Sidan eg er heilt oppskjørta, må eg dele dagens store hending!
Det byrja veldig udramatisk på mandag, med at ektemannen kom inn døra med eit brett egg. Eit heilt vanleg kartongbrett, som han bar ned i kjellaren.
Først dagen etter kom det fram at egga var befrukta.
– om du ikkje vil ha høns, kan me berre ete egga, sa han.
Eg har vore gjennom alle kjenslene. Sjokk, sinne, fortviling, begeistring. Skulle eg servere blautkokte babyar til frukost? Må me skaffe rugemaskin og bygge hønsehus, må ein opp annakvar time om natta, blir det mykje bæsj, kan dei vere aleine heime som nyfødde, kva med sommarferien? Eg ville reservere meg mot heile problemstillinga. Det var ikkje aktuelt. Eg er for emosjonell, eg er for empatisk, eg ville menneskeleggjort dei stakkars fuglane, eg vurderer allereie å bygge basseng i kjellaren dersom sugemallen i akvariet blir for stor, liksom.
Men så såg eg dei.
No blir det kyllinger om 21 dagar.
Ti egg til ruging, og resten vil eg ikkje vite om, det er berre for vanskeleg. Har du sett noko så nusseleg?
Har de sjekka om der er liv i egga ? Skulle vel vere mogleg å sjå no.
Skalet var for tjukt. Er dei døde då?
Eg har ikkje praktisk erfaring med dette, men eg veit at ettet 5-6 dagar sakal ein kunne sjå tynne blodårar og små mørke flekker (kyllingen) når ein lyser opp egga bakanfrå med ei god lommelykt.. Tjukt skal er vel berre eit teikn på at høna har hatt det godt.