Eg elskar å bake. Eg blir lukkeleg av det. Gjærbakst kan drøye i dagevis med kaldheving, og kakene mine kan ta heilt av i «snedig-oppskrift-frå-internett-og-pynta-til-karneval».
Ektefellen dyrkar Noreg, han har kjøkenhage både bak huset og framfor sommarhuset, og frå mai til langt ut på hausten driv med matauk i stor stil.

Bursdagskake med kjøtetande planter. Frå botnen av.
Me plukkar bær og frukt, og syltar eigne agurkar og gresskar, og kokar fond på søndagens økologiske and.
Det vellukka vaksenlivet er tufta på lengsla om noko ekte, reint og sunt. Me er heilt vanleg akademisk middelklasse. Alle me kjenner lagar mat frå botnen. Dei involverer borna i baking og sylting, dei fiskar og nokre går på jakt.
Innimellom ser me Bonderøven, og drøymer om eit liv der me er heilt sjølvforsynte, med åker og hønsehus, jordkjellar full av poteter og gulrøter stabla i mosekasser. Linklede og langhus, pleier me å le litt av, men eit skinn av denne draumen manifesterer seg i kvardagen: Me bruker ufatteleg mykje tid på matauk, saman og med borna, og på å lage mat frå botnen, som det heiter (sjølv om botnen synes bunnlaus når ein skal dyrke neste års avling på fjorårets frø frå eigen hage).
Me prioriterer våre eigne, private liv. Slik me også trener kroppane våre, les for borna våre, les lange romanar sjølv. Lagar julepynt av ting me har funne i skogen saman med ungane. Me, og ressurssterke folk flest.
Eg voks ikkje opp med langtidsheva surdeigsbrød i keramikkskål med linklede på kjøkenbenken. Dette er ikkje nostalgi.
Foreldra mine var feministar. Dei brukte tida si på politikk, organisasjonar og lagverksemd. Dei demonstrerte mot atomvåpen og apartheid. Dei ville endra verda, og gjorde noko, ute i henne. Samstundes med at dei hadde hus, born og jobb.
Eg voks opp med fiskeboller frå Bjelland, saus frå Toro, og favorittmiddagen min var Maxiboller.
- Bilete frå bloggen «Ektepar», der bloggaren skildrar korleis Eyvind Hellstrøm har vist dei kor ekkelt det er med Maxiboller (http://www.ektepar.com/maxboller-en-epoke-er-over/)
Foreldra mine kunne sjølvsagt brune mjøl og koke kraft, men dei valgte å ikkje gjere det til kvardags. Dei valgte å bruke tida si på ut-av-huset-retta verksemd, på lokalsamfunn og på ideologi. Dei tilhøyrer generasjonen som forkasta mat frå botnen. Generasjonen som forkasta «du skal ikkje trø på graset» og seksualangst og patriarki. Dei forkasta veldig mykje av det autoritære åket me i dag slepp å tenke på, frå mektige mørkemenn og klassesamfunnets apatiske mistru til at noko kan endrast. Me er glade for den verda dei etterlot oss.
Men me er ikkje så glade i posesausen deira, den ferdigkjøpte pynten, dei ikkje-så-fine heimane, dei praktiske skoene, kulturkroppane.
Det er berre at tidsrekneskapen er ganske enkel:
Døgnet har 24 timar. Veka har sju dagar.
Eit menneske orkar berre så mykje. Det gjeld også meg. Og deg.
Foreldra mine prioriterte omverda. Eg og ektefellen prioriterer kjøkenhagen, surdeigen, soppturane og makrellfisket.
Foreldra mine effektiviserte husarbeid og matlaging for å ha tid og overskot til andre enn seg sjølv og sine eigne ungar.
Me drøyer matlaginga ut i det absurd langtekkelege, fordi det gjer oss lukkelege.
Kan hende ligg det likevel mykje god feminisme, og mykje godt intellektuelt og idealistisk arbeid i ein pose frå Toro.
Kan hende er det på tide å løfte blikket frå soppkorga og sjå om det er noko som skal gjerast i resten av samfunnet.

Sjølvgode, sjølvsentrerte og lite samfunnsnyttige julebrød. Frå botnen.
God botn i det innlegget der!
Kloke tanker, og fine spissformuleringer!
Ja takk begge deler. Og det er vel der vi sliter oss ut og blir sure og synes synd i oss selv.
Jeg er vokst opp med hjemmelagete kjøttkaker i brun posesaus og fiskeboller fra boks i hjemmelaget hvit saus. Litt mer avansert i helgene enn midt i uken.
Og av og til, når vi skulle ha besøk til søndagsmiddagen eller i ferier – og ellers innimellom en gang i blant, selvsagt, startet middagslagingen allerede dagen før maten skulle serveres. Slike middager ble tilberedt helt uten hjelp av Toro. Sausen, som var det mest tidkrevende innslaget, var så god at den sammen med kokte poteter var et måltid i seg selv.
Det var ikke pose fordi matlagingskompetansen var lav, men fordi prioriteringene gjorde det til et godt alternativ.
I dag går det an å gjøre det så enda mye enklere, med mikrobølgeovn på lag kan du fø hele familien på få minutter. Og beholder du maten i plastskålene, så blir det mindre oppvask også. Det er nesten så at Toro har overtatt for maten tilberedt fra bunnen, og ferdigmaten har overtatt for Toro.
En digresjon, visst..
Me har visst hatt det ganske likt i matvegen, Lise. :knegg:
Det er den kuleste kaka jeg har sett! Har alltid hatt sansen for kjøttetende planter! 🙂
Den gjorde lukke i 8-års guttebursdag!
Kjempeflott innlegg! Eg er sjøl litt fascinert over det samfunnsengasjementet som ein hadde på 70-talet, og litt bekymra for at me skal bli for sjølsentrerte. På den andre sida er det ikkje bere egoistisk å drive med matauk og baking. Det er flott at me tek opp att slike tradisjonar og lærer borna den gleda det er i å laga ting sjøl og i å sjå korleis ting veks og spirar. Miljøvennleg er det jo og.
Ja, det blir jo litt sånn akademisk middelklasse-sjølvhat å skamme seg over at ein gjer noko bra for sin eigen familie og nærmiljøet. Men eg saknar meir refleksjon kring måten me nyttar tida vår på.
Hei, her tusler jeg rundt i dine gamle innlegg – siden jeg jo akkurat har oppdaget deg. Det du diskuterer her er jeg også veldig opptatt av og skriver mye om. Jeg klarer ikke helt si at jeg MÅ velge mellom å gjøre et godt arbeid hjemme med ymse matauk og «fra botnen av» sokkestopping – og det å gjøre noe bra i verden.I mitt indre så mener jeg jo at dette må henge sammen. Det må være mulig å få det tl å henge sammen Men heg lurer jo på det samme som deg. Men altså – a) Engsjement i verden (som tar tid og stimulerer Toro-forbruket i de tusen hjem) er jo ikke bare til gavn for verden. Det finnes så mangt av tidsforbruk som ikke redder verden det grann, men bare dreier seg om produsere mer ting og tjene flere penger. b) Vi klarer ikke dyrke Norge hvis vi reiser ut med Leger uten grenser eller noe sånt. Men det er mange andre måter å gjøre bra ting for verden og samfunnet på. Lokalt gjennom lokalsamfunnsengsjement. Skriving og aksjoner – vi har en helt annen handlingsradius i dag enn for noen tiår siden. Og et forsøk på et litt bærekraftig liv sånn oppi det hele. Jeg mener jo at jeg gjør noe bra for verden når jeg stimulerer økologisk landbruk og reduserer søppelberg etc… c) Ungene. De skal greie seg i ei ukjent framtid – 50-60-70 år fra nå. De kan virkelig trenge andre ferdigheter enn å dra bankkort og shoppe på nett og fyke rundt. Praktiske ferdigheter må brukes og videreføres for å gi dem andre muligheter.
Vel – det var da noe av det jeg kom på. (Men du finner muligens aldri dette på en så gammel post )- uansett lev vel 🙂
Syns du har gode tanker her, eg, Underveis. Og i oppfordringa om å «leve vel» les eg ei oppfordring om å LEVE GODT, ikkje bare for deg sjøl, men å leve på ein god måte for dine nærmeste, for lokalsamfunnet, for landet, for verda.
😉
Me skal leve vel og leve godt, lære ungane å vaske golv og dyrke poteter, og så får det av og til bli posesuppe om me har eit kommunestyremøte.
*diplomatisk*