• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: mai 5, 2013

Eg prøver seriøst å interessere meg for interiør

05 søndag mai 2013

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 10 kommentarer

Eg tilhøyrer eit knøttlite og undervurdert mindretal i befolkninga, nemleg dei som veit at me ikkje har god smak. Eg har verkeleg ikkje peiling. Eg ser slike interiørmagasin, interiørreportasjar, og bloggar, og heime hos folk som har god smak, ikkje minst. Eg ser på det, og får akkurat same kjensla som når det er fotball på tv. Eg anerkjenner at dette er noko mange engasjerer seg i, men eg forstår det ikkje.

Klart eg vil ha det koseleg og greit og fint heime, herre jemini og Hestia bevare, det er ikkje slik at eg går inn for å ha det stygt og ukoseleg.

Men design, altså. For ikkje å snakke om mote.
Moderne og umoderne kjøken, for eksempel. Eg vil gjerne at kjøkenbenken skal vere stor og god og lett og halde rein, og eg vil ha skuffer overalt, så eg har styr på tinga mine. Eg vil ha godt lys, men ikkje sånn ekkelt og kaldt rett i hovudet.
Det er omlag det eg klarer å seie om kjøken.

No har me pussa opp, då. Tak og vegger og golv. Det er kvitt og nestenkvitt og lys eik overalt. Og midt i stova troner mine gamle, skitne møbler. Ein engelsk sofa i gule, grøne og oransje striper, og ein lenestol i blått, gult og grønt som er både tynnslitt og flekkete.

Til og med eg forstår at møblane liksom styggar heimen til.

Problemet er berre at der eg er forsynt med dårleg smak og beslutningsdyktighet, er eg gift med ein arkitekt. Om du også er gift med ein arkitekt forstår du korleis eg har det. Han sit med all kompetansen og alle meiningane og all den gode smaken verda har å by på, samla i ein superkompetent supersmakfull person. Men han klarar ikkje bestemme seg. Han veit for mykje. Han har liksom falle i Pandoras gryte og sym rundt i ein demonisk graut og overkompetent supersmak.

Så eg prøver ¨orientere meg. Eg tenker at eg må vere den vaksne her. Den som stødig og utan nøling eller tvil faktisk får ting til å skje. Møblar til å komme.

Det er berre at eg blir så svak og engsteleg, eg også. Ektefellens kompetanse på området er mitt kryptonitt. Eg vil ikkje feile, eg vil ikkje skuffe, eg vil ikkje at han endå ein gong skal få ein frykteleg stygg sofa, kjøpt av meg, som han må leve med in agony.

Interiør altså.

 

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

mai 2013
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« apr   jun »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen