Stikkord

, , ,

Oslo bokfestival er ikkje som andre festivalar.

Forfattar les opp frå bok, eit vanleg syn i Oslos gater.

Midt i hovudstadens sentrum, overalt kvar ein freister få seg ein stille kaffikopp, sit det forfattarar og les høgt frå bøker, eller pratar om bøker dei har skrive. Stort sett eit fesjå, der årets bøker ligg i stablar til sals i telt kring scenene, og verken opplesingar eller intervju har så frykteleg mykje temperatur over seg. Men festivalstemninga var upåklageleg, og det er (motsett kva ein får inntrykk av i kritikken mot festivalen) INGENTING galt i å ville selje bøker. Meiner eg.

Fredagskvelden dumpa me inn i eit ikkjeoslobokfestivalarrangement, nemleg poesislam på Nasjonalbiblioteket, der Ellisiv Lindkvist kom på ein formell andreplass, men for meg var ho sigerskvinne med forbaska gode tekstar.

Laurdagen sneik eg meg inn på bokbloggarane sitt treff i Gyldendalhuset, og paradoksalt nok var eg alt for sosialfobisk sjenert til å mingle med folk, men slett ikkje flau for å delta i paneldebatt.

Om kvelden var det Litterary Death Match, som eigentleg er ein tullekonkurranse driven av ein ufatteleg amerikansk fyr som gnålte om donations, men det er gøy å vinne. Og tullekonkurranse eller ikkje, Erlend Loe sa at teksten min var litterært suveren, og eg fekk gullmedalje.

Søndagen fekk eg vere ein av desse keisame forfattarane som las litt frå bok på scene.

Heldigvis innehaldt dagen også eit mullamøte. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur.

Advertisements