Fragmenterte dagar og tankar. Passar best som liste.
- Eg er for tida på skuleturné, og det er selsomt og fint.
- Eg har ikkje røykt sidan 2013.
- I følge ein app (som er laga av foreininga for hjarte og lungesjuke, ikkje landsforeininga for lesbiske, homofile og transpersonar, sjølv om det er lett å blande) har eg spart 1500,- kroner.
- Berre det å laste ned ein app frå den skumle foreininga var eit stort skritt.
- Eg trur framleis eg har lungekreft og brygger på KOLS. Eg veit. Det går over. (eller ikkje).
- På laurdag skal eg gjere noko skikkeleg nifst. Og gøy, kanskje. I Oslo.
- Eg har fått meg Instagramkonto. Der kan du følgje med på det spanande livet mitt. Det er flest bilete av mat.
- Eg er begynt å trene igjen. Utfall med vekter er ei religiøs greie. Baksida av lårene mine er eit tempel. Kjeften på deg.
- Eg fekk akutt armsmerte av hekling. Eg lærte hekling før jul. Sidan har eg ikkje gjort handarbeid.
- I morgon skal eg ete middag med redaktøren min. Det blir rart. Me skal nemleg snakke om ny bok. Han har ikkje fått lese noko. Ikkje får han det heller, før i mars, trur eg.
Ting du kan sjå på Instagram:
Ikke røkt siden 2012 høres bedre ut. Og mer riktig ut også. 😉
Fin vasskjele!
Flink som har sluttet å røyke! Det er hardt arbeid men såå verdt det, jeg er røykfri på fjerde året nå 🙂
Lykke til på lørdag!
Hahaha, fin feil.
Og takk for lukkønske, det trengs.
Dakars Kristine! Du må få deg sånn heklekrok som desomheklermye har, sånn med tykk gripegreie.
http://123knit.com/catalog/index.php?cPath=170
-hvis du har lyst til å hekle mer, altså.
Gratulerer med ny app !
Du må ha lukke til med det du har sett deg føre.
Og den kaka di, den må då kunne nyttast som første trinn i eksponeringsterapi av araknofobi.
Lykke til med det nifse! Det høres gøy ut.
Nifst er alltid best!