Stikkord

Song for Eirabu, bok 2, Vargtid kom ut i juni, og eg har derfor hatt ferie. Slik ikkjeforfattarferie, med heilt fri og ut på tur og andres bøker i kofferten. Dessutan har eg vore utan mobiltelefon, så om vener eller presse har ønska kontakt, har dei stort sett ikkje fått det. Og jada, klart det har vore merkeleg, men fint likevel.

Me driv med matauk heime hos oss. Heile sommaren er prega av matauk.

Sjøen har vore raus i sommar, me har trukke opp bøttevis med pir, torsk og annan fisk. Eg har derfor, endeleg, lært meg å filetere fisk. Beinfrie filetar gjer fiskemiddagane ufatteleg mykje meir populære.

Ungane er blitt store nok til å halde ut dei laaange minutta då ingenting bit, og har forstått konseptet med fisking: Det er både keisamt og spanande, og får ein først fisk blir ein så ivrig og lukkeleg at ein kan halde ut i timesvis.

Laurdag var eg ute aleine nokre timar, i den blå Askeladden. Det var flo, blikkstille sjø, og regndropane fall kring båten med lyden av bit. Tre fine torsk, og middag til alle.

Kjøkenhagen har eg ingenting med å gjere, det er Anders som dyrker Noreg. Gulrøter, pastinakk, squash, sukkererter, kål, salat, krydder av alle slag, poteter, sylteagurkar, tomater, mais. At sola stort sett gøymde seg og regnet silte sommaren gjennom, har ikkje stansa knollar og stengler, men nattefrosten må gjerne vente om mais og tomater skal modnast.


Me har plukka bær, sylta og bakt. Ungane er fantastiske bærplukkarar, og å ta med ein unge på bærplukking er ein utmerkt måte å få vite ALT som opptek dei. Praten går så fint mens ein står der og fingrar med kvar sitt bærkratt i skogen. Og kjappe, små fingrar reinskar bær betre og raskare enn me vaksne kan drøyme om.

Kan hende er forfattarlivet fint, men mammalivet er finare.

Advertisements