Stikkord

Oppussing heime, internett som ikkje virkar på jobb, ganske mykje 3G og høge telefonrekningar, skuleturne og opplesingar her og der. Seier seg vel sjølv at bloggen ikkje blir oppdatert og at skriving av ny roman ikkje nett går på fram.

Men skit på det, eg seier som eg plar kvar einaste siste oktoberdag: NaNoWriMo og i år, vettu!

Tidensjefen har sett blikket i meg, han er ein av desse menneska som evnar begeistring og samstundes kan vere streng mens han heier på folk: «Du må slippe kontrollen!» har han sagt.

Du anar ikkje kor mange gonger eg har tenkt (og sagt) dei siste åra: «Neste gong eg skriv roman skal eg ha STÅLKONTROLL før eg begynner, eg skal ha skrive ned skisser til kvart einaste kapittel (setning variert med diverse banneord, alt etter humør)»

Men sidan dei siste seks månadane ikkje har ført til ein detaljert romanskisse, kan eg unne meg ein månads kaotisk og intuitiv skriving, eller kva faen det heiter. Skrive i veg, i alle fall. Utan å vite nøyaktig kva som skal skje, utan synopsis eingong.

Og finte ut latskapet som melder seg når det buttar. Trongen til å surfe litt på telefonen, spele wordfeud og sjekke facebook og vaske badet og ta ein cowboystrekk på sofaen.

Må vere ein viss dynamikk mellom kvile og aktivitet, som ein seier. Dersom alternativet til latskap er kaos, så får eg tåle det. Ei lita stund, berre, før kontrollbehovet veks seg mannshøgt og breidt igjen.

Advertisements