Ti dagars manusarbeid att. Det er heilt sjukt. Eg sit med språkvasken no, og det er ikkje så frykteleg mykje igjen. Deadline om 9 dagar. Og så er det korrekturen seinare. Det er rart med det, etter 6 år er Eirabu snart til endes for mitt vedkomande,. Eg er så spent på om dei som likte førsteboka vil elske andreboka, og eg håpar sjølvsagt at anmeldarane skal bli glade, og at VG skal gi meg ein femmar og sånn.
Det er ikkje så mange som har lese. Redaktør og ektefelle og forfattarvenninne og konsulent.
Kanskje me er blitt fartsblinde, kanskje eg ikkje klarte alt det eg ville. Men eg klarte dette
«Imponerende verk, rett og slett. Språkvaskeren gråt underveis.»
Og så, då. Kva skjer etter eit intenst arbeid som er så krevjande og oppslukande at ungane mine har lært å lage middag sjølv?
Då er det ut i verda.
Eg skal til Berlin først, og besøke ei veninne eg er så glad i. Ho var den einaste av venene mine som besøkte meg i Danmark dei 7 åra eg budde der, og no vil eg sjå korleis ho har det i utlendigheit sjølv. Eg gleder meg veldig.
Så er det Lillehammer litteraturfestival, der eg er invitert til å både lese frå boka, og til å skrive ein pengetekst å lese opp. Begge delar 1 juni, så det blir den skumlaste og finaste dagen på festivalen for meg, men eg kjem til å vere der frå onsdag til søndag, møte masse folk, høyre mange forfattarar, drikke masse vin og kose meg ein bonk.
Men me gir oss ikkje der. Ei veke i Spania med ungane, berre eg og mor mi og dei finaste ungane i verda, stranda og himmelen og sola og alt som er godt her i livet.
Og SÅ, veit du, SÅ er det lanseringsfest i Oslo. 20 juni. Ferdig bok i neven og rart og lukkeleg og sikkert litt på grinen.
Og DÅ er det sommarferie.
Elsk.
Jeg gleder meg i hvert fall veldig til andre bok. Det har jeg gjort siden jeg klappet sammen den første boka sommeren for snart tre år siden.
Lykke til!
Ah. Følelsen av landkjenning. Gratulerer!
Jeg kan bare signere på Elins innlegg egentlig. Lykke til med innspurten, Kristine 🙂 Vi gleder oss masse til å lese det endelige resultatet av mange års hardt arbeid.
Gratulerer og lykke til! Det blir stas å få lese boka.
Gratulerar!
20. juni, seier du? Det er notert. Har me som har førehandsbestilt fått boka i posten til det, slik at me kan ta ho med og få ho signert? Håpar det 🙂
Ha ein strålande vår!
Hei Kristine,
Jeg ville bare gjøre deg oppmerksom på denne hyggelige svenske omtalen av Song for Eirabu(hvis du ikke allerede har sett den da):
http://bokmarika.blogspot.com/2012/05/song-for-eirabu-bok-1-slaget-pa-vigrid.html
Det er VELDIG imponerande av ein svensk lesar!
Kommer vi til å få muligheten til å kjøpe en begge bind samlet i en boks/bok?
Det veit eg ikkje, Quasi. No er jo bok 1 komme som pocket, og då blir det sannsynlegvis bok 2 som pocket også, og ikkje ei samla hefta utgåve. Men eg gjetter berre.