• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: desember 2012

Jolestemning (parentes bemerka)

11 tirsdag des 2012

Posted by Avil in Julekalender

≈ 7 kommentarer

Når eg køyrer bil til og frå barneteaterøvingar og pianotimar, med bilen full av skranglande posar flasker og diverse som må UT av kjelleren, (for å gjere plass til) posar fulle av nøtter, egg, sukker, natron og mjøl (haha, det var eige juledekor på kveitemjølet, så eg kjøpte dobbelt opp) som skal INN i kjellaren, og born som er nesten matleie av kalendersnop og pepperkaker, høyrer eg ikkje ALLTID på P2 (som eg elles pleier).

Eg vil nemleg høyre julemusikk (burde eg skrive jolemusikk? er det meir stemning med jol enn jul?). Og neida, eg har verken Spotify premium eller Spotify gniten på mobilen, eg har ikkje cd-ar i bilen eingong (jada, det er ikkje berre at eg er ein dinosaur, eg er dinosaur frå kritt-tida), så eg må lite på radiokanalane.

Og radiokanalane har ikkje gjort jobben sin denne gongen. Eg er innom P2, P3, P1, eg trekk pusten og er innom P4, Radio Norge, og neida, neida, ikkje så mykje som Kling no klokka eller Boney M med glitterbadedrakt.

Strengt tatt likar eg ikkje alle andre sine favorittar sånn vanlegvis, men i jula er eg heilt på styr og badar i kitch som om eg skulle vore jødisk pensjonist i Florida.

Her er favoritten:

Og det må vere mormonarar som syng.
Pappa spelte den alltid kjempehøgt då eg var lita og det var jul, mens eg og han låg på rygg på golvet og stira i taket og haldt kvarandre i hendene og så grein me. Eventuelt god smak kan ikkje konkurrere i det heile tatt.

Brune pinnar

11 tirsdag des 2012

Posted by Avil in Julekalender

≈ 7 kommentarer

Brune pinnar

150 gram mjukt smør (eg brukte margarin)
200 gram sukker
2 eggeplommer
1 matskei lys sirup
1/2 teskei kanel
1 teskei vaniljesukker
1 teskei natron
300 gram kveitemjøl (eg brukte 250 g mjøl + 50 g havregryn)

Egg til pensling
Hakka mandlar (eg brukte hakka hasselnøtter)
Perlesukker (det står berre sukker i oppskrifta, så om du ikkje har perlesukker går det nok bra)

175 grader celsius, 10 -15 minuttar

Rør smør og sukker kvitt.
Bland i resten av ingrediensane.
Elt deigen og del i 6 emner som du trillar ut til pølser.
Legg pølsene på plata og trykk med fingrane til flatare stenger (eser ut, ikkje ver nøye).
Pensle med egg, dryss med sukker og hakka mandlar.
Steik kakene.
Ta dei ut av omnen og skjer straks opp på skrått (det står skrått i oppskrifta, eg skar berre beint, eg, med pizzahjul).
Avkjøl på rist (ja, det står i oppskrifta, men dei er ganske mjuke når dei kjem ut av omnen, så eg berre skar opp og lot dei ligge der og kjøle av).

Brune pinnar

Oisann, her har eg visst ete ei rad allereie  før dei fekk kjølt av.
Ein kan like godt lage dobbel oppskrift med ein gong.

Magi

05 onsdag des 2012

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 3 kommentarer

Alle gutane var der dei skulle vere. Eg måtte ikkje leite etter ein einaste. Ingen sloss, ingen banna, berre ein kledde om frå kostyme til vanlege klede i utide, men det fekk me berga før dei skulle på scena.

Alt som skal gå galt gjekk galt, men gutane mine var proffe og flinke og dansa battle sjølv om dei ikkje fekk rett cue.

Magi. Det ordnar seg alltid på teateret, og det er rein magi.

149 born på oppsummering etter generalprøven.

image

Kultur og bakepulver

05 onsdag des 2012

Posted by Avil in Julekalender, Lesarsørvis, Mat, Vere mor

≈ 5 kommentarer

Stikkord

kostymer, sminke

Eg har slike heldige middelklasseungar som går på kulturskule, og i år betyr det at begge skal danse i Stord kulturskules musikal Scrooge. Premiere i morgon, generalprøve i kveld. Eg gjentek: Premiere i morgon, generalprøve i kveld.

Og nei, gjentakinga er ikkje eit forsøk på å få dykk til å komme, premieren er allereie utsolgt. 450 plassar i salen, full sal. Alt dette er berre sagt for å kontekstualisere det følgjande:

I går var det kost og mask. Som det heiter på teatersk. Første gjennomgang av heile førestillinga med sminke og kostymer.

For å kontekstualisere ytterlegare: Det er 149 born med i oppsetjinga. 149.

Om du ikkje sjølv har delteke i barneteater eller har hatt ungar med, er det mogleg du no tenker anten «gjesp» eller «åh, så koseleg».

Opp i rævva med gjesp eller koseleg, din staur.

Me snakkar komplett og fullstendig anarkistisk stress. Eg skulle berre snike meg inn i går og sjå på kostymeprøven, men ein kjapp vitjing bak scena fekk meg på betre/verre tankar. Mitt eldste barn er både eldst, av hokjønn og på alle måtar samla og i stand til å forstå situasjonens alvor, så ho hadde ingen umiddelbart ustetta behov.
Han der yngstemann derimot, viste seg å vere del av ei gruppe streetdansande gutar i 8-9 årsalderen som hadde utvikla akutt hjernesvinn, hovudlaushøne-syndrom kombinert med ulvehunger.
INGEN MAT NÅR DE HAR FÅTT KOSTYME PÅ! var den eine superstrenge beskjeden som blei gjenteke 40 gonger utan å gjere større inntrykk på dei enn beskjeden «ikkje gå opp på kjøkenbenken» har på kattar flest.
DE SKAL VERE I GARDEROBEN DYKKAR HEILE TIDA NÅR DE IKKJE ER PÅ SCENA! var den andre beskjeden som ein like godt kunne skrive på ein post-it-lapp og kasta ut vindauga med same effekt.

Eg tilbrakte 4 timar med å leite etter dei. Kvar gong eg hadde funne mange nok til at eg ikkje kunne halde alle i handa samstundes, forsvann halvdelen igjen. Til å begynne med fann eg dei ofte der maten var, men etterkvart forsto dei vel bittelitt med hjernesvinnhjernene sine, og stal med seg rundstykker og gøymde seg for å ete. Noko som har eit optimalisert dårleg sluttresultat for den som skal få måkt dei inn på scena til rett tid.
Til slutt var det berre ein gut eg ikkje fann, og det var min eigen. Endå bra eg etter tjue minuttars desperat leiteaksjon ringte heim til mannen min og fortalde at eg blei sein fordi eg ikkje fann ungen. Han sat nemleg heime og spiste kvelds.

Eg kom heim halv ti om kvelden med 140 i puls, og måtte ha korporleg hjelp til å knekke akslane ned under øyrehøgde.

I natt har eg vakna ein gong i timen og tenkt slikt som «me må vise film i garderoben!» – «eg kan ta med forkler til alle som dei kan ha på seg når dei et, det er umogleg å hindre åtteårige gutar i å ete i 4 timar!» og «herregud, dette går aldri bra» og «auauau skulderen!».

Kva har bakepulver med dette å gjere?

Etter ei paddeflat banankake, ei flat krydderkake og eit brett flate, harde scones, tenkte eg at eg ville dele min nyvunne viten med dykk:
Bakepulver kan gå ut på dato.

God julestri, folkens! Eg stikk ned i kulturhuset for å gjete born med midlertidige atferdsvanskar.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

desember 2012
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
« nov   jan »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...