Det er i dag tredje skuledag for sjuandeklassingen vår, og i dag hadde ho med seg eit velmeint og pedagogisk skriv til oss foreldre.

Openbert eit standardskriv som følgjer med læreverket i matematikk Grunntal 7.

Der blir me oppmoda til å hjelpe barnet med leksene, men verken føresette eller barnet skal arbeidde meir enn læraren, og for all del ikkje komme lenger i boka enn dei andre elevane.

Grunntal 7 skriv til føresette

Grunntal 7 skriv til føresette

Problemstillinga er reell nok, men oppmodinga er lovstridig.

4.6.7 Opplæringsloven

Opplæringsloven 19 inneholder individuelle rettigheter knyttet til skolegang og opplæring. Loven gir alle rett til gratis offentlig grunnskoleopplæring. Denne retten henger sammen med den alminnelige plikten til å gjennomføre grunnskoleopplæring i § 2-1. Videre har alle rett, men ikke plikt, til videregående opplæring, jf. § 3-1. 20 Kommunen er ansvarlig for grunnskoleopplæringen, og fylkeskommunen er ansvarlig for den videregående opplæringen.(…)

Loven bygger på prinsippet om enhetsskolen, som blant annet innebærer at den alminnelige grunnskole skal være åpen for alle elever. I tråd med dette slår formålsbestemmelsen fast at opplæringen skal være tilpasset den enkelte elevs evner og forutsetninger, jf. § 1-2 femte ledd.

Eg har derfor sendt lærar og rektor ein epost, og oppmodar alle andre foreldre til å lese kva skulen sender ut og reagere dersom det strir med lovverket.
Borna våre skal ikkje måtta vente på resten av klassen om dei er ivrige og likar eit fag.

Dersom du lurer på korleis eg formulerte meg, før du evt sender din eigen epost til rektor ved din skule, så var det slik:

Med von om vel overstått strålande sommar og utkvilt og opplagt lærar vel eg å gjere merksam på siste avsnitt i «Grunntal 7 – skriv til føresette» sjuandeklassingane fekk med seg heim i dag.

Avsnittet peikar på ei reell problemstilling, dette at elevar som har arbeidd vidare enn læraren kan komme til å kjede seg på skulen og etterkvart ikkje trives i matematikkfaget.
Men oppmodinga om å ikkje gå vidare i boka før læraren gjer det, og følgje samla progresjon i klassen, er såvidt eg kan sjå i strid med Opplæringslova.

Eg reknar med at dette er eit standardskriv som følgjer læreverket, og ikkje noko læraren har formulert.
Skulen er likevel ansvarleg for å sende denne sannsynlegvis lovstridige teksten ut til oss føresette.
Eg går vidare ut frå at dette skrivet går ut frå alle lærarar til alle klassar som har læreverket Grunntal, og då er vel dette heller ei sak for rektor enn for den enkelte lærar å rydde opp i.

Men eit nyanserande dementi ville uansett vere greit.

Beste helsing

Advertisements