• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: juni 2013

Island, baby

06 torsdag jun 2013

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 13 kommentarer

Det har stått på ønskelista i årevis. Under arbeidet med Eirabu er det to stader eg så gjerne skulle ha vore, men som eg aldri fekk råd til: Borg (Lofoten) og Island. No har eg fått stipend frå staten, og Island vann med klar margin. Heile familien drar avgarde til sagaøya om halvannan månad.
Me er i full gang med førebuingar, noko me elles aldri gidd gjere så mykje ut av, men her er det så uendeleg mykje å gå glipp av om me ikkje er bittelitt skjerpa.

Og me har fått oss skikkelege turstøvlar, eg har kjøpt mi første bergansbukse og ein skikkeleg tursekk (den gamle har tent meg vel heilt sidan Israel i 94, men først no når eg har fått ny sekk forstår eg at den gamle var ein mannesekk, for på den nye kan eg jo bruke den der tversoverbrystet-spenna utan å kveistre puppene).

Me går til fjells, gjer me. Øver oss på gode langturar i gode klede.
Og så smugkikkar eg på bilete på internettet, og lurer på om det er lov å stikke foten nedi Snorre Sturlason sitt badekar.

Eigentleg burde me hatt me oss telt, men så tøffe er me nok ikkje.
Eg lurer eigentleg på alt mogleg, som eg ikkje finn ut av før eg er der. Dit Odin drog, og fekk kvile eit bel, då kvitekrist sine barberte menn strøymde inn i gamlelandet. Dit forfedrane våre drog med skipa sine. Grøn og svart, innhylla i skodde, stig sagaøya fram i draumane mine.

Ved gudane, så eg gler meg.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juni 2013
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
« mai   aug »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen