Brune pinnar
150 gram mjukt smør (eg brukte margarin)
200 gram sukker
2 eggeplommer
1 matskei lys sirup
1/2 teskei kanel
1 teskei vaniljesukker
1 teskei natron
300 gram kveitemjøl (eg brukte 250 g mjøl + 50 g havregryn)
Egg til pensling
Hakka mandlar (eg brukte hakka hasselnøtter)
Perlesukker (det står berre sukker i oppskrifta, så om du ikkje har perlesukker går det nok bra)
175 grader celsius, 10 -15 minuttar
Rør smør og sukker kvitt.
Bland i resten av ingrediensane.
Elt deigen og del i 6 emner som du trillar ut til pølser.
Legg pølsene på plata og trykk med fingrane til flatare stenger (eser ut, ikkje ver nøye).
Pensle med egg, dryss med sukker og hakka mandlar.
Steik kakene.
Ta dei ut av omnen og skjer straks opp på skrått (det står skrått i oppskrifta, eg skar berre beint, eg, med pizzahjul).
Avkjøl på rist (ja, det står i oppskrifta, men dei er ganske mjuke når dei kjem ut av omnen, så eg berre skar opp og lot dei ligge der og kjøle av).
Oisann, her har eg visst ete ei rad allereie før dei fekk kjølt av.
Ein kan like godt lage dobbel oppskrift med ein gong.
Åkei, da. Kan du gi meg kokosmakron-oppskriften óg, eller kommer du og baker for meg i år?
Klart eg burde bakt for deg. Eg trur den står på baksida av kokosmassen. Type 250 gram melis, 250 gram kokos, nokre stivpiska eggekviter, bland, sett på plate med teskeier og steik.
Eg kan finne nøyaktig til deg. Vil du ha med teskei, eller fikser du framgangsmetode utan stress?
Denne ser ok ut, men vaniljesukker er ikkje naudsynt om du ikkje har:
180 g melis
250 g kokosmasse
1/4 ts vaniljesukker
4 eggehviter
Pisk eggehvitene til stivt skum. Rør forsiktig inn melis, kokosmasse og vaniljesukker med så lett hånd som mulig.
Dekk stekeovnsplater med bakepapir. Sett deigen i topper på platen med to spiseskjeer.
Stekes midt i ovnen på 150°C. Steketiden er 15 -20 minutter.
Mangler bare kokosmasse. Dette skal jeg fikse. Jeg er bare ikke så god på disse eggehvitene. Jeg får vanligvis litt migrene når det står pisk eggehviter stive.
Det er berre å piske med mixmasteren til dei ikkje sklir ut av bollen når du tilter bollen.
*klem*
Mixmasteren. *hexagonpusting*
Mixmasteren er din venn.