Andre akt i miniserien «Avil klager på skriv til føresette».

Allereie i dag kom svaret frå rektor (sjå forrige post):

Eg ser at delar av følgjeskrivet til Grunntal, som vart sendt ut til foreldra på 7.trinnet, kan vera uheldig og kanskje også i strid med opplæringslova. Me seier oss leie for at dette vart sendt ut. Likevel meiner me at bøkene i Grunntal gjer eit godt grunnlag for å driva tilpassa opplæring. Det skal sjølvsagt ikkje vera slik at korkje skulen, læreverket eller de som foreldre skal legga brems på elevane si utvikling i matematikk eller andre fag. Alt elevane kan er ein ressurs både for dei sjølv og for resten av klassen. Det me som skule meiner, og kanskje var intensjonen i skrivet frå Grunntal, er at det etter kvart kapittel/emne er lurt for eleven å stoppa opp og i lag med lærar vurdera: – Må eg øva meir på dette? – Kan eg dette? Treng eg fleire og meir utfordrande oppgåver innan dette emnet? – Kan eg dette? Er eg klar til å starta på eit nytt emne? I einskilde tilfelle er det sjølvsagt naudsynt at elevar får heilt eigne opplegg i både matematikk og andre fag. Håper dette var klargjerande. Takk for innspel og me ser fram til vidare samarbeid.

 

Han gir meg rett og beklager. Eg syns dette var eit godt og grundig svar, og vonar dementiet når dei andre foreldra også.

Advertisements