Stikkord

, , , ,

Meme, det er sånn greie ein driv med for å halde liv i bloggen når ein ikkje kan tenke, men også ein gamal rest, liksom, frå dengong bloggane hang saman som ein vev i veven, og me lenka til kvarandre og kommenterte hos kvarandre og mema rundt, liksom.

Alt godt har mema. Og det passar jo bra i dag.
Ho er hakket meir glamorøs enn meg, får me vel seie.

• Dagens leppestift/lipgloss: Lypsyl.

• Dagens duft: Eg har ikkje dusja i dag, så eg luktar vel litt sovelukt pog febersveitte.

• Dagens sko: Grå ulltøfler.

• Dagens smykker: Gifteringen.

• Dagens bok (altså den du les no): Under heaven, av Guy Gavriel Kay.

• Siste avis du las: Klassekampen.

• Siste musikk du høyrde på: Noko symfonisk rock bror min spelte for oss i påska. Yes, trur eg. Han dreiv med vaksenopplæring, men eg var ikkje heilt innan pedagogisk rekkevidde.

• Siste film du såg: Notting hill. Faktisk. I går, saman med dotter mi. Eg hadde nettopp målt 39 grader UNDER ARMEN, og erklærte meg derfor sjuk nok til jentefilm og svarte rockere (dei GODE seigmennene).

• Siste reise du var på (innanlands/utanlands): Innanlands: Fjelberg i påska. Utanlands: Har vel ikkje vore utanlands sidan i fjor sommar. Danmark, som vanleg. Eg er dansk gift. Nuff said.

• Siste nettstad du var innom før denne bloggen: VG. Eg vil eigentleg ikkje lese om han der terroristen og diagnosane hans, men eg klarar ikkje la vere.

• Siste te/kaffe du drakk: Den der ayur-vediske ingefær/sitron-teen.

• Siste setning du sa: Uhell kan skje alle (til dotter mi).

• List opp tre ting frå veska di: Pung, nøkkelknippe, lypsyl.

Advertisements