Stikkord

, , ,

I går kveld pakka eg ut alle postpakkane eg hadde henta. Stappfulle, små esker frå coolstuff og hjerteboden og cdon. Dette er nemleg tradisjon: 48 gåver skal pakkast inn og hengast opp i stova, og alt skal vere klart før 1. desember. To born, do the math.

Og kvart einaste år går det kuk i logistikken, for å seie det på dansk.

Det viser seg å ikkje vere full harmoni og balanse mellom det eg har tenkt at guttungen skal få, og det eg har kjøpt inn til jentungen. Han vil helst berre ha snop, ho vil helst berre ha hobbysaker. Det dei får skal opplevast rettferdig, dei skal bli like glade og ikkje bli ramma av misunning eller kjensle av å bli forbigått, og det skal vere ein viss dynamikk i progresjonen. Først noko ekstra, sidan første dagen er laurdag og andre er søndag, men så skal me tone det ned og berre ha bittesmå nillesjokoladenissar og sukkerstenger nokre dagar, før ei overrasking på onsdagen, og litt nedpå igjen, før nye og litt betre helgegåver.

Kabalen gjekk sjølvsagt ikkje opp, så no må eg ut og finne den særlege gåva til kvar på julaftensmorgon. Eg hadde tenkt Love Actually, men det blir neppe tid til film den dagen, og dessutan vil sikkert guttungen syns at det er for mykje kliss og alt for få romvesen i den.
Puslespel går heller ikkje, for pusling må skje over tid på spisestovebordet, og det skal nyttast til julemiddag og julefrukost og gudane veit kva.

Som de skjønar: i-landsproblema mine tårnar seg opp.
Eg er takksam for gode råd.

 

Advertisements