• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: august 2014

Forfattarsyssel: Å lage problem for seg sjølv

30 lørdag aug 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 5 kommentarer

I dag morges vakna eg i eit heilt stille hus, på ei nesten heilt stille øy. Utanfor raslar ospa i vinden, nokre kviger ruslar på beitet mellom huset og fjorden. Elles er det heilt, heilt stille.

Eg er her for å skrive.
Eg har vore vaken sidan klokka halv ni, eg har ikkje dusja, eg har ikkje gjort noko som helst utover å sitje med datamaskina.

Manus har auka med omlag fem ord.

Eg har lese eit titals wikipedia-artiklar, dei fleste ligg framleis opne i faner øvst på skjermen. Eg har lese nokre kronikkar og artiklar, og eit essay. Alt saman kan kallast research. Innimellom har eg vore på facebook og twitter og slikt, og eg har lese nokre artiklar som slett ikkje er research, i tillegg til at eg har sett to videoar (ein på 7 sekund med ein geitekilling som brekar, og ein litt lengre med ei and som har mista andungane sine ned i ei rist).

Hovudutfordringa akkurat no er at eg har så store ambisjonar for denne boka.

«Gå inn i det som er smertefullt»

Dei siste to-tre åra har eg freista skrive sosialrealistisk og smått. Eg har skrive nokre heilt korte tekstar, det har gått fint. Men så har eg skrive nokre romanutkast, og dei har vore frykteleg dårlege. Keisame og innhaldslause, rett og slett utan verken mål, meining eller underhaldningsverdi.
Planen var at etter Eirabu skulle eg skrive slike korte romanar som andre forfattarar gjer. Ei i året, helst, slik at eg kunne bli nesten heiltidsforfattar.
«Gå inn i det som er smertefullt», «berre skriv utan plan», «gjer bruk av eigne konfliktfylte livserfaringar» var blant råda eg ga meg sjølv. Sikkert gode råd. Dei blei i alle fall dyre, med tanke på kor mange timar eg kasta bort på å følgje dei utan å få noko publiserbart materiale ut av det.

Den vanskelege andreboka hjernen.

No har eg ein heilt annan plan.

Eg har faktisk ein plan.
Eit ganske ambisiøst prosjekt, akkurat slik Eirabu var. Eit heilt annleis prosjekt, sjølvsagt, men eg har gått bort frå ambisjonen om den tynne romanen bygd utelukkande på ting eg veit frå før.

Det føles deileg. Endeleg kjennes det som eg gjer det eg skal.Verdas høgaste einebolig i tre.

Så kvifor skriv eg ikkje noko?
Svar:
– Det er så vanskeleg.
– Eg må gjere veldig mykje meir research.
– Kvifor har eg ikkje ei heilt anna utdanning?
– Kvifor kan eg ikkje fleire språk!
– Dette prosjektet er alt for stort for meg, eg får det ikkje til!
– Eg kan ikkje plotte ferdig før eg veit mykje, mykje meir.
– Eg kan ikkje begynne å skrive før eg har plotta meir.
– Eg veit ikkje kva ende eg skal begynne, for det er så mykje av alt her.
– Det er så vanskeleg.

Ok.

 

Eg lyg.

Eg seier strengt til meg sjølv:
– Det er ingen som tvinger deg til noko som helst. Du kan skrive noko anna. Du kan gjere det enklare. Ingen der ute i verda forventer at du skal ha lese alle desse artiklane, lært deg desse språka, ingen i heile verda forventer at du skal kunne alt dette.

Eg lyg.

Det er nokon som tvingar meg, som forventer alt dette. Eg gjer.

Derfor får eg no tre Safari-kjeks og ein kopp kaffi, og permisjon frå eigne ambisjonar i ein time.
Eg skal ikkje lese fleire artiklar denne timen. Eg skal ikkje forvente noko som helst av meg sjølv. Eg skal berre skrive litt.

Gøym tenåringen på rommet, han Internett kjem på døra!

15 fredag aug 2014

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 3 kommentarer

Aulaen på barneskulen var fullstappa. Foreldra til sjuandeklassingane sat på pinnestolar i tronge rekker og lytta. På scena sto ein ekspert på ungdom og internett og malte Fanden på veggen.

– De føler dykk kanskje sikre på at ungdommen ikkje gjer noko galt, når dei sit på rommet sitt. Men slik er det ikkje! Dei kan utføre kriminell og skadeleg mobbing med berre nokre tastetrykk.

Han kom med døme på nakenbilete frå gymgarderobane, spreidd til alle. Fryktelege episodar med utfrysing, audmjuking og latterleggjering. Bodskapet var klokkeklart: Internett er den nye arenaen for psykisk terror av skulekameratar.

– Og spel! Det finnes spel der ein får poeng for å drepe flest mogleg born på eit sjukehus, der blodet sprutar og grafikken er heilt realistisk! Foreldra anar ikkje kva som føregår, medan borna sit på rommet sitt og blir utlært i våpenbruk og brutalitet !

Det var mange ropeteikn. Døme på alt som kan gå galt. Horrible scenarier.

Til sist snakka han om kva me foreldre kunne gjere. Det einaste halmstrået me kunne gripe til i dette oseanet av blod, vald og kriminell mobbing var forbod og overvaking.

Me måtte nekte borna å bruke sosiale medier så lenge me kunne, og pc-en burde stå i stova. Me burde ha tilgong til alle passord, og gå inn på ungdommen sine datamaskinar og sjekke loggen. Me burde lese kva dei dreiv med på facebook, helst også dei private meldingane, for der kunne det vere mykje stygt.

Han fortalte korleis han sjølv hadde gripe drastisk inn i eigne borns liv på internett, og korleis ungane hans var blitt nekta mobiltelefonar i det lengste.

Til slutt kom ei oppmoding om å kople inn politiet, utekontakten, skulen og eventuelt barnevernet ved lovbrot.

Etterpå skulle me snakke saman, og ta nokre gruppeavgjerder som foreldre om nettopp dette. Forbod og overvaking. Her var det viktig å stå samla, for ungdommen var truga, liv og lov sto på spel.

Sant å seie er det lenge mellom kvar gong eg er så indignert på borna mine sine vegner. Det meste som blir sagt på møter og utviklingssamtaler er fornuftig og forståeleg. Borna blir tatt på alvor, dei blir spurt om deira oppleving av skulen, leksene og det sosiale.

Men her var det full kortslutning.

Barneoppseding er ei øving i urealistisk idealisme.

Borna lærer at dei alltid skal ete frukost, dei skal ete opp grønsakene sine, og snop får dei berre om laurdagen. Dei skal gjere lekser jamnt og trutt, og ikkje ende opp med skippartak og stress. Dei må legge seg til same tidspunkt kvar kveld, og dei skal vere høflege og takke for maten.

På skulane er det antimobbeprogram der dei lærer å vere merksame på om nokon er mykje aleine. Dei skal inkludere alle, og alle skal inviterast i bursdag. Når nokon seier ”stopp” skal dei slutte. Det gjeld ikkje berre leik, men også i prat. Dei skal vere snille mot kvarandre, alltid.

Me vaksne gjer dumme ting.

Vaksne har sjokolade i skuffen på jobb, og skulkar vanlege måltid for å slanke seg. Me forsyner oss ikkje med brokkoli om me ikkje likar det.
På kontorpultane våre hopar det seg opp med ting me utset til siste lit, og det hender faktisk me får purringar på ubetalte rekningar.
Me går ikkje til sengs når me skal, og sit og geispar i lunsjpausane.

Me legg ut bilete av borna våre saman med andre born, utan å spørje foreldra om det er greitt. Facebook har dei siste månadane vore full av glade, halvnakne born, utan at lovpålagt samtykke er innhenta frå føresette.
Me snakkar til og med skit om kvarandre. La oss berre vere ærlege, – baksnakking er ikkje eit spesifikt ungdomsproblem. Nokre nyttar både mobiltelefonar og internett til skitpreiken sin, også.

Ungane våre kjem til å gjere feil. Dei kjem til å bryte reglar dei ikkje visste om, og dei kjem til å bryte reglar dei veit om.

Til slutt kjem dei, dessverre og uunngåeleg, til å ende opp som oss.

Forbod og overvaking er maktbruk, og demonstrasjon av mistillit, manglande respekt for privatliv, og ein måte å fortelje born på at dersom dei vil ha noko for seg sjølve må dei snike seg til det bak vår rygg.

Slik eg ser det er Internett komme for å bli, og dei som fyller dei sosiale media med innhald er folk.

Ungane våre må lære korleis dei ter seg, og det lærer ein best ved å få prøve seg.

Eg har meir tru på samtalar enn overvaking. Eg trur på rettleiing framfor forbod.

Ein kan snakke med born om sosiale media. Fortelje at den same folkeskikken gjeld både på og utanfor Internett. Og me kan akseptere at i ein læreprosess vil alle gjere feil, dumme seg ut og bryte reglar dei enno ikkje har lært.

Sjølvsagt skal me regissere rammene for borna våre. Det er 13-års aldersgrense på Facebook, og det er 18-års aldersgrense på valdelege dataspel. Det er lurt å avgrense speletid, på same måte som det er lurt å legge seg om kvelden.

Men når ungane våre snublar i verda, og skriv noko stygt eller deler bilete dei ikkje skulle, skal me kontakte politiet og barnevernet? Eller skal me snakke alvorleg med dei, høyre kva som har skjedd, snakke om kva ein burde og bør gjere, og la dei rydde opp?

Internett er full av spanande informasjon og folk. Fakta om fjerne planetar, pumaens drektighetstid, soga om korleis Harald Blåtann regjerte, og videoar om korleis ein kan lage sufflé eller bygge ein lampe er berre tastetrykk unna. Det er ei fager verd der ute, og ungane våre bør heller lære kjeldekritikk og folkeskikk, enn å lære at me vaksne ikkje har trua på dei.

Teksten sto på trykk i Haugesunds avis 08.08.2014

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

august 2014
M T O T F L S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
« jul   sep »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...