Stikkord
I går kom eg i skade for å kjøpe eit dameblad. Tara julenummer, for der var det ein haug med oppskrifter på danske julekaker som såg veeeeldig gode ut.
Og så skulle eg ha damer på besøk, og då er kaker frå dameblad sikkert det beste.
Eg bakte dansk krydderkake, med dei Beste Ingrediensane eg kunne få for pengar. Mellom anna nokre luksuriøse rosiner.
Det viste seg, då damene skulle ete kaka, at rosinene var fulle av druesteinar.
Alt skal vere så jævla øko, om det skal vere bra, liksom. Stein i rosinene. For eit tilbakeslag. Eg har merka meg enormt mykje steinar i klementinene i år også. Kanskje dei er i ferd med å snikattinnføre mandariner. Kan hende er dei begynt å selje økologiske varer utan å merke dei, berre for å lure oss til å betale ekstra for å få jord på gulrøtene.
Eg har så store i-landsproblemer atte jelp.
Ja, eg har forresten sletta meg frå facebook, sikkert berre midlertidig, sidan eg er ei svak sjel. Men det kjentes godt, etter å ha blitt hetsa for å vere zionist og skulda for å vere for drap på palestinske born, etter å ha forsøkt å uttrykke meg nyansert.
Og NaNoWriMo gjekk som vanleg åt skogen, sidan eg prokrastinerte meg gjennom det meste av november. Ikkje klarte eg å anlegge bart heller, men det visste eg jo på førehand.
Kjøkenet er berre sånn halvvegs oppussa, og slikt kan eg gå i i-landskrise over, sidan eg no har tenkt å vie kroppen min til julebakst ein månad til endes.
Det einaste gode eg har å seie om verda er at det er blitt skikkeleg billeg å kjøpe DVD-ar. Som betyr at mens alle andre sit og nettflixar og nedlastar seg til havregraut og tigersmør, skal eg og jentungen sjå alle dei beste romantiske komediane (mens me et mandariner og spytter stein).
No kom eg plutseleg på at det kanskje vil kjennes stussleg å ha bursdag utan å vere på facebook, sidan ingen andre enn den næraste familien vil gratulere meg med dagen. På den andre sida har eg lagt på meg endå to kg, og er inne i ein fase der eg trener og går tur og føler meg feit og gammal, så ein bursdag i all stille er kanskje det beste, så eg ikkje blir ramma av livslede.
Nevnte eg at eg er blitt medlem av den norske forfattarforeininga? Men at eg ikkje kunne reise på introduksjonsmøte for nye medlemmar, fordi eg skulle på julebord med ektefellens jobb? Og dermed ikkje var i Oslo den helga, og derfor heller ikkje kunne komme på møte i den første gutteklubben eg er blitt invitert inn i?
Eg tar i mot klemmar og hjarter i kommentarfeltet. Dersom eg ikkje får nokon, må eg nok slette bloggen også. Noko som sikkert vil vere bra for meg. Eg har trass alt viktigare ting å foreta meg, som å plukke stein ut av rosinene.
Klem ❤
For all del, ikke slett bloggen! Tenk på oss som setter pris på dine nyanserte (og ganske ofte morsomme) uttalelser.
Gratulerer med dagen! Og guteklubbmedlemskap. Og det halvferdige kjøkenet.
Kondolerer med rosinene, steinane i klementinane (dei ER fulle av stein i år), dameblad og det halvuferdige kjøkenet.
Resten går seg til, trur eg.
Gratulerer med dagen!
Gratulerer så mykje med dagen.
Kanskje vi kan gjere ein avtale: Dersom du let vere å slette bloggen din nærste halvåret , skal eg la vere å slette min. Så får vi ta ei evaluering til neste sommar.
Elles så tykkjer eg det er heilt greitt med First Price-rosiner av og til.
Takk, fine folka.
Det er ein avtale, bandanders.
Kom tilbake! Gratulerer, skjønnasen.
Hurra for deg. Hjerter, glitter og sjokolade!
Gratulerer med dagen. Håper du i mangel på fjesbokgratulasjoner blir gjort nok stas på hjemme!
Og klem!
Hupps. Glemte *hjerter* og *klemmer*
GRATULERER MED DAGEN HER OGSÅ, ALLER FINESTE FINING!
❤ ❤ ❤ ❤ ❤ ❤ ❤
Jeg trodde de dustetegnene skulle forvandle seg til ordentlige hjerter. *dumme wordpress*
Gratulerer med dagen!!
Takk for gratulasjonar og rumper!
❤
❤ Verdens beste
Ikke slett bloggen nå nå jeg endelig har funnet den:)
Gratulerer med dagen<3!!!
Skulle skrive til deg på FB i sta, men skjønner nå hvorfor det var fåfengt. 🙂
Men grunnen til kontaktsøkingen, var at jeg nettopp er ferdig med Eirabu-bøkene nå. Og å lese siste side var som å ta avskjed med en god venn. Du har skrevet et så storslagent verk at jeg har ikke ord. Jeg er bare dypt, dypt imponert.. og takknemmelig for at du lot meg bli kjent med Ragna, Berghitte og Runa og alle de andre. 🙂
Har fått høyre at der finst ein skala for gradering av gratulasjonar som går frå fb ->sms->telfonsamtale->God klem. Har du gjort deg opp ei meining om kvar ein blogg-gratulasjon plasserer seg på denne skalaen ?
Blogghelsingar ligg kanskje mellom fb og sms ein stad? Det varma i alle fall å sjå at folk der ute finnes, og klemmar ein tigger seg til er også klemmar.
Og du har klart å bruke skikkeleg lang tid på å lese Eirabu, Karen. Eg er heilt imponert. 🙂
Hei Kristine.
Begynte å lete etter deg på facebook og skjønte ingen ting når jeg ikke klarte å finne deg. I stedet fant jeg denne bloggen og det var jo bra. Nå kan jeg heller snike meg inn hit og se hva du sysler med.
mvh
Jimmy.