• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: september 2012

Boka som enno ikkje finnes

28 fredag sep 2012

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 10 kommentarer

Eg har komme så langt:

  • Ei wordfil med ein arbeidstittel
  • Eit barnerim
  • Eit Jane Austen-sitat eg har tenkt å følgje
  • Slektskart over tre kvinner sine foreldre, søsken, born, ektefeller, svigerforeldre, svigerinner og svogre, og elskarar
  • Ei kjensle av fridom
  • Ein tekst på to sider som ikkje skal stå i boka, men som er noko av det eg vil boka skal bli
  • Ein begeistra forleggar

Oslo forfattarfesjå

19 onsdag sep 2012

Posted by Avil in Ut blant folk

≈ 5 kommentarer

Stikkord

death match, erlend loe, tekstar, vinne

Oslo bokfestival er ikkje som andre festivalar.

Forfattar les opp frå bok, eit vanleg syn i Oslos gater.

Midt i hovudstadens sentrum, overalt kvar ein freister få seg ein stille kaffikopp, sit det forfattarar og les høgt frå bøker, eller pratar om bøker dei har skrive. Stort sett eit fesjå, der årets bøker ligg i stablar til sals i telt kring scenene, og verken opplesingar eller intervju har så frykteleg mykje temperatur over seg. Men festivalstemninga var upåklageleg, og det er (motsett kva ein får inntrykk av i kritikken mot festivalen) INGENTING galt i å ville selje bøker. Meiner eg.

Fredagskvelden dumpa me inn i eit ikkjeoslobokfestivalarrangement, nemleg poesislam på Nasjonalbiblioteket, der Ellisiv Lindkvist kom på ein formell andreplass, men for meg var ho sigerskvinne med forbaska gode tekstar.

Laurdagen sneik eg meg inn på bokbloggarane sitt treff i Gyldendalhuset, og paradoksalt nok var eg alt for sosialfobisk sjenert til å mingle med folk, men slett ikkje flau for å delta i paneldebatt.

Om kvelden var det Litterary Death Match, som eigentleg er ein tullekonkurranse driven av ein ufatteleg amerikansk fyr som gnålte om donations, men det er gøy å vinne. Og tullekonkurranse eller ikkje, Erlend Loe sa at teksten min var litterært suveren, og eg fekk gullmedalje.

Søndagen fekk eg vere ein av desse keisame forfattarane som las litt frå bok på scene.

Heldigvis innehaldt dagen også eit mullamøte. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur.

Oslo bokfestival

10 mandag sep 2012

Posted by Avil in Ut blant folk

≈ 6 kommentarer

Stikkord

fantasy writer, poetry collection, stellar lineup

Denne veka er det bokfestival i Oslo! Eg deltek på festivalen med både debatt, Eirabu/fantasy-snakk og nyskriven tekst.
Først er det bokbloggtreffet i Gyldendalhuset på laurdagen.
Det blir stas, og kanskje litt skummelt.
Laurdag kveld, 15 september, er det duka for litterær dødskamp:
Klokkeslett: 20:00
Sted: Spikersuppa
Scene: Victoria jazzscene

Søndag 16 september er det bokprat med fine folk:
Klokkeslett: 14:30
Sted: Spikersuppa
Scene: Saras telt
Tema: Årets skjønnlitteratur
Eivind Hofstad Evjemo (Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet), Line Berg (Skrottene), Kristine Tofte (Song for Eirabu) og Kjersti Annesdatter Skomsvold (Monstermenneske) møtes til samtale.
Programleder: Selma Lønning Aarø.

Når det gjeld laurdagen:
Oslo bokfestival har ikkje offentleggjort deltakarar og jury, men det har Litterary Death Match i USA gjort:
The stellar lineup includes four writers — each will read their own work for seven minutes or less — including writer/scientist/performance artist Demian Vitanza (author of Urak), psychologist/fantasy writer Kristine Tofte (author of the Song for Eirabu series), the outstanding Marianne Clementine Håheim (author of the poetry collection Murmurs), former Rød Ungdom leader and author of De superrike, Mímir Kristjánsson.

They’ll be judged by a trio of all-star arbiters, including star cartoonist/illustrator Flu Hartberg (author of Horgan, and member of the Dongery cartoonist community), theatre director and actor Terje Skonseng Naudeer (featured in Himmelblå), and one more to be named shortly!

Resten av programmet finn de her: Oslo bokfestival.
Det er nok å velge mellom, for å seie det slik!
For mitt vedkomande er festivalens motto: Kristine gjer ting ho ikkje kan.
Og av ei eller anna grunn får eg lyst til å vise fram eit fleire år gammalt bilete av meg med Eirabu-veska mi, som Lise sydde. Det er elles den geniale festivalveska, eg får med meg ein bunke A4-ark, pc, bøker og alle kleda eg skal bruke, vips borte i veska.

Kristine gjer ting ho ikkje kan: Som å posere med veske.

Ja, eg ser smashing ut på dei bileta. Eg har tragisk ventehår for tida, samlar frå ein kortkort sidecut til litt meir lengde (eller laaaangt, som eg tenker inni meg). Når eg ser dei bileta tenker eg at eg burde absolutt spare til lengre hår. Og slanke meg. Og bli tre år yngre.
Då skal eg bli akkurat SÅ fin igjen:

Ikkje lett å vite kvar ein gjer av armane sine når ein poserer, nemleg.

Kyr har jur, okser har kuk

04 tirsdag sep 2012

Posted by Avil in Lesarsørvis, Mediekommentar

≈ 10 kommentarer

Å, neida, det er IKKJE opplagt for den oppveksande generasjonen at kyr er damer, og at det finnes ein mannleg versjon av same dyret, UTAN jur.

Først:

Og så, den daglege indoktrineringa. Den mannlege kua Otis, med mannleg røyst og typisk mannestereotyp oppførsel og MED jur, som er kjærast med ei anna ku (denne med kvinnerøyst, lange augnevipper og jur):


Verst av alt, den mannlege jurkua Otis er dagleg sendt som teiknefilmserie på Nickelodeon.

 

Be aware. Og ta ein prat med ungane.

Feministisk halvfabrikata

04 tirsdag sep 2012

Posted by Avil in Mat

≈ 11 kommentarer

Stikkord

bjelland, driv, frukt, noreg

Eg elskar å bake. Eg blir lukkeleg av det. Gjærbakst kan drøye i dagevis med kaldheving, og kakene mine kan ta heilt av i «snedig-oppskrift-frå-internett-og-pynta-til-karneval».

Ektefellen dyrkar Noreg, han har kjøkenhage både bak huset og framfor sommarhuset, og frå mai til langt ut på hausten driv med matauk i stor stil.

Bursdagskake med kjøtetande planter. Frå botnen av.

Me plukkar bær og frukt, og syltar eigne agurkar og gresskar, og kokar fond på søndagens økologiske and.

Det vellukka vaksenlivet er tufta på lengsla om noko ekte, reint og sunt. Me er heilt vanleg akademisk middelklasse. Alle me kjenner lagar mat frå botnen. Dei involverer borna i baking og sylting, dei fiskar og nokre går på jakt.

Innimellom ser me Bonderøven, og drøymer om eit liv der me er heilt sjølvforsynte, med åker og hønsehus, jordkjellar full av poteter og gulrøter stabla i mosekasser. Linklede og langhus, pleier me å le litt av, men eit skinn av denne draumen manifesterer seg i kvardagen: Me bruker ufatteleg mykje tid på matauk, saman og med borna, og på å lage mat frå botnen, som det heiter (sjølv om botnen synes bunnlaus når ein skal dyrke neste års avling på fjorårets frø frå eigen hage).

Me prioriterer våre eigne, private liv. Slik me også trener kroppane våre, les for borna våre, les lange romanar sjølv. Lagar julepynt av ting me har funne i skogen saman med ungane. Me, og ressurssterke folk flest.

Eg voks ikkje opp med langtidsheva surdeigsbrød i keramikkskål med linklede på kjøkenbenken. Dette er ikkje nostalgi.

Foreldra mine var feministar. Dei brukte tida si på politikk, organisasjonar og lagverksemd. Dei demonstrerte mot atomvåpen og apartheid. Dei ville endra verda, og gjorde noko, ute i henne. Samstundes med at dei hadde hus, born og jobb.

Eg voks opp med fiskeboller frå Bjelland, saus frå Toro, og favorittmiddagen min var Maxiboller.

Bilete frå bloggen «Ektepar», der bloggaren skildrar korleis Eyvind Hellstrøm har vist dei kor ekkelt det er med Maxiboller (http://www.ektepar.com/maxboller-en-epoke-er-over/)

Foreldra mine kunne sjølvsagt brune mjøl og koke kraft, men dei valgte å ikkje gjere det til kvardags. Dei valgte å bruke tida si på ut-av-huset-retta verksemd, på lokalsamfunn og på ideologi. Dei tilhøyrer generasjonen som forkasta mat frå botnen. Generasjonen som forkasta «du skal ikkje trø på graset» og seksualangst og patriarki. Dei forkasta veldig mykje av det autoritære åket me i dag slepp å tenke på, frå mektige mørkemenn og klassesamfunnets apatiske mistru til at noko kan endrast. Me er glade for den verda dei etterlot oss.

Men me er ikkje så glade i posesausen deira, den ferdigkjøpte pynten, dei ikkje-så-fine heimane, dei praktiske skoene, kulturkroppane.

Det er berre at tidsrekneskapen er ganske enkel:

Døgnet har 24 timar. Veka har sju dagar.
Eit menneske orkar berre så mykje. Det gjeld også meg. Og deg.

Foreldra mine prioriterte omverda. Eg og ektefellen prioriterer kjøkenhagen, surdeigen, soppturane og makrellfisket.

Foreldra mine effektiviserte husarbeid og matlaging for å ha tid og overskot til andre enn seg sjølv og sine eigne ungar.
Me drøyer matlaginga ut i det absurd langtekkelege, fordi det gjer oss lukkelege.

Kan hende ligg det likevel mykje god feminisme, og mykje godt intellektuelt og idealistisk arbeid i ein pose frå Toro.
Kan hende er det på tide å løfte blikket frå soppkorga og sjå om det er noko som skal gjerast i resten av samfunnet.

Sjølvgode, sjølvsentrerte og lite samfunnsnyttige julebrød. Frå botnen.

Arr

02 søndag sep 2012

Posted by Avil in Kontornytt, Lesarsørvis, Skriveprosess

≈ 2 kommentarer

Stikkord

knark, kurr, norr

Eg førebur meg til Kapittelfestival, og tekst om arr. I samband med førebuinga har eg gjort ein del fullstendig latterleg research, eller prokrastinering som det også heiter.

Her er ei liste over ord som begynner på, sluttar med, eller har i seg arr:

Ord som begynner på arr

 

I arr n1 (bm; same ord som II arr) den kleimete, piggete eller fjørforma øvste delen av fruktemnet (som sit på griffelen og) som skal fange opp pollenet; mjølfangar

II arr n1 (norr ærr, ørr) merke etter sår

 

Arrangement

arrangere

arrangementskomite

arrangør

arrest

arrestant

arrestasjon

arrestera

arrestforretning

arrestgrunn

arrestkrav

arrestlokale

arrestløyve

arrestordre

arrestrom

arrestteneste

arrete

arretere (frå fr; eigenleg same ord som arrestere) låse rørlege delar av eit fininnstilt måleinstrument

arrivere

arroganse

arrogant

arrondere

arrondissement

 

Ord som slutter på arr

aprilsnarr

bisarr

blærekatarr

gnarr (jamfør norr gnarr ‘hav’; av gnarre)1 veik vind, 2 knurring

halskatarr

harr (eigenleg ‘den mørkflekkete’) (ferskvassfisk av) art i laksefamilien med lang og høg ryggfinne; Thymallus thymallus

hoffnarr

karr (kanskje samanheng med karm) ryggstø, karm

katarr

katarr m1 (frå gr av katarrein ‘renne ned’) betennelse i slimhinne, halskatarr, blærekatarr, magekatarr

I knarr: 1 om norrøne forhold: havgåande handelsfarty med segl, 2 mindre seglbåt

II knarr m1 (av knarre) gretten kar, knark

kveldknarr: natteramn

kvernknarr (opphavleg kanskje II kurr og kyrr, og samanblanding med II knarr) i bunden form eintal: merkedag som fell på 1. september

motenarr: moteløve

 

Ord som har arr i seg

altarring: 1 rekkverk med knefall (i halvkrins) framfor altaret, 2 rom innanfor ein altarring (1)

arbeidarregjering

arbeidarreising

arbeidarrevolusjon

arbeidarrørsle

arbeidarråd

barrakuda

barre

barrel

barriere

barrierev

barrikade

barrikadekjempar: 1person som er med i gatekampar på barrikadar, 2 i overført tyding: person som kjempar heilhuga for meiningane sine

barrikadera
bisarreri n1 (sjå -eri) bisart påfunn

borgarrett

borgarrettsrørsle

brukarrettleiing

cash-and-carry-prinsipp

darra (jamfør fær, sv darra, gda darre; samanheng med dirre): 1 dirre, riste (III); (stå og) vippe, 2 gå seint, rugge (i veg)

dokumentarroman
einekarre
elskarrolle

fellesarrangement

forbrukarrettleiing

forbrukarrørsle

forbrukarråd

forsterkarrøyr

frankarrike

freknarrete a3 (eigenleg ‘æret av frekner’) freknete

fyllearrest

garrotte m1 (utt garåt´te; sp eigenleg ‘stav, stong’ (som vart brukt til å stramme ei snor om halsen med)) spansk avrettingsmetode med strøyping (no særleg med å stramme ein jernklave om halsen)

garrottera
gigantarrangement

gigant|arrangement n1
gnarre

gullbarre

harry (av mannsnamnet Harry) som er prega av dårleg smak; som er prega av mote som er avleggs å gå i 80-talsklede er litt harry

hoffnarr

husarregiment

hus|arrest m1 forbod mot å forlate huset som straff

indianarreservat

jarre m1 (norr hjarri) hengsel, gangjern (på dør og liknande)
johannittriddar

kandaharrenn: alpint skirenn

kapillarrøyr

karré m (frå fr av, lat quadratum; sjå kvadrat) firkantformasjon, til dømes av bygningar, dansarar
karre

karre (samanheng med kjerr) kage (I)

karri m1 (gjennom eng curry frå tamilspråket i India kari ‘saus’)

karriere m1 (frå fr, mlat carraria ‘kappkøyringsbane’ av, lat carrus ‘kjerre’): 1 om riding: strak galopp, sprengløp, 2 framgang (i yrkeslivet), særleg om avansement til høge stillingar; yrkesveg, livsveg

karrierediplomat

karrierejag

karrierejeger

karrierementalitet

karrieresamfunn

karriere|system

karrig, om jord: lite grøderik, mager, skrinn

karrisaus

katarralsk a2 som liknar eller kjem av katarr

keisarrike

kjellar|restaurant

kjellarrom

knarre (samanheng med gnarre og knurre) knurre; vere gretten

knarren adj gretten

Kometkarriere: karriere som blir snøgt oppbygd (og som tek snøgt slutt)

kometkarriere som skodespelar

Koparraud; mørkeraud bli koparraud i andletet

koparrøyr

kopparrete

Kryssarrakett: sjølvstyrande lågtflygande mellomdistanserakett, til vanleg med atomsprengladning; krysserakett, vengerakett

kunstnarrestaurant

leikarring

lensmannsarrest

lynkarriere

legeråd
lækjarråd

lærarrom

lærarråd

lauparrekke
lauparrekkje
løparrekke
løparrekkje

lauparrekke
lauparrekkje
løparrekke
løparrekkje

laupar|rekkje f2; el laupar|rekke f2; el løpar|rekke f2; el løpar|rekkje f2 (av laupar (2)) særleg før i fotball: gruppe av løparar

massearrestasjon

målarrull

narraktig

narrativ

narrefakte

narreleg

narreri

narreskap

narresmokk

narrestikke: 1 ertekrok, 2 slags barneleike

narrestrek

narrevoren

narrifas (frå ty; jamfør lurifaks) narraktig person

Peparrot: 1 (rotstokk av) grønsakplante i krossblomfamilien; Armoracia rusticana, 2 krydder av tørka og malne rottæger av slik plante

peparrotsaus

polarrev

romarrett: rettsreglar utvikla i det gamle Roma, kodifisert om lag 500 eKr.

romarrike

røvarroman

sarre/sarra (truleg av surre): 1koke smått; småputre, 2 småsutre

sarre/sarra (av sirre) gå seint og tungt; gå makeleg og slengjande

det var så vidt han sarra og gjekk

scenearrangement
sjørøvarreir

skarra
skarre

skarrelyd

skarre-r

skarrype (kanskje eigenleg ‘skarvrype’ av skarv): fjellrype

slarra

slarre (samanheng med sla, med innverknad frå ord som slarke og slarve): 1gli eller bli dregen bortetter med veikt klakkande bråk, 2 reike, slenge ikring

snarreis
snarreise

snarrådd

snarrådigskap
snarrådugskap

snarrådig

sommar|regn n1; el sumar|regn n1

mildt sommarregn

sommarregn
sumarregn

sommar|rug m1; el sumar|rug m1 rug som ein haustar same året som han er sådd

sommarrug
sumarrug

sommar|rute; el sumar|rute for (offentlege) kommunikasjonsmiddel om sommaren, til skilnad frå vinterrute

sparre

sparring-partner

spjarre: 1 gå med spente fotmusklar og strake kne, 2 sprikje

Språkbarriere, vanske, hindring som ligg i at folk ikkje skjønar språket til kvarandre

språkbarrieren hemmar samarbeidet mellom Noreg og Finland

 

Scar, frå Løvenes konge.

Oppdrag skal henrulle

02 søndag sep 2012

Posted by Avil in Kontornytt, Skriveprosess, Ut blant folk

≈ 3 kommentarer

Stikkord

driv, kva, noko, prate, timar

Det har jo ikkje vore overveldande mange oppdrag, sånn forfattargreier med opplesingar og foredrag og skulebesøk og slikt, desse åra. Eg har kanskje tenkt at det var like greitt, eigentleg, sidan det å skrive bøker ikkje let seg kombinere så godt med å skrive opplesingstekstar, reise med fly eller sitte på hotellrom og øve på det ein skal lese.
Men samstundes har eg sjølvsagt tenkt at det høyrer med til å vere forfattar, å komme seg ut blant folk og gjere bøkene sine kjent. Og så får ein betalt. Slikt skal ein ikkje kimse ad.

Denne seinsommaren og hausten har det blitt meir enn vanleg. Og eg er openbert ute av stand til å skrive ein opplesingstekst, tenke at «den var jo god» og så legge den til sides og skrive ei ny bok. Eg tenker «den må bli betre», og det tenker eg heilt til eg les den opp. Og rett etterpå er det ein ny tekst som ligg og lurar.

No for tida har eg to tekstar eg ikkje er ferdig med, og som luskar i hjernen min som slike gjester som kjem fleire timar for tidleg, mens ein står midt i matlaginga, og som ikkje har vit til å sette seg med eit glas vin og berre prate og underhalde, men som insisterar på å gjere seg «usynlege», lure seg «stille» rundt i huset, snoke i hyller og skuffer og gi meg hovudverk, fordi eg ikkje veit kva dei driv med, ikkje trur på at dei har det fint, og ikkje har kontroll over noko som helst.

Den mest presserande teksten er til Oslo bokfestival, der det framleis ikkje er avklart om eg skal på det eine eller andre arrangementet med nyskrivne tekstar (det som ligg fast, Saras telt på søndagen, er jo slikt som eg ikkje eingong kan førebu meg til, for det skal vere «samtale» og eg veit ikkje kva eg blir spurt om eller kva temaer er). Ein ganske slitsam hjernegjest, altså.

Lillehammer 2012

Den ikkje fullt så presserande, men snart ganske påtrengjande teksten er til Kapittelfestivalen i Stavanger. Eg har gjort mange notat, skrive nokre sider, laga hjernekart og slikt. Der har eg nemleg eit tema: Arr. Som i og for seg er eit fint tema. Berre at ein røys med andre folk også skal snakke om arr på den festivalen, og eg må gjere noko som er bra, morsomt helst, og ikkje kliss likt det andre har gjort før meg. Dessutan skal eg framføre teksten fredag kveld ved eit arrangement der Frode Grytten skal lese. Frode Grytten! Han er alltid smart og morsom og avdempa og proff og gjer ein god figur. Eg vil ikkje ha sånne stive fjes og spreidt medynkapplaus. Uwæææ.

Så her sit eg og kan ikkje anna. To hjernegjester som snik seg rundt i andre rom enn eg er, med slike nesten lydlause skritt som gir meg angst.

Resten av hausten fortsett på same måte. Berre så det er sagt. Eg skal til Haugesund og Os, og kanskje Ryfylke og Stjørdal, og eg er verken proff, effektiv eller avslappa. Men det kan jo hende eg blir, ein gong, ute i framtida. Hoho. Særleg.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

september 2012
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
« aug   okt »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...