• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Film

Heath Ledger

22 tirsdag jan 2008

Posted by Avil in Film, Trist og leit

≈ 5 kommentarer

Søte og talentfulle Heath Ledger er død. Så inderleg trist.

heath ledger

Biletet er frå A Knights Tale, ein genial liten film.

*glede seg*

28 fredag des 2007

Posted by Avil in Film

≈ 30 kommentarer

Ny Tim Burton-film med Johnny Depp, Helena Bonham Carter og Alan Rickman!

Kvifor har ingen orientert meg? Eg kunne ha gleda meg til dette i årevis allereie!

burton-alan-johnny.jpg

burton-helena.jpg

Og til sist eit bilete av meg sjølv som liknar på Alan Rickman som Severus Snape når eg opplever slikt eit grusomt tillitsbrot frå informasjonssamfunnet.

avil-alan.jpg

Nostalgi versus fragmenter

17 mandag des 2007

Posted by Avil in Film

≈ 58 kommentarer

Alt var så mykje betre før, seier den syrlege unge mannen og viser fram kornete bilete av Tre nøtter for Askepott(1). Og som halvgammal mor er eg stadig i modernitetskrise kring kva eg tilbyr ungane mine. Eg les meg til i avisene og blåggane kring meg at eg tilhøyrer ein generasjon lett aldrande småbarnsforeldre som er ute av stand til å tilby ungane nyare barnelitteratur og som har eit nærast patologisk kjærleiksforhold til keisamme filmar og seriar frå syttitalet. Ungar i dag vil ikkje ha Den vita stenen. Dei vil ha flimrande, animert æksjen.

Me har halde krampaktig (2) fast i dei fire norske på tv, heilt til mannen min kom drassande heim med Rikstv og dertil høyrande Disneychannel (3). Men NRK og TV2 får lisenspengane mine, og tilhøyrer same kulturkrins som meg, og burde føle litt meir på ansvaret sitt.

Det dei serveres born i dag er stort sett dritt.
Fragmentert dritt.
Sjå berre på Barnes Superjul. Skift, skift, skift, skift. Ungane som er programleiarar er flinke, bevares. Men det heile er klypt i stykker til eit einaste flimmer.
Heile NRK si sendeflate for born er blitt fragmentert dritt.
«Born i dag vil ha det slik,» tipper eg dei tenker.

Eh.
Born i dag er då genetisk prikk like born før. Dei venner seg til det dei får. Og eg har svelgt kamelar og latt dei sjå det flimrande møkket frå NRK og TV2 kvar einaste helgemorgon sidan trikset byrja virke. Eg er då eit menneske. Eller meir spesifikt: Eit b-menneske. Så mine born har då fått forholde seg til all den opphakka, oppjaga møkka som resten av deira generasjon får servert.

Derfor gleder det meg at dei likevel har ein rest av konsentrasjon og fordjupning tilbake i dei bombaderte barnesinna sine.

For kva dvd er det dei begge ønsker å sjå om dei kan få velge? Tre nøtter til Askepott.

(1) Det skal seiast at den syrlege unge mannen er ute etter å ramme spelnostalgikarane og ikkje fjernsynsnostalgikarane, men det var no eingong han og blåggposten hans som fekk meg på tanken om dette.

(2) Det heiter ikkje krampeaktig. Eg ser mange skriv det, og det er både feil og stygt. På same måte som sakelig. Feil og stygt. Slutt med det. No.

(3) Eg vil gjerne nytte høve til å seie: Eg er drit lei Discovery. Verkeleg. Eg vil ikkje vite korleis dei bygger ting! Eg vil ikkje sjå korleis ein kan overleve på mark og mose! Eg vil ikkje sjå rævkløande dustar som byggar om ein vanleg bil til eit bensinslukande monster med flatskjerm i bagasjerommet! Det hender at eg nesten kunne ønske at mannen min ikkje var ein praktisk og nyfiken mann. Nesten.

 

Det gyldne kompasset

05 onsdag des 2007

Posted by Avil in Film

≈ 13 kommentarer

*****************************************

 

*** SPOILER **** SPOILER****SPOILER***

 

*****************************************

kompasset.jpg

Eg er litt lukkeleg. Og litt irritert.

Først: Karakterane.
Lyra var nydeleg. Billy Costa og Roger var akkurat som dei skulle vere. Lee Scoresby og Hester var heilt perfekte. Lord Faa var så fin som ein kunne ønske seg. Men Iorik Byrnison var animert, som han måtte vere. Og uansett kor flinke dei er, vil det framleis mangle noko. Lord Asriel var slett ikkje verst. Og når det gjeld Kidman som Mrs Coulter, så er det berre ikkje godt nok med ei blondine, uansett. Sjølv om ho gjorde ein utmerka jobb med å vere akkurat så skummel som ho skulle vere.
Serafina Pekkala fekk me sjå alt for lite til, sjølvsagt. Heksene vert nok redusert til staffasje her, akkurat som entene blei det på film. Men då det kom til kamp, var dei fantastiske likevel.

Så: Handling.
For mykje av dialogen blei ei forklaring av eit alt for stort og komplisert plott. For lite leik, for lite humor, for lite av det meste. For dei som ikkje har lese bøkene var det nok naudsynt, men eg sat med ei keisam kjensle av at Lyra stort sett gjekk rundt og forklarte boka for kinopublikum, framfor å vere ei levande heltinne.
Dei raste avgarde for å rekke i mål, og ikkje alt blei like vedkommande som det burde.
Men det blei bra då dei haldt kjeft. Eg grein litt, eg. Fleire gonger. Utan at det eigentleg treng bety så mykje.

Og sist: Heilskap.
Der His Dark Materials er ein intelligent leik med fysikk og teologi, er denne filmen redusert til ei actionprega eventyrfortelling. Eg visste jo det måtte bli slik. Men eg syns det er synd. Pullman klarte å løfte fortellinga langt over hovudet på alle dei niåringane som slukar den for handlinga, og boka gjev vaksne meir jo meir utdanning ein har.
Det er verkeleg trist at nordmenn gjev slike bøker til borna sine, og ikkje les dei sjølve. Det er skattar i Den mørke materien. Skattar som born ikkje kan sjå. Og skattar som filmen ikkje byr på.

Men eg grein. Og mor mi var lukkeleg. Dette var den første fantasyboka eg fekk henne til å lese, og som ho verkeleg likte. Eg såg henne sveve ut frå kinosalen i kveld. Og eg er så sikker i mi sak som eg ikkje har vore før: Det store lesarsegmentet av kvinner mellom 40 og 70, som sluker den eine traurige sosialrealistiske historia etter den andre, fordi bokklubbane serverer det som einaste frelse, – dei treng dette. Dei fortener dette. Dei fortener eventyr og magi som løftar ein opp og ut over seg sjølve, og gjev draumar og fridom.

Terningkast er for pyser. Kjøp heller kinobillett.

Magi på lerret

30 fredag nov 2007

Posted by Avil in Film

≈ 16 kommentarer

I går såg eg Beowulf i 3D på kino. Eg undrar meg over kvifor den skulle vere animert. Eg trur eg hadde blitt meir gripe om skuespelarane var analoge. Flott laga, godt skrudd saman, god drage. Men eg likar jo å gispe og grine og sånn.

Det gjorde eg av forfilmen. Reklamen for Det gyldne kompasset. Heilt seriøst. Eg gispa, og så begynte eg å grine. Eg gleder meg sånn til femte desember. Eg har sommarfuglar i magen og tårer i augene. Fytti.

På søndag skal treåringen vere Løven i Kardemommeby. Det blir nok verken tårer eller gisp, men kven veit. Den guten kan overraske. Kan hende blir det begge deler.

Mest sannsynleg kjem han til å grine sjølv. Fordi han er tre år og eg skal sy kostyme. Og treåringar har veldig høge forventningar til slikt. Det geniale revekostymet eg sydde til søstera då ho var tre, førte til hulking og raserianfall.

Dersom han (mot formodning) faktisk vil ha kostymet på seg, kjem eg att med bilete.

Og så utfordrar eg Mona til å vise fram noko ho eventuelt har laga som har fått folk til å grine. Sidan ho openbert berre blåggar når ho vert utfordra for tida.

 

Heidi Fleiss: Mrs C ser faktisk meir ut som Patricia Velasquez (The Mummy returns).

 

 

Og no skal eg på kino (quiz)

08 torsdag nov 2007

Posted by Avil in Film

≈ 12 kommentarer

Det er visst veldig populært å skrive om bøker, filmar og avisar etter ein er ferdig med å lese og sjå.

Eg blåggar om forventingsglede. Eventuelt forventningsfortviling. Eller forventningsirritasjon, som i går.

Om eg nokonsinne får tatt meg saman til å lage Topp 10 hunks-lista som Storalm utfordra meg til, er det overveiande sannsynleg at ein bittelitt tilårskommen britisk fyr med poser under augene og håplaust hår snik seg inn på lista.

Og om Nobelprisen i litteratur nokonsinne går til ein forfattar som ikkje berre har «kompromittert seg med å flørte litt med SF-sjangeren» som Doris Lessing, men til ein forfattar som heilt skamlaust definerer seg som fantasyforfattar, så vil han vere der.

Kva i all verda snakkar ho om?

Kva film er det ho skal sjå?

Og kven er briten?

Eg er grei og kjem med fleire hint.
Dersom du har klart det allereie får du tre poeng. Om du klarar det etter første hint får du berre to poeng.

1. Hint: Briten har forfatta boka som er filmatisert, og han er også produsenten bak sjølve filmen

No då?

Då kjem neste hint og poengsummen fell til eit poeng.

2. Hint: Han har også forfatta to andre bøker som kjem som film no.

Enno ikkje?

Det er ikkje fleire poeng å få, men det kjem fleire hint likevel.

3. I denne filmen er Robert de Niro flygande pirat. Og me likar piratar. Den neste filmen basert på bok av same forfattar byr mellom anna på ein blå, naken Angelina Jolie.

Då er det i grunnen berre å google om ein ikkje har fått med seg nokonting her i verda.

Postpost: Litt fint å sjå film inne i ein kino, i eit kulturhus, som mannen min har teikna:

bomlo.jpg

No skal eg sjå film

07 onsdag nov 2007

Posted by Avil in Film

≈ 6 kommentarer

Eg har hatt det vanskeleg lenge med heile Jack Sparrow. Eg er så veldig glad i piratar, skjønnar du. Eg kan ikkje komme nærare inn på det. Mor mi les blåggen.

Men eg likar piratar.

Eg såg den første Pirates of the Caribbean-filmen sikkert sju gonger

Så kom oppfølgaren. Eg gledde meg veldig. Men ho der beinrangelet øydela alt. Ikkje trudde eg på at ho var glad i Orlando, og dei der kåte blikka ho sendte Johnny, nei, ho likna ei luremus. Ei anorektisk, trynepen luremus som lagar seg kåt for at menn skal beundre ho endå meir. Keira Knightley. Sensualitetens eigen Jar Jar Binks.

Og på toppen av alt dette elende viste det seg at PotC II berre var to og ein halv time reklame for PotC III.

Eg har ikkje sett den. Trearen, altså. No skal eg. I kveld.

Dette er grunnen til at eg aksepterte å bytte ut den snertne, kvite åttitals B&O’en for ein flatskjerm.

Tenk om eg hatar den. Tenk om den er bra. Tenk om.

Merovinger

28 tirsdag aug 2007

Posted by Avil in Film, Musikk, Norrønt

≈ 6 kommentarer

Eg har nett sett dei tre Matrix-filmane om att. Min generasjons Star Wars. Rørande gjensyn.
Men altså. Eit av dei eldste og farlegaste programma i the Matrix (eller Matrisen som det burde vore omsett til), er the Merovingian, eller Merovingeren som han heitte i den norske omsetjinga.

Brillefin superskurk.

Merovingeren - bilde tjuvlånt frå Wikipedia. Tusen takk for lån.

Her er nokre andre kjende merovingere:

Pipin den lille:

Pipin den lille, også tjuvlånt frå Wikipedia. Takk igjen.

og sonen hans, Karl den store:

Karl den Store, eller Charlemange, bilde tjuvlånt av nndb

Fin gjeng.

Merovingertida er rekna frå omlag 560/570 – 800 etter Kristi fødsel. Altså yngre germansk jernalder, tida før vikingtida.

Det skal vere eit australsk black metal-band som kallar seg Merovingain, men dei held seg openbert borte frå det skumle internettet. Eg forstår dei godt. Ein kan aldri bli svartmetall-paranoid nok her i livet.

Sparke mannerumpe-film

19 søndag aug 2007

Posted by Avil in Film

≈ 5 kommentarer

I den vanskelege sjangeren «blåggfilmkritikk» der Hjorthen regjerer, vil eg i kveld bidra med ein anbefaling.

Eg har sett Death Proof. Først humra eg litt. Så grøssa eg og blei alvorleg inni meg. Så blei eg litt engsteleg og etterkvart ekkelt og veldig engsteleg. Og heilt til slutt sat eg att med ei livgjevande lyst til å banke nokon. Dersom du har hatt ei litt dum veke, der du har tapt mykje på aksjar eller mista jobben eller blitt plukka på av fulle menn og ikkje heilt hatt guts til å knuse ein stol til pinneved mot trynet deira, så er dette filmen for deg.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

mars 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen