• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Fint og flott

Things to do

06 onsdag feb 2013

Posted by Avil in Fint og flott, Kontornytt, Lesarsørvis, Ut blant folk, Ut i Europa

≈ 3 kommentarer

Stikkord

stord

Skuleturne er i grunnen ganske gøy. Ungdomsskuleelevane i Sunnhordland og Haugalandet tar det pent at eg kjem og les blodige tekstar og maskingeværsnakker dei gjennom skriveworkshop. Dei er høflege, hardarbeidande og gir meg tru på framtida.

Kalenderen her på bloggen er ikkje akkurat oppdatert, og akkurat no kunne eg ønske eg tjente ti gonger så mykje som eg gjer, så skulle eg ansatt ein supersystematisk webansvarleg og fått orden på alt.

Men things to do, altså.

I morgon, torsdag 07.02.2013, kl. 18.00, skal eg vere med på feiringa av ungdomsbøker si nye nettside ubok.no. Fine, unge bokelskarar arrangerer på Litteraturhuset i Oslo, og eg gleder meg.

Ti dagar seinare, søndag 17.februar, kl. 19.00, skal eg underhalde på feiringa av Stord folkebibliotek sitt 150-årsjubileum, i Kulturhuset på Stord. Biblioteket eg vaks opp i. *hjarte*

Og så drar eg til Spania i to veker, for å få gjort noko med denne uskrivne romanen som ligg og trøkker. Det blir best. Sorry, verda, du er gøyal og fin, men det blir aller best å ikkje vere i deg litt.

Utover våren skal andre rare og fine ting skje. Eg skal til Trondheim og besøke Bookstars, eg skal til Grimstad og besøke litteraturfestival, og så skal eg skrive litt i Haugesunds avis.

Men mest av alt skal eg puste, og skrive, og vere mamma, og ha verdas finaste pasientar.

Og om du no syns eg høyres ut som om eg elskar verda og alt er pur lukke, så minner eg om kva som er i ferd med å skje der ute:

Lånt frå http://www.flickr.com/photos/erikjorgensen/4394410105/sizes/z/in/photostream/

Lånt frå http://www.flickr.com/photos/erikjorgensen/4394410105/sizes/z/in/photostream/

Ein kan ikkje vere sur og negativ, ikkje så veldig, i alle fall. Ikkje når det skjer mirakel kring husnovene.

Ihhh! 2

30 fredag nov 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Julekalender

≈ 1 kommentar

Det er SKULLE seie i den forrige posten her, var dette:

SNØ! IHHH!

For etter ein lang kveld med pakking av 48 gåver (ungane legg seg stadig seinare, og det betyr at eg er stadig meir søvndepravert etter kalenderpakkinga), var det åsåm å vakne til kvit snø utanfor. Akkurat det lyset, akkurat den kjensla.

Eg elskar jula. Elskar, elskar, elskar.

Ihhh!

30 fredag nov 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Julekalender, Vere mor

≈ 2 kommentarer

Stikkord

advent, i-landsproblemer, jul, kalender

I går kveld pakka eg ut alle postpakkane eg hadde henta. Stappfulle, små esker frå coolstuff og hjerteboden og cdon. Dette er nemleg tradisjon: 48 gåver skal pakkast inn og hengast opp i stova, og alt skal vere klart før 1. desember. To born, do the math.

Og kvart einaste år går det kuk i logistikken, for å seie det på dansk.

Det viser seg å ikkje vere full harmoni og balanse mellom det eg har tenkt at guttungen skal få, og det eg har kjøpt inn til jentungen. Han vil helst berre ha snop, ho vil helst berre ha hobbysaker. Det dei får skal opplevast rettferdig, dei skal bli like glade og ikkje bli ramma av misunning eller kjensle av å bli forbigått, og det skal vere ein viss dynamikk i progresjonen. Først noko ekstra, sidan første dagen er laurdag og andre er søndag, men så skal me tone det ned og berre ha bittesmå nillesjokoladenissar og sukkerstenger nokre dagar, før ei overrasking på onsdagen, og litt nedpå igjen, før nye og litt betre helgegåver.

Kabalen gjekk sjølvsagt ikkje opp, så no må eg ut og finne den særlege gåva til kvar på julaftensmorgon. Eg hadde tenkt Love Actually, men det blir neppe tid til film den dagen, og dessutan vil sikkert guttungen syns at det er for mykje kliss og alt for få romvesen i den.
Puslespel går heller ikkje, for pusling må skje over tid på spisestovebordet, og det skal nyttast til julemiddag og julefrukost og gudane veit kva.

Som de skjønar: i-landsproblema mine tårnar seg opp.
Eg er takksam for gode råd.

 

Seinsommarlukke og matauk

27 mandag aug 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Mat, Ut på tur, Vere mor

≈ 3 kommentarer

Stikkord

fisking

Song for Eirabu, bok 2, Vargtid kom ut i juni, og eg har derfor hatt ferie. Slik ikkjeforfattarferie, med heilt fri og ut på tur og andres bøker i kofferten. Dessutan har eg vore utan mobiltelefon, så om vener eller presse har ønska kontakt, har dei stort sett ikkje fått det. Og jada, klart det har vore merkeleg, men fint likevel.

Me driv med matauk heime hos oss. Heile sommaren er prega av matauk.

Sjøen har vore raus i sommar, me har trukke opp bøttevis med pir, torsk og annan fisk. Eg har derfor, endeleg, lært meg å filetere fisk. Beinfrie filetar gjer fiskemiddagane ufatteleg mykje meir populære.

Ungane er blitt store nok til å halde ut dei laaange minutta då ingenting bit, og har forstått konseptet med fisking: Det er både keisamt og spanande, og får ein først fisk blir ein så ivrig og lukkeleg at ein kan halde ut i timesvis.

Laurdag var eg ute aleine nokre timar, i den blå Askeladden. Det var flo, blikkstille sjø, og regndropane fall kring båten med lyden av bit. Tre fine torsk, og middag til alle.

Kjøkenhagen har eg ingenting med å gjere, det er Anders som dyrker Noreg. Gulrøter, pastinakk, squash, sukkererter, kål, salat, krydder av alle slag, poteter, sylteagurkar, tomater, mais. At sola stort sett gøymde seg og regnet silte sommaren gjennom, har ikkje stansa knollar og stengler, men nattefrosten må gjerne vente om mais og tomater skal modnast.


Me har plukka bær, sylta og bakt. Ungane er fantastiske bærplukkarar, og å ta med ein unge på bærplukking er ein utmerkt måte å få vite ALT som opptek dei. Praten går så fint mens ein står der og fingrar med kvar sitt bærkratt i skogen. Og kjappe, små fingrar reinskar bær betre og raskare enn me vaksne kan drøyme om.

Kan hende er forfattarlivet fint, men mammalivet er finare.

Berre fordi det er sprøtt

19 tirsdag jun 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Song for Eirabu-ting

≈ 13 kommentarer

Ikkje fordi det er representativt eller forståeleg eller særleg sannsynleg at nokonsinne skjer igjen.

Berre fordi det er sprøtt.

 

Hahahaha!

Fest!

11 mandag jun 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Ut blant folk

≈ 3 kommentarer

Då er det berre ei veke til Song for Eirabu, Vargtid, blir kasta til ulvane (dykk).
Midtsommarnatta 20 juni held eg bokslepp og drikkeblot for Eirabu på Last train, sånn omlag frå klokka 19.30.
Det blir dampande dikt og underleg musikk, sveitte kvinner og skjeggete menn.
Eg gleder meg sånn. Kom.

Etter hjartesukk kjem hjarterom

08 onsdag feb 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Song for Eirabu-ting, Ut blant folk

≈ 39 kommentarer

Stikkord

elske, på norsk, vev, vigrid

Siste bloggposten min var eit hjartesukk over å skrive frykteleg lang roman for frykteleg få lesarar. Det var ikkje så lett å skrive, sidan det er litt ukultur å innrømme at det er leit å nå ut til få lesarar. Me er jo så mange som skriv, og kvar bok finn i snitt nokre få hundre lesarar, slik har det vore i uminnelege tider, og nesten alle etablerte forfattarar har levd med vissa om å skrive ut i tomme lufta i årevis, for ikkje å seie tiår, før dei endeleg vann eit publikum som gav bøkene deira det eg kalla «livets rett». Eg trakka nok enkelte på føtene ved å formulere meg slik eg gjorde, eg ser det.

Men hjartesukket mitt var også ei overrasking for enkelte, som oppdaga at ei bok som hadde fått mange omtaler på bloggar og i aviser, samstundes kunne vere ei bok som nesten ikkje solgte noko.

Og hjartesukket opna eit hjarterom: Internettets varme, fine vev av folk som bryr seg om kvarandre.

Ida Jacksons bloggpost oppmoda folk til å elske boka med pengar. Det fekk nok folk til å førehandstinge Song for Eirabu, bok 2, Vargtid, til at boka hamna på Haugenbok si bestseljarliste. Først ei veke, så ei veke til. Og den første boka, Song for Eirabu, bok 1, Slaget på Vigrid er no utseld.

Enn det. Så hjarteleg kan bloggfolket vere, om ein tør fortelje det som det er.

Resultatet er at dei av dykk som sit med eit innbunde eksemplar av førsteboka eig ein rarietet.

Og at forlaget har avgjort at boka blir pocket, og at den kjem så fort som råd er. Det vil seie omlag to veker frå no av.
Det skal vere mogleg å tinge Song for Eirabu 1, Slaget på Vigrid i pocketutgåve frå neste veke ein gong.

Eg er så usigeleg rørt og glad. Både fordi så mange har vist at dei vil støtte at det blir gitt ut fantasy på norsk, som var sjølve dronningtanken bak å skrive verket, og fordi boka faktisk kjem i pocket no og dermed blir tilgjengeleg for dei som ikkje kan ta seg råd til innbundne bøker.
Mange som elskar fantasy er unge, studentar og andre som ikkje har så mykje pengar. Dei som har kjøpt den innbundne boka har no gitt desse ei gåve.

Eg elskar dykk. Alle saman. Heilt inni hjarta. Takk.
Eg skriv andreboka for dykk.

Og til helga gjer eg ein liten ekstrating for dykk. Eg drar til Oslo og held foredrag på Norcon (kongress for fantasy/science fiction-litteratur og teikneseriar), eg har tenkt å snakke om blot i norrøn mytologi, og sjølvsagt om korleis blotet gjennomsyrar Song for Eirabu. Heilt gratis.

 

Lån ei diktsamling!

07 fredag okt 2011

Posted by Avil in Fint og flott, Litteratur

≈ 5 kommentarer

I går ville eg låne noko av årets nobelprisvinnar i litteratur på det lokale biblioteket. Dei hadde ingenting av Tomas Tranströmer. Ikkje fann dei noko då dei søkte i Bergen heller.
Bokhandlaren hadde heller ikkje.

Dersom diktsamlingar ikkje blir lånt blir det etterkvart kassert. Om me ønsker at biblioteka skal ta vare på det som står i lyrikkhyllene, det som er bra og rart og utfordrande og elskeleg, så må bøkene bli utlånt. Ein biblioteksjef sa til meg ein gong: Om boka har eitt einaste utlån på seg, så tar me vare på henne.

Så derfor: Kvar gong du er innom biblioteket, ta med deg ei diktsamling. Dei er små og veg nesten ingenting, berre røsk med deg eit eller anna. Før eller seinare oppdagar du noko du verkeleg likte, som du elles aldri ville funne. Og samstundes reddar du lyrikken. Heilt gratis.

Eg møtte ein lyrikar på biblioteket i går som hjalp meg å finne Steinar Opstad, og Helge Torvunds Alabama? fekk også vere med heim.

Eg har laga ei gruppe på facebook som eg tenkte kunne nyttast som ein stad å anbefale lyrikk. Men køyr gjerne på i kommentarfeltet her. Eller betre: på eigen blogg. På eigen facebookprofil.

Sprei ordet!
Og lån ei diktsamling!

Men denne bør du faktisk kjøpe heilt på ordentleg i butikken. Erlend Nødtvedt: Bergens beskrivelse.

Arkitekturens grænser III-IV

21 onsdag sep 2011

Posted by Avil in Biletkunst, Fint og flott, Skulptur/arkitektur, Ut i Europa, Ut på tur

≈ 6 kommentarer

Louisianas utstilling Arkitekturens grænser III-IV baud på kunstnarar/arkitektars utforsking av arkitektur, med treet som inspirasjonskjelde.

Plastboksar med tre inni

Organisk skyskrapar

Organiske former i bolig (inklusiv tre)

Noko som er så organisk og treinspirert at det sikkert ikkje er arkitektur

Endå ein svært organisk skyskrapar, men eg likte den best på sida

Ein million stuidoleiligheiter i ein betydeleg mindre organisk/treaktig kjempebygning

Første hus - Liva på Børnehusets verkstad

Andre hus - friare tilhøve til form og funksjon utover dagen

Biletkunst viser rom/bolig

(eit bilete det var vanskeleg å få sjå i sin heilskap, då det heile tida sto diverse menn og nærgranska det)

Min favoritt: Eit stupebrett ut gjennom vindauga

Kanskje elska eg installasjonen aller mest fordi eg fekk så lyst til å trasse forbodet

Åtvaring: Magisk månad

31 søndag okt 2010

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Skriveprosess

≈ 7 kommentarer

I morgon er det første november. November er ein fin månad, mykje betre enn sitt rykte. Det er kaldt og mørkt nok ute til at du endeleg kan fyre i peisen, tenne stearinlys på ettermiddagen, og drikke te medan du gløtter opp frå boksidene i ei av dei ferske bokhaustbøkene, og tek deg i å stire i flammane til du ser dansande faun og kronhjort. Og det er enno ikkje snø, så om sola skin kan du framleis finne ein og annan piggsopp i skogbotnen, og lauvet ligg i haugar du kan vasse i og kjenne kor lukkeleg du er.

Dessutan har både eg og mor mi bursdag i november, og jammen meg har redaktøren min bursdag same dag som mor mi, og der kan du berre sjå kor lita verda er.

Og om alt dette ikkje er nok, så er november månaden der du kan tjuvstarte alt som er kjekt med desember. I fjor hadde eg sju sortar i boksane før første desember, berre fordi det er kjekt å bake. Eg blir endå meir lukkeleg av å bake enn ein blir av å vasse i lauv. Det er noko med å bruke kroppen på ein slik måte at reptilhjernen forstår at ein jobbar, samstundes som dei olfaktoriske sansane fortel same, djupe hjernemasse at det er mat ein lagar, og cortex blir også tilfredsstilt, konkret og umiddelbart, sidan alt ein gjer fører til sansbare, praktiske og positive konsekvensar i same augneblink.

Er det verkeleg naudsynt å pimpe november opp ytterlegare? Nei, sjølvsagt er det ikkje det. Det er ikkje naudsynt å pimpa jula heime hos oss opp heller, etter me i fjor toppa med ein heil pepperkakelandsby, og pepperkakehjarter i vindauga med namna til alle slektingane i glasur-runeskrift. Likevel har eg tenkt meg å tilføye kransekake i år. Ikkje berre slike pinnar med tuppane dyppa i sjokolade, men ei ruvande kake av ring på ring, og sannsynlegvis smellbonbon’ar med hattar som passar hesten best.

Ikkje naudsynt, men klart me gjer det likevel: Me pimpar opp november. Me gjer november aldeles magisk, faktisk.
Me skriv ein roman på ein månad, saman med omlag 150 000 andre skribentar.
Det er eit vakkert prosjekt. Det er eit magisk prosjekt. Fordi det skjer så mykje med teksten og med ein sjølv når ein skriv og skriv og skriv, og ikkje gir seg på verken tørre eller våte møkka og berre skriv meir.

50 000 ord på ein månad. Tekstmengd tilsvarande ein vanleg roman. Eller nesten ein tredjedels Song for Eirabu.

Eg vil gjerne ha deg med. Om du ikkje veit kvar du skal starte, kva du skal skrive om, kva boka di skal handle om eller om du i det heile tatt kan skrive, er heilt underordna. Du registerer deg gratis på NaNoWriMo og finn råd og tips der.

Dette betyr også at eg ikkje kjem til å blogge før desember. Sannsynlegvis i alle fall. Eg skal halde meg unna internett så godt eg kan, og berre stikke innom før eg legg meg for å registrere på NaNoWriMo-kontoen kor mykje eg har skrive den dagen, og sjå korleis det går med writing-buddy’ane mine.

Brukarnamnet mitt er Tofte, så add meg om du vil.

Så kom igjen folkens, på tide å fortelje historiar berre du, fordi du tilfeldigvis er deg akkurat no i verda, kan fortelje. På tide å bygge hus som ikkje finst, reise trestammer kring novene, late einhjørningar og ekorn kikke inn vindaugene og lytte til samtalar om kven som eigentleg drap Sherlock Holmes, før lyden av helikoptre fulle av udøde blandar seg med tonane frå djevelens hardingfele. På tide å skildre kor sårt blikket hennar var då du snudde ryggen til henne i skulegarden, og ikkje minst på tide å skrive scena der du endeleg møter henne igjen. På tide å ta den roadtripen til endes, grave deg litterært ned i den fyllekula du ikkje hugsar frå 2003, på tide å finne ut kva som skjer dersom du lar mor di forlate far din i 1987. Kom igjen folkens: På tide å skape magi!

Snakkes i desember! God bok!

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...