Stikkord

, , ,

Det har vore mykje farting i det siste, og slikt er jo kjekt. Eg har fått møte eit par heltar også, vore på lokal-tv (62 minutt uti der) med Solveig Aareskjold (og på kafe, herregud eg kunne snakka med den dama i dagevis i trekk, ho er eit vandrande sagaleksikon og tenker så fint, løp og kjøp Valkyrjesong, folkens!), og fått Vigdis Hjorth til å le (ikkje så vanskeleg, ho har i grunnen lett for å le, og lo godt av universitetsblødmene mine).

No er det siste innspurt før eg faktisk GIR MEG med all denne reisinga.

I dag pakkar eg trillekofferten for å dra til Stjørdal, noko som passar fint i Movember. Eg gror ikkje bart, det blir berre pinleg og ikkje spor maskulint, og ingen kjem til å få mindre prostatakreft av at eg har fjoner på overleppa. Men eg drar altså til barteland, og der har eg aldri lese opp for nokon før.

I morgon, mandag, kan du treffe meg på den nye bokhandelen Bookstars i Trondheim klokka sånn cirka 16.30 og ein liten time fram. Eg vil gjerne møte folk, drøse litt over ein kopp kaffi og eventuelt signere nokre bøker om de vil. Eg veit det er NaNoWriMo-skribentar i Trondheim, og andre aspirerande forfattarar (i tillegg til alle dei etablerte og kjente og fantastiske forfattarane), og eg vil gjerne møte dykk. Kom, kom!

På kvelden i morgon skal eg fortelje og lese opp frå Song for Eirabu på biblioteket i Stjørdal klokka sju.
Heilt gratis, så kom, kom der også!
Torsdag og fredag finn du meg på den splitter nye litteraturfestivalen på Os, og der skal eg og den galne mullahen Kristian Bjørkelo underhalde osingane med fantasy og vikingar og alt slikt som er tøft og gøy!
Kom, kom!

Advertisements