Sonen min og eg reinskar bær og sløyer fisk på garden. Så lenge det varer.

Sonen min og eg reinskar bær og sløyer fisk på garden. Så lenge det varer.

 

Me får ganske sikkert ny regjering, og det er ropt varsku om kulturlivet og bøndene. No kan berre forfattarane klyppe seg og få seg arbeid, seier dei. Biblioteka skal koste pengar og alle støtteordningar til forfattarar og forlag skal vekk. Boklova skal strykast frå lovverket.

For ikkje å snakke om biletkunstnarane. Dei må både klyppe seg og vaske seg skikkeleg med whitespirit, for no blir det ikkje meir jobb til dei. Dei svimlande 0,5 til 0,75 % av budsjettet til offentlege bygg som i dag går til utsmykking skal sparast inn.

Subsidieringa av bøndene skal også bort. Så her er det stort sett berre å legge ned vestlandsbruka, og la det gro brake på beitene og mose på sjølvbergingstanken.
Kunstnarane og bøndene skal sleppe å gå arbeidslause. Dei skal få arbeide med eldreomsorg og vegbygging, og gjere meiningsfulle ting som held nordmenn i live lenge, eller drep dei raskt i privatbilisme. Døy ung eller lev lenge på pleieheim, uansett skal varme bondehender og finslege forfattarfingre få asfalt og kvite laken å bale med.

Det er strengt tatt ikkje så mykje å mase om.
Maten kan me importere, og kulturen får me frå Hollywood.

Me har det greitt her i landet, me treng faktisk ikkje ha nokon kultur i det heile. Det løner seg ikkje. Me er så små og det er så vanskeleg. Det er kaldt og jorda er skrinn, og kunst er uansett ikkje noko folk flest er interesserte i.

Det folk vil ha er god helse og god råd.
Me vil ha skinande sjukehus med eit koppel av spesialistar som tek i mot oss. Legane skal fikse alt som feilar oss, prompte. Det er knapt den ting som står i vegen for evig liv og lykke, om me berre har eit sjukehusvesen som fungerer effektivt og optimalt.

Og så vil me vere rike. Me likar å vere rike. Me er faktisk så van med å kjøpe ein genser når me får lyst på ein, og pusse opp når me syns stova er litt utdatert og sliten, at me ikkje heilt føler oss rike nok. Velstanden har auka og auka sidan krigen, og det er litt ekkelt å føle at det stagnerer.

Me vil køyre flott bil på svart asfalt, me vil svinge inn på kjøpesenter teikna av ingeniørar og kjøpe ting som er importerte. Me vil dra på ovale helger til Roma og Berlin, og me vil varme oss skikkeleg om sommaren.

Me har kanskje ikkje fortent det, eller arbeidd veldig hardt for det, men kven har sagt at verda er rettvis? Som mor mi pleidde seie til bror min og meg: Ein gong er det den eine som får mest, andre gonger er det den andre, og til slutt ender det sikkert opp med å vere urettvist.

Ja, eg veit det. Det er lettvint å harselere med kor bortskjemde og nyrike me nordmenn er. I seg sjølv er det ikkje noko særleg bra forsvar for verken bønder eller kulturliv.

At me manglar magemål og griser oss til med oljeøkonomi og våpenproduksjon er i seg sjølv ikkje noko argument for å bruke skattepengar på å legge til rette for matproduksjon, utsmykking av offentlege bygg eller gratis bibliotek.

Men kva med sjølvkjensla vår?
Kva med eit liv som er meir enn å tene pengar og leve lenge?

Det som verkeleg undrar meg er korleis me kom dit at det å vere rike fekk oss til å oppføre oss som om me er fattige.

Etter krigen var det storstilte prosjekt, som handla om å få samfunnet på beina igjen. Ikkje hadde me olje, og mykje låg brakk etter okkupasjonen. Då freista me, som folk, å ha eit heilskapleg syn på kva det å vere menneske var. Det å vere eit samfunn. Det å ha ein kultur.

Sjølv vikingane, mange av dei analfabetar og fattige, sette pris på kulturlivet. Det var mandig å kunne kveda, og ein verdsette kunsthandverket til avanserte treskjerarar nok til å vente mange månader, og betale rikeleg, for å få eit godt skip utsmykka.

I ei verd med matmangel, og aukande fokus på giftfri, rein og kortreist mat, er det også underleg at ein ikkje vil spandere på seg eit norsk landbruk.

Kva er det som gjer landet vårt så vakkert? Det er graset som strekk seg mellom fjell og skogbryn, heilt ned til fjorden. Det er beitemarkene med sau og storfe. Kulturlandskapet vårt er ei soge om steinplukking for hand i 7-8000 år.
Jordene her har vore dyrka sidan eldre jernalder. I vanskelege tider, med krig og svolt, og i gode tider, med hanseatar og handel.

Men først no, med lommene fulle av pengar, først no, med ein økonomisk rikdom nordmenn aldri har sett maken til, vil me la bakkane gro til.

Først no er ble blitt så fattige at me ikkje har råd til eit kulturliv. Til kunst og til bønder.

På trykk 20.09.2013 i spalta På fredag, i Haugesunds avis.

Advertisements