Så alt i alt har eg ikkje så mykje å seie, anna enn at eg er bittelitt lukkeleg over å sjå at manus no nærmar seg ferdig, og eg gleder meg sinnsjukt til å dra til Lillehammer litteraturfestival og lese frå boka i Parken fredag første juni, og eg gleder meg endå meir sinnsjukt til å halde lanseringsfest i Oslo 21 juni, sjølve midtsommarnatta. Eg kjem attende med kva utestad me skal halde fest, og håper at både nettvener og Eirabuvener stikk innom.

Men først: Gjere ferdig siste finpuss på manus før språkvask og korrektur.

God påske!

Advertisements