Når eg køyrer bil til og frå barneteaterøvingar og pianotimar, med bilen full av skranglande posar flasker og diverse som må UT av kjelleren, (for å gjere plass til) posar fulle av nøtter, egg, sukker, natron og mjøl (haha, det var eige juledekor på kveitemjølet, så eg kjøpte dobbelt opp) som skal INN i kjellaren, og born som er nesten matleie av kalendersnop og pepperkaker, høyrer eg ikkje ALLTID på P2 (som eg elles pleier).
Eg vil nemleg høyre julemusikk (burde eg skrive jolemusikk? er det meir stemning med jol enn jul?). Og neida, eg har verken Spotify premium eller Spotify gniten på mobilen, eg har ikkje cd-ar i bilen eingong (jada, det er ikkje berre at eg er ein dinosaur, eg er dinosaur frå kritt-tida), så eg må lite på radiokanalane.
Og radiokanalane har ikkje gjort jobben sin denne gongen. Eg er innom P2, P3, P1, eg trekk pusten og er innom P4, Radio Norge, og neida, neida, ikkje så mykje som Kling no klokka eller Boney M med glitterbadedrakt.
Strengt tatt likar eg ikkje alle andre sine favorittar sånn vanlegvis, men i jula er eg heilt på styr og badar i kitch som om eg skulle vore jødisk pensjonist i Florida.
Her er favoritten:
Og det må vere mormonarar som syng.
Pappa spelte den alltid kjempehøgt då eg var lita og det var jul, mens eg og han låg på rygg på golvet og stira i taket og haldt kvarandre i hendene og så grein me. Eventuelt god smak kan ikkje konkurrere i det heile tatt.
Og jeg kan ikke slutte å elske de gamle norske julesangene, fulle av gud og jesus og alt som de er. Rørt blir jeg og. Makan. Men ikke si det til de andre på Humanismens Hus, for da får jeg helt sikkert sparken.
Hahaha, humanister er så strenge!
Lurte på hvor du var blitt av, om du var gått i dekning og så fant jeg deg her inne.
Eg trur eg resirkulerer eit sitat: Bare i jula nordmann ha god smak.
Gullfarga krummelurer og raudt og maksimalisme. Ein kan seie mykje om det norrøne i jula, men estetisk har Midtausten tilført sitt.
Ja, Midtausten sitt hovudbidrag til den norske julefeiringen ligg vel på det estetiske planet. Elles så trur eg vi har henta mykje inspirasjon frå pakistanske lastebilar. http://www.travel-pictures-gallery.com/imagepagepak04.html
Haha!