• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: mai 2013

Mor veit best

30 torsdag mai 2013

Posted by Avil in Mediekommentar

≈ 10 kommentarer

No er alle sure på ho der utrente, middelaldrande røykaren som er den nye ikkjepusekatten i LO. Gerd.

Ho seier at damer må jobbe og ikkje gøyme seg bak bleiene for å få lov til å dasse rundt heime og drive med interiør og baking.

Eg jobbar forresten deltid, og om du følgjer berre LITT med her i verda, veit du at eg legg ut fleire bilete av mat og born og ting frå heimen enn frå jobb.

Alle er sure på Gerd, og Gerd er sur på slike som meg.

Eg er ikkje sur. Burde eg vere det, seier du? Burde eg føle meg støtt og krenka over at Gerd håner meg for livsstilen min, valet mitt?
Kva slags mor er eg eigentleg, og kva honen er det eg har vald å bruke tida mi på, lurer du kanskje på, men tør ikkje spørje.

Du veit jo eg bakar brød og kaker og jobbar deltid og har to ungar. Så kvifor er eg ikkje sur på Gerd?

Fordi eg ser at ut frå eit perspektiv der me treng stadig økonomisk vekst har Gerd rett. Om du først kjøper den kapitalistiske modellen, der me har stadig inflasjon, kjøper ting for lånte pengar, har lån på tvers av landegrenser utfrå forventning om økonomisk vekst, om du heier fram det som alle økonomane og nesten alle politikarane og stort sett alle andre med utdanning og vettet i behald meiner er sjølvaste Modellen for korleis verda fungerer, så har Gerd rett.

Om eg skal vere sur på Gerd, må eg vere sur på vekst. På Jens og Siv, på Erna og Audun. Dei er for vekst alle saman.

Om eg skal vere sur på Gerd må eg vere sur på deg også.

Eg må til og med vere sur på meg sjølv, for eg har ikkje funne noko løysingsforslag.

Så då så. Eg gidd ikkje vere sur på meg sjølv. Men eg går ikkje så langt som å heie på vekst. Eg går ikkje så langt som Kristin Halvorsen som oppmoda til kjøpefest då verdas rikaste folk endeleg tok ein ørliten pause i miljøfiendtleg konsumgrisefest etter finanskrisa råka omverda. Eg går ikkje så langt at eg heier oss fram mens me oljedryppande og plastkledde spring det fortaste me kan mot stupet.

Eg jobbar deltid. Eg bakar brød. Eg har mindre pengar enn eg kunne hatt.

Eg svik kapitalismen, veksten og BNP. Om Gerd blir sur på meg, kan ho berre bli det. Når me ein dag brenn i Oil Peak Hell, kan eg i alle fall seie «eg jobba i det minste deltid». Med betrevitande tonefall.

Koldskål og erstatningslam

29 onsdag mai 2013

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

Stikkord

danmarkstur, spare ribs, veret

Då eg forlot kontoret i ettermiddag viste termometeret 29,5 grader i skuggen.
Det betyr kefir og kavring til middag. Det er alltid kefir og kavring til middag første sommardagen (i alle fall om eg kjem rett frå jobb og me ikkje er ute i sommarhuset og har fiska eller nokon har tenkt å grille hjorteribbe og servere det som spare-ribs og få alle familiemedlemmene til å ete med manerar ingen har sett sidan Adam av Bremen var på besøk).

Og sidan eg er dansk gift har eg lært meg den jålete oppjazza versjonen koldskål.

Eigentleg skal ein bruke kærnemælk, men slikt har me ikkje, og då brukar me brukar kefir.

1 liter kefir blandast med eggedosisen av 2 eggeplommer og 100 gram brunt rørsukker, frø frå ei vaniljestang og raspa det gule av skalet på ei sitron. La koldskålen stå i kjøleskapet mens du går tur i det fine veret, eller luker i hagen. Og så er det middag.

Ja, me lager alltid dobbel oppskrift til oss fire. Er du galen.

Ja, me lager alltid dobbel oppskrift til oss fire. Er du galen.

Danskane bruker ikkje kavring heller, men søte kjeks som heiter kammerjunkere. Du ser siste rest i den minste skåla på biletet, det er alt som er att endå me har spara og spara etter siste danmarkstur.
Det går an å bake dei, men det blir ikkje så godt, dei har lett for å bli for harde.

Me skal elles snart til Danmark igjen, og Spania og Island, og minst eitt av desse landa krev pass. Så ungane måtte tilbringe ein temmeleg sveitt halvtime i passkø.

Og ute syng fuglane og ute skin sola og ute er det badever og ute er alle dei andre.

Og ute syng fuglane og ute skin sola og ute er det badever og ute er alle dei andre.

Ganske store ungar, faktisk.

Eg er ikkje flau.

Eg er ikkje flau.

Så store at han minste har vakse frå all form for nærkontakt med mor si. Sidan han er empatisk og innsiktsfull har han forstått at eg då sikkert har eit udekka kosebehov.
Så eg har fått eit erstatningslam i morsdagsgåve.

Slikt kjem vel med når ein er stuptrøytt og treng nattakos.

 

Travelt med ingenting

27 mandag mai 2013

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

Stikkord

sofaer

Dagane fyk. Den anstrengande interiørinteressa har ført til at me har bestilt intet mindre enn to nye sofaer.

Og eg har lært meg å køyre med tilhengar.
Det vil seie: Eg har køyrd med tilhengar. Til Bergen. Bytrafikk og filskift i 80  km/t og rundkøyringar og IKEA som slett ikkje ligg same plass som før og parkering og kjøpe flate pakkar og legge på tilgengar. Og surre dei fast sjølv og køyre heim med lange flatpakkar stikkande opp av hengaren, surra fast av meg sjølv, vel vitande om at dersom dei slit seg laus og fyk gjennom lufta og treff ei frontrute og drep nokon, kan eg ikkje seie til NOKON andre at det er deira skuld.

Det er ikkje all rydding som ser ryddig ut

Det er ikkje all rydding som ser ryddig ut

Vidare har den anstrengte og anstrengande interiørinteressa fått meg til å montere ei bokhylle og sortert bøker.

Og det var berre det som låg i stablar på govlet på kontoret.

Og det var berre det som låg i stablar på govlet på kontoret.

Cand. reol

Cand. reol

Ute skin sola og me har sådd årets åker, hausta den første rabarbraen, og gravd opp overvintra pastinakk.

Alt vel.

åker2013

Eg prøver seriøst å interessere meg for interiør

05 søndag mai 2013

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 10 kommentarer

Eg tilhøyrer eit knøttlite og undervurdert mindretal i befolkninga, nemleg dei som veit at me ikkje har god smak. Eg har verkeleg ikkje peiling. Eg ser slike interiørmagasin, interiørreportasjar, og bloggar, og heime hos folk som har god smak, ikkje minst. Eg ser på det, og får akkurat same kjensla som når det er fotball på tv. Eg anerkjenner at dette er noko mange engasjerer seg i, men eg forstår det ikkje.

Klart eg vil ha det koseleg og greit og fint heime, herre jemini og Hestia bevare, det er ikkje slik at eg går inn for å ha det stygt og ukoseleg.

Men design, altså. For ikkje å snakke om mote.
Moderne og umoderne kjøken, for eksempel. Eg vil gjerne at kjøkenbenken skal vere stor og god og lett og halde rein, og eg vil ha skuffer overalt, så eg har styr på tinga mine. Eg vil ha godt lys, men ikkje sånn ekkelt og kaldt rett i hovudet.
Det er omlag det eg klarer å seie om kjøken.

No har me pussa opp, då. Tak og vegger og golv. Det er kvitt og nestenkvitt og lys eik overalt. Og midt i stova troner mine gamle, skitne møbler. Ein engelsk sofa i gule, grøne og oransje striper, og ein lenestol i blått, gult og grønt som er både tynnslitt og flekkete.

Til og med eg forstår at møblane liksom styggar heimen til.

Problemet er berre at der eg er forsynt med dårleg smak og beslutningsdyktighet, er eg gift med ein arkitekt. Om du også er gift med ein arkitekt forstår du korleis eg har det. Han sit med all kompetansen og alle meiningane og all den gode smaken verda har å by på, samla i ein superkompetent supersmakfull person. Men han klarar ikkje bestemme seg. Han veit for mykje. Han har liksom falle i Pandoras gryte og sym rundt i ein demonisk graut og overkompetent supersmak.

Så eg prøver ¨orientere meg. Eg tenker at eg må vere den vaksne her. Den som stødig og utan nøling eller tvil faktisk får ting til å skje. Møblar til å komme.

Det er berre at eg blir så svak og engsteleg, eg også. Ektefellens kompetanse på området er mitt kryptonitt. Eg vil ikkje feile, eg vil ikkje skuffe, eg vil ikkje at han endå ein gong skal få ein frykteleg stygg sofa, kjøpt av meg, som han må leve med in agony.

Interiør altså.

 

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

mai 2013
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« apr   jun »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...