Stikkord

,

I tradisjonelle og sosiale medier debatteres boklov, og Konkurransetilsynet, lesarar som ønsker seg billegare bøker og distributørar synes samde om at boklov er ein dårleg ide, mens forfattarar og forlag gjerne vil ha boklov. Eg lytter til alle argument, og er verken sentimental eller interessert i kartellverksemd. Ikkje er eg økonom, ikkje er eg forleggar, ikkje kan eg drive butikk og ikkje har eg overblikk over kulturfeltets mange irrgangar.
Men enkelte gjengangarar i argumentasjonen mot boklov ser ut til å vere tufta på manglande kunnskap om korleis ein roman blir til. Og det har eg dei siste åra lært noko om, og vil derfor gjerne tilby litt informasjon til dei som måtte vere interessert.

Påstandane er: «Forfattarar bør publisere sine eigne romanar»
og «fri konkurranse på marknaden aukar kvaliteten på romanane».

Først: Kva er ein roman? Ein roman er eit langt stykke prosa som inneheld noko feil, seier Neil Gaiman, og sidan han er ein av dei forfattarane som både er svært produktiv, seriøs og skriv nyskapande kvalitetslitteratur, kan han neppe ta heilt feil, tenker eg.
Eit langt stykke prosa er noko anna enn eit kort stykke prosa. Og noko feil er annleis enn mykje feil.
Er det relevant informasjon? Oh yes. Eg kan skrive ganske gode korte tekstar heilt på eiga hand. Eg twitrar, skriv på facebook, og skriv epostar, og for å la all ukledeleg audmjuke fare: Eg skriv bra. Til tider glitrande. Eg kan til og med skrive ganske ok kronikkar og bloggpostar, utan nevneverdig hjelp. Tilbakemeldingar frå vener kan vere greit, og lesarane på bloggen korrigerer meg fortløpande. Men alt i alt, korte tekstar skriv eg feiande flott utan profesjonell hjelp. Eg publiserer dei heilt sjølv. Ingen forlag, ingen redaktør, ingen konsulenthjelp, ingen fordyrande mellomledd. Ingen inntekt heller, forsåvidt, men fort gjort i ein port og alle er happy.
Bloggpostar er lette å skrive, eg kan gjere det innimellom anna arbeid eller på seint på kveldstid. Pur skriveglede, til fri og gratis lesing på nett.

Romanar er lange tekstar. Så lange at dei er uhandterlege for forfattaren. Så lange at det som i det små er venleiksplettar og småfeil veks seg til store, begredelege feil. Litt rusk i ein bloggpost tåler du. Ein roman med gjentakingar, språkblomar og eit plott som heng på midten, det vil du ikkje ha.
Eg har lese andre sine uferdige tekstar, romanar under skriving. Det er ikkje så spanande. Rørande, beroligande og ei tillitserklæring, ja. Men vegen frå skisse til verk går ein på knea, vil eg gjerne sitere Milan Kundera for å ha sagt (men han siterte nokon andre, som eg ikkje hugser i farta).

Eit førsteutkast til ein roman er hefta med all the above, og meir. Sjølve strukturen i romanen, måten plottet er bygd opp på og fortalt på, er gjerne prega av at forfattaren ikkje visste heilt kvar han eller ho var på veg, eller at forfattaren er veldig begeistra for (noko ved) ein av karakterane, eller har hengt seg opp i noko som er meint å vere spanande, men som for ein uhilda lesar blir forutseieleg og daft. Språket er gjerne betre i slutten av boka, men ein finn stort sett gjentakingar, pinleg metaforbruk, lange, indre monologar, keisame skildringar og jattete dialogar, for ikkje å snakke om dei litterære virkemidla som ser ut til å vere brukt etter intuitiv innfallsmetode.

Dette er den boka som blir publisert om forfattaren skal drive sjølvpublisering.

Dersom boka blir utgitt på forlag startar den store jobben når førsteutkastet er skrive. Redaktøren utfordrar forfattaren, først på struktur og plott, på karakterane si utvikling og på kven som skal få plass, og kva som kan kuttast ut. Så må ein skrive heile boka om att.
Er ein heldig treng ein berre skrive boka om att ein gong før ein har funne strukturen.
Så blir ein utfordra på eit meir detaljert nivå, på keisame partier, spaningskurver som må samkøyrast, kapittelavslutningar, og igjen, – karakterane, strukturen, innhaldet.
Etter denne jobben kan det vere nyttig med ei gjennomlesing av konsulent eller «vanlege lesarar» (slike som meg, til dømes). Ein som les manuset for første gong etter det er gjennomskrive 3-4 gonger vil oppdage nye svake partier eller babies to be killed.
På dette tidspunktet anslår eg at min redaktør har brukt eit par månaders full arbeidstid på meg, sjølv har eg brukt minimum to år.

Så er det konsulentlesing og språkvask, som gjerne avslører endå meir rusk enn ein trudde var mogleg. Ny bearbeiding. Ny redaktørlesing. Og så er det korrekturen til slutt. Det krever sin mann å lese korrektur på mine bøker, eg skriv eit passe liberalt nynorsk krydra med gamle ord og dialektinfiserte bøyningsfeil, så det eg får att er eit manus med tusen merknader, som kvar og ein må lesast og godkjennast eller avvisast. Enkelte av merknadene krever at eg skriv om eit avsnitt, og blir det mange slike må manuset korrekturlesast på nytt.

Då har det gått tre år, ja, eg snakkar ut frå eigen erfaring og mine bøker har tatt tre år kvar.
Forfattaren er stort sett ferdig med jobben, redaktøren må kode seg gjennom heile manuset før det kan sendast til ombrekking.

Og først då, mine damer og herrer, har me eit manus som er ferdig.
Først då skal trykkeri og transport og distribusjon overta.

Nevnte eg omslag? Katalogtekstar, baksidetekst, møter med bokhandlarane, marknadsansvarlege og presse? Nei, eg gjorde ikkje det. Eg har berre snakka om å lage eit trykkeklart manus. Ein roman.

Det er ikkje ein magisk forskjell på sjølvdistribuerte bøker og bøker som kjem ut på forlag.
Romanar oppstår ikkje på magisk vis mens forfattarar sit i badekaret og tenker.
Trykkeklare manus er resultatet av hardt og tidkrevande arbeid, i samspel og motspel med profesjonelle romanhandverkarar.
Det er ikkje fri marknad som gjer meg god. Det er redaktøren min.

Resultatet er eit langt stykke prosa som inneheld noko som er feil. Og gidd ein ikkje gå heile den vegen, på knea, blir resultatet dårlegare. Kan hende så dårleg at det er litt meiningslaust å utgi det, tenker eg.

Advertisements