Stikkord
For første gong på årevis skal eg berre chille, lese og ikkje skrive.
Kanskje du og skal lese nokre bøker, og treng noko som er skikkeleg fint og veit ikkje heilt kva?
Dersom du gjerne vil lese ei bok som har sin eigen, zenaktige eleganse, samstundes som den byr på episke intriger, innblikk i Tangdynastiets dekadanse og fall, ein sympatisk helt, vakre kvinner, samt bittelitt magisk dryss, kan du alltids lese Guy Gavriel Kay sin Under heaven.
Men kanskje du vil ha ei litt kortare bok, og litt meir eventyr, og kanskje lurer på korleis ein heilt og aldeles perfekt bok kan skrivast om å vekse opp på ein kyrkjegard? Då kan du lese Neil Gaiman sin Kirkegårdsboken.
Men for alt kva eg veit så treng du den Store Amerikanske Romanen, og kanskje du finn Jonathan Frantzen veldig jabbete, og kanskje trur du, som eg, at slikt er best å overlate til ein engelskmann, då er det jammen fint for deg at Neil Gaiman sin American Gods kjem på norsk i august. Eg håper veldigveldig at omsetjinga er boka verdig, for dette er boka alle heimar bør ha i hylla. Om du ikkje har ei hylle eingong, så kan du alltids bygge ei bittelita hylle berre for denne boka.
Og skulle alt skjere seg og veret blir dårleg og du treng endå fleire bøker, kan du jo alltids sjekke om det finnes noko av Siri Hustvedt du ikkje har lese. Eller Huraki Murakami.
God sommar!
Eg skal i alle fall lese American Gods, når den kjem på norsk. Eg er liksom litt dyslektiskaktig når eg les på engelsk. Ellers i sommer skal eg lese deg, Egeland (Nostradamus testamente) og GuiIlou (Brobyggerne), desse tre bøkene er tjukke og lovande og eg gler meg hemningslaust.
Jeg leser deg jeg; du fikk meg til aa graate paa side 168, paa stranda i Biarritz. Det er fantastisk. I morgen blir de med til San Sebastian. Hele gjengen.
*liker dykk*