Stikkord
Fridom er eit anna ord for ingenting å miste, song Janis Joplin.
Det er ikkje heilt denslags fridom eg kjenner på desse dagane, men fridommen til å skrive kva eg vil. Eg hiv meg ut i små, hovud- og halelause skriveprosjekt. Fridommen til å gå i kva retning eg vil. Eg kan skrive for vaksne, eller for ungdom, eller for born, eller gi blanke i alderskategoriar. Eg kan skrive fantasy eller krim, eg kan skrive skodespel eller blogg, eg kan skrive dikt eller kronikkar. Eller ingenting.
Lesarane av bloggen kjenner meg på éin måte, lesarane av Song for Eirabu på ein annan.
Kva som er forventa av meg? Anar ikkje. Det er ikkje viktig. Mykje mindre viktig enn ein skulle tru, etter seks år med eitt prosjekt. Det einaste som er viktig er kva eg kan og vil skrive.
Ver kommersiell, oppmodar enkelte. Javel, og kva betyr eigentleg det? Om eg freister skrive noko som liknar noko anna som har solgt bra før, er det slett ikkje sikkert eg får det til. Eller at lesarane vil ha det.
Ver litterær, skap kunst, oppmodar andre. Javel, og kva betyr så dét? Gjer ein ikkje alltid så godt ein kan, med dei evnene og den tida og den erfaringa ein har rådvelde over? Om nokon meiner Eirabu-bøkene er kunst, om andre meiner dei er kommersielle, eller om nokon måtte meine bøkene mine ikkje er nokon av delane, kva skal eg bruke det til?
Du må sleppe deg laus, sleppe kontrollen, våge noko, får eg høyre. Joda, eg kan både riste laus og vere kaotisk og modig, men eg veit framleis ikkje kva eg skal skrive. Kva eg skal spandere dei neste skriveåra på. Kva veg dette ber.
Det er fridom. Å enno ikkje ha bestemt seg.
Frihet i en liten eske. Tok du ‘an? Og så må jeg bare korrigere deg angående Bobby McGee. Frihet er å ikke ha mer igjen å miste. Løgn, selvsagt.
Nyt friheten!
Jeg vil anbefale å ikke bruke de neste førti årene på å lage en masse løsark som skal bli til eirallion mens du tjener penger på å holde mumleforelesninger om gammelnordisk. Det har vært gjort før.
Uansett, det er vel på sin plass med en Gratulerer!
Hahaha!