No er alle sure på ho der utrente, middelaldrande røykaren som er den nye ikkjepusekatten i LO. Gerd.

Ho seier at damer må jobbe og ikkje gøyme seg bak bleiene for å få lov til å dasse rundt heime og drive med interiør og baking.

Eg jobbar forresten deltid, og om du følgjer berre LITT med her i verda, veit du at eg legg ut fleire bilete av mat og born og ting frå heimen enn frå jobb.

Alle er sure på Gerd, og Gerd er sur på slike som meg.

Eg er ikkje sur. Burde eg vere det, seier du? Burde eg føle meg støtt og krenka over at Gerd håner meg for livsstilen min, valet mitt?
Kva slags mor er eg eigentleg, og kva honen er det eg har vald å bruke tida mi på, lurer du kanskje på, men tør ikkje spørje.

Du veit jo eg bakar brød og kaker og jobbar deltid og har to ungar. Så kvifor er eg ikkje sur på Gerd?

Fordi eg ser at ut frå eit perspektiv der me treng stadig økonomisk vekst har Gerd rett. Om du først kjøper den kapitalistiske modellen, der me har stadig inflasjon, kjøper ting for lånte pengar, har lån på tvers av landegrenser utfrå forventning om økonomisk vekst, om du heier fram det som alle økonomane og nesten alle politikarane og stort sett alle andre med utdanning og vettet i behald meiner er sjølvaste Modellen for korleis verda fungerer, så har Gerd rett.

Om eg skal vere sur på Gerd, må eg vere sur på vekst. På Jens og Siv, på Erna og Audun. Dei er for vekst alle saman.

Om eg skal vere sur på Gerd må eg vere sur på deg også.

Eg må til og med vere sur på meg sjølv, for eg har ikkje funne noko løysingsforslag.

Så då så. Eg gidd ikkje vere sur på meg sjølv. Men eg går ikkje så langt som å heie på vekst. Eg går ikkje så langt som Kristin Halvorsen som oppmoda til kjøpefest då verdas rikaste folk endeleg tok ein ørliten pause i miljøfiendtleg konsumgrisefest etter finanskrisa råka omverda. Eg går ikkje så langt at eg heier oss fram mens me oljedryppande og plastkledde spring det fortaste me kan mot stupet.

Eg jobbar deltid. Eg bakar brød. Eg har mindre pengar enn eg kunne hatt.

Eg svik kapitalismen, veksten og BNP. Om Gerd blir sur på meg, kan ho berre bli det. Når me ein dag brenn i Oil Peak Hell, kan eg i alle fall seie «eg jobba i det minste deltid». Med betrevitande tonefall.

Advertisements