I dag går boka i trykken. Det er rett og slett ikkje meir eg kan gjere med den. Det som måtte stå att av feil og manglar må berre vere der.
Då første boka mi gjekk i trykk visste eg ingenting om kva som skulle skje vidare, utover at eg skulle skrive oppfølgaren. No veit eg meir og mindre. Eg veit at boka mi frå i dag av ikkje lenger er mi. No er det lesarane som overtek, som vel å kjøpe, låne eller la bli i hylla. Som vel å lese, leve seg inn i, undre seg, la seg forføre, eller ikkje. Som vel å fortelje andre om den, rose eller rise, blogge eller teie. Boka er ute av mine hender, over i dine.
Og soga om Eirabu er over for meg, eg skal ikkje skrive fleire bøker om dette universet. Alle kart og notater, tidslinjer, slektskart og kalenderoversitker, bakgrunnshistoriar om karakterar og bikarakterar som ikkje fekk vere med – alt skal pakkast ned i ein kasse og stillast i kottet.

På eit vis er det vemodig, på eit vis ei lette. Eg skal ut på festivalar og arrangement, lese og prate og diskutere. Eg skal ut på skular og ha workshops og lese frå bøkene. Heilt kvitt Eirabu blir eg ikkje på lenge. Men kjensla av at bøkene ikkje er mine lenger, i alle fall ikkje berre mine, er ei god kjensle. Einsemda i skrivinga er over, no er bøkene mine eit sosialt prosjekt, no er dei noko eg og lesarane har saman.

Og denne veka skal eg tilbringe på den grønaste greina. Eg skal til Lillehammer litteraturfestival, og både lese frå boka, lese annan tekst, og møte fine folk. Mor mi er med i år, det er stas. Gamle vener kjem til å dukke opp overalt, nye vener vrimlar i gatene og på arrangementa.

Har du lyst til å høyre på meg, er det berre å komme på fredag. Klokka 11 i Parken (gratis) og klokka 21 i Banken (sånn der kveldsarrangement med mange andre, så det kostar pengar).

Snakkes?

Advertisements