• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: Fordi eg fortener det

Seinsommarlukke og matauk

27 mandag aug 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Mat, Ut på tur, Vere mor

≈ 3 kommentarer

Stikkord

fisking

Song for Eirabu, bok 2, Vargtid kom ut i juni, og eg har derfor hatt ferie. Slik ikkjeforfattarferie, med heilt fri og ut på tur og andres bøker i kofferten. Dessutan har eg vore utan mobiltelefon, så om vener eller presse har ønska kontakt, har dei stort sett ikkje fått det. Og jada, klart det har vore merkeleg, men fint likevel.

Me driv med matauk heime hos oss. Heile sommaren er prega av matauk.

Sjøen har vore raus i sommar, me har trukke opp bøttevis med pir, torsk og annan fisk. Eg har derfor, endeleg, lært meg å filetere fisk. Beinfrie filetar gjer fiskemiddagane ufatteleg mykje meir populære.

Ungane er blitt store nok til å halde ut dei laaange minutta då ingenting bit, og har forstått konseptet med fisking: Det er både keisamt og spanande, og får ein først fisk blir ein så ivrig og lukkeleg at ein kan halde ut i timesvis.

Laurdag var eg ute aleine nokre timar, i den blå Askeladden. Det var flo, blikkstille sjø, og regndropane fall kring båten med lyden av bit. Tre fine torsk, og middag til alle.

Kjøkenhagen har eg ingenting med å gjere, det er Anders som dyrker Noreg. Gulrøter, pastinakk, squash, sukkererter, kål, salat, krydder av alle slag, poteter, sylteagurkar, tomater, mais. At sola stort sett gøymde seg og regnet silte sommaren gjennom, har ikkje stansa knollar og stengler, men nattefrosten må gjerne vente om mais og tomater skal modnast.


Me har plukka bær, sylta og bakt. Ungane er fantastiske bærplukkarar, og å ta med ein unge på bærplukking er ein utmerkt måte å få vite ALT som opptek dei. Praten går så fint mens ein står der og fingrar med kvar sitt bærkratt i skogen. Og kjappe, små fingrar reinskar bær betre og raskare enn me vaksne kan drøyme om.

Kan hende er forfattarlivet fint, men mammalivet er finare.

Fest!

11 mandag jun 2012

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Ut blant folk

≈ 3 kommentarer

Då er det berre ei veke til Song for Eirabu, Vargtid, blir kasta til ulvane (dykk).
Midtsommarnatta 20 juni held eg bokslepp og drikkeblot for Eirabu på Last train, sånn omlag frå klokka 19.30.
Det blir dampande dikt og underleg musikk, sveitte kvinner og skjeggete menn.
Eg gleder meg sånn. Kom.

Åtvaring: Magisk månad

31 søndag okt 2010

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Skriveprosess

≈ 7 kommentarer

I morgon er det første november. November er ein fin månad, mykje betre enn sitt rykte. Det er kaldt og mørkt nok ute til at du endeleg kan fyre i peisen, tenne stearinlys på ettermiddagen, og drikke te medan du gløtter opp frå boksidene i ei av dei ferske bokhaustbøkene, og tek deg i å stire i flammane til du ser dansande faun og kronhjort. Og det er enno ikkje snø, så om sola skin kan du framleis finne ein og annan piggsopp i skogbotnen, og lauvet ligg i haugar du kan vasse i og kjenne kor lukkeleg du er.

Dessutan har både eg og mor mi bursdag i november, og jammen meg har redaktøren min bursdag same dag som mor mi, og der kan du berre sjå kor lita verda er.

Og om alt dette ikkje er nok, så er november månaden der du kan tjuvstarte alt som er kjekt med desember. I fjor hadde eg sju sortar i boksane før første desember, berre fordi det er kjekt å bake. Eg blir endå meir lukkeleg av å bake enn ein blir av å vasse i lauv. Det er noko med å bruke kroppen på ein slik måte at reptilhjernen forstår at ein jobbar, samstundes som dei olfaktoriske sansane fortel same, djupe hjernemasse at det er mat ein lagar, og cortex blir også tilfredsstilt, konkret og umiddelbart, sidan alt ein gjer fører til sansbare, praktiske og positive konsekvensar i same augneblink.

Er det verkeleg naudsynt å pimpe november opp ytterlegare? Nei, sjølvsagt er det ikkje det. Det er ikkje naudsynt å pimpa jula heime hos oss opp heller, etter me i fjor toppa med ein heil pepperkakelandsby, og pepperkakehjarter i vindauga med namna til alle slektingane i glasur-runeskrift. Likevel har eg tenkt meg å tilføye kransekake i år. Ikkje berre slike pinnar med tuppane dyppa i sjokolade, men ei ruvande kake av ring på ring, og sannsynlegvis smellbonbon’ar med hattar som passar hesten best.

Ikkje naudsynt, men klart me gjer det likevel: Me pimpar opp november. Me gjer november aldeles magisk, faktisk.
Me skriv ein roman på ein månad, saman med omlag 150 000 andre skribentar.
Det er eit vakkert prosjekt. Det er eit magisk prosjekt. Fordi det skjer så mykje med teksten og med ein sjølv når ein skriv og skriv og skriv, og ikkje gir seg på verken tørre eller våte møkka og berre skriv meir.

50 000 ord på ein månad. Tekstmengd tilsvarande ein vanleg roman. Eller nesten ein tredjedels Song for Eirabu.

Eg vil gjerne ha deg med. Om du ikkje veit kvar du skal starte, kva du skal skrive om, kva boka di skal handle om eller om du i det heile tatt kan skrive, er heilt underordna. Du registerer deg gratis på NaNoWriMo og finn råd og tips der.

Dette betyr også at eg ikkje kjem til å blogge før desember. Sannsynlegvis i alle fall. Eg skal halde meg unna internett så godt eg kan, og berre stikke innom før eg legg meg for å registrere på NaNoWriMo-kontoen kor mykje eg har skrive den dagen, og sjå korleis det går med writing-buddy’ane mine.

Brukarnamnet mitt er Tofte, så add meg om du vil.

Så kom igjen folkens, på tide å fortelje historiar berre du, fordi du tilfeldigvis er deg akkurat no i verda, kan fortelje. På tide å bygge hus som ikkje finst, reise trestammer kring novene, late einhjørningar og ekorn kikke inn vindaugene og lytte til samtalar om kven som eigentleg drap Sherlock Holmes, før lyden av helikoptre fulle av udøde blandar seg med tonane frå djevelens hardingfele. På tide å skildre kor sårt blikket hennar var då du snudde ryggen til henne i skulegarden, og ikkje minst på tide å skrive scena der du endeleg møter henne igjen. På tide å ta den roadtripen til endes, grave deg litterært ned i den fyllekula du ikkje hugsar frå 2003, på tide å finne ut kva som skjer dersom du lar mor di forlate far din i 1987. Kom igjen folkens: På tide å skape magi!

Snakkes i desember! God bok!

Crimson sparkle topp 3

20 søndag jun 2010

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Neglelakk

≈ 3 kommentarer

La oss snakke om neglelakk, folkens.
Ja, det er gøy!

Karianne sendte meg for ei tid tilbake ein slik effektlakk, CND Crimson Sparkle. Opplegget er: Du lakkar neglene med ein eller annan farge. Og så lakkar du oppå med effektlakken. Voila: Effekt. Crimson Sparkle gir (overraskande nok!) eit lag bittesmått glitter i lys lilla, rosa og lysegrønt. Med andre ord: Ikkje lakken for diskret lady, her er det duka for teselskap med Hello Kitty og Barbie.

Eg har eksperimentert, men grunna elendig kamera på mobilen blir det ingen bileter, berre metaforiske oppsummeringar (som jo alltid er det klart beste):

Crimson Sparkle topp 3

Nummer 3:

Manga-Barbie under sea.

Crimson Sparkle over Depend 159 (lys lilla utan glitter, vist her hos Nailin’ It).
Komplett useriøs look.

Nummer 2:

Mace Windu’s Purple Lightsaber.

Crimson Sparkle over OPIs Lincoln Park After Dark Suede (matt, mørk lilla, vist her hos Karianne).

Djup og vakker, nesten halo.

Og (trommevirvel):
Nummer 1:

Unicorn Poo

Crimson Sparkle over Barry M’s Chocolate Brown (flytande mjølkesjokolade, vist her hos Karianne).
Fantastisk resultat! Veldig rart og fascinerande ekkelt.

Ferie!

18 fredag jun 2010

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Kontornytt, Skriveprosess, Ut blant folk

≈ 13 kommentarer

Alt ugjort blei gjort, alle brev sendt, alle telefonar tatt, alle journalnotat og epikrisar og tilbakemeldingar og avtalar vart orden på til sist.

Eg har logga av og slokt lyset, lukka døra og sett skiltet på «ledig».

Foran meg ligg seks, skinande veker.

Plan:

1. Skrive. Ungdomsboka ferdig til august. Samstundes skrive mest mogleg på Eirabuboka.

2. Reise utan å stresse. Eg skal med familien til svigers i Danmark. Eg skal bu i kollektiv i tysk herregård. Eg skal attende til Danmark. Så til Noreg og sommarhuset. Eg skal ikkje hisse meg opp over somlete ungar eller underkommuniserande mann eller treig trafikk eller tyskarar som berre snakkar tysk eller vinslantar som er drukke opp når eg endeleg set meg ned og har tenkt å forsyne meg eller bladlus eller brunsniglar eller noko som helst.

3. Ikkje noko punkt tre, faktisk.

Ferie.

Sandallukke

20 lørdag jun 2009

Posted by Avil in Fordi eg fortener det

≈ 16 kommentarer

I fjor leita eg overalt etter gladiatorsandalar som skulle gjere meg intenst lukkelege. Eg fann ingen. I år har eg hatt ein viss motvilje, komme drassande med gladiatorsandalar no, liksom, toskebutikkar.

Men på Vero Moda sto det plutseleg eit par sandalar og ville gjere meg lukkeleg. *gledessukk*

gladiatorsandaler2    gladiatorsandalar4

gladiatorsandaler1                                gladiatorsandaler3

 

Og neglelakken er Maybelline sin nye Midnight Blue. ♥

Drakeskrivar

08 mandag jun 2009

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Ut blant folk

≈ 12 kommentarer

Eg har vore på fest. Blitt halden fest for. I siste liten kom eg på at det ville vere keisamt for meg om einaste underhaldninga var meg sjølv, og heldigvis fins det forfattarar i krinsen som tok utfordringa. Selma var som alltid proff og morosam, Caterina var som alltid hyllande og søt, Aina var som alltid den nydelege og poetiske, og Ellisiv – som alltid – hardtslåande og tankevekkande. Bonustrack var stjerneskotet eg stirar på og ønsker meg ting: Ida Jackson, som las dikt.
Eg øver meg på å bli litt flinkare til å verne om andre sine andsverk og nøyer meg med å lenke, og takke, og seie at det er så fint å sitje og vite at dei ein kjenner lyser heilt av seg sjølve og gjer livet mitt lysare når eg ikkje kan sjølv.

Lillehammer 2009

27 onsdag mai 2009

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Ut blant folk

≈ 5 kommentarer

I morgon tidleg pakkar eg trillekoffert og taske, sikrar meg at eg har mobil og kort med, og så er det svosj til Lillehammer. Sist år var eg invitert til å lese på eit arrangement der forlaga kunne presentere forfattarar for utanlandske forlagsfolk. Ingen viste interesse for å omsetje boka mi, men til gjengjeld fekk eg oppleve forsommarens vakraste eventyr for første gong, eg fekk knytta nye vennskapsband som viste seg å bli nære og viktige, og eg fekk høyre og sjå forfattarar som til då hadde vore slike teoretiske pidestallstorleikar.

I år er eg berre publikum, og skal vere der tre dagar, prate litt med presse (høyres ikkje det tøft ut, hæ?), og elles berre kose meg. Det kjem mange blogg/bok-folk, og endå fleire berre-bok-folk, og forlagsfolk som skal spandere middag og vin, og det kjem til å svirre og surre og blomstre og dufte av litteratur og kvitvin i heile Lillehammer.

Kjem du?

Lanseringsfest!

20 onsdag mai 2009

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det, Lesarsørvis, Litteratur, Skriveprosess, Song for Eirabu-ting, Ut blant folk

≈ 44 kommentarer

Haustljoslesarane har fulgt meg med støtte og oppmuntrande tilrop frå eg begynte å kladde ned manus, gjennom to og eit halvt år med bloggpostar om norrøne mytar, opplesingar på festivalar og skule, og alt det andre babbelet og tankane og kvardagane mellom. Frustrasjonar og gleder er delt og kommentert, og eg har vore så veldig glad for å ha dykk med på ferda.

No er manus blitt til bok, heilt på ordentleg.

Det kom epost frå forlaget for ti minuttar sidan: Song for Eirabu er komme frå trykkeriet!

Så då er det på tide å feire og feste og nyte at det går an å ffinne på noko rolp heime på pc-en som endar opp i stive permar med gilde fargar!

Det blir sleppefest i Oslo torsdag 4 juni, på Den gode kafe.

Alle er velkomne!

 
Og om du likevel har tenkt å kjøpe boka, så ta med deg 300,- kroner i kontantar, så kan du kjøpe eit eksemplar billegare enn i butikken.

Mykje sinnablogging, ta ein drops

10 tirsdag mar 2009

Posted by Avil in Fordi eg fortener det, Kontornytt, Skriveprosess

≈ 15 kommentarer

Eg driv visst og hissar meg opp på nett for tida.

Forklaringsmodellar:

  • Eg er i ny jobb, og sliten på ettermiddagane, og sjølv om det eigentleg ikkje er noko travelt på jobb i det heile, er einkvar slik stor endring i kvardagen eit stressmoment. Nye oppgåver, mange nye klientar, nye kollegaer, nye skjema, nye testar, nytt alt.
  • Eg får ikkje vere aleine med hjernen min. Siste halvanna året har eg skrive bok heile dagane. Nokre dagar har det gått trått, andre har vore fantastiske. Men eg har heile tida fått bruke hjernen heilt i fred.
  • Eg får ikkje røre meg slik eg vil. Eg har vore temmeleg streng med meg sjølv dette halvanna året som har gått, og hatt 7 timars arbeidsdag der eg har skrive, eller prøvd å skrive. Men eg har gått ned i hamna og skrive, eg har skrive i skogen, på stranda, eg har skrive på kafe og på biblioteket. Eg har gått små turar med penn og papir, og stoppa opp for å skrive, straks gåturen fekk hjernen min på betre tankar enn mens eg sat.
  • Eg er ein einstøing. Så mykje aleinetid, og likte det. No er eg mindre aleine. Kven som vil kan uroe meg når eg skriv journalnotat, og resten av tida sit eg med klientar, i prat med kollegaer eller i telefon med folk som har med klientane mine å gjere.

Slikt blir det sinnablogging av, tydelegvis. Ordentleg sur blei eg, over å oppdage at mjølkekartongane skulle bli bokmålske.

Det fine er at eg har drops i skuffen på kontoret, drops i hylla på kjøkenet heime og drops i alle jakkelommene.

Og så skal eg lese opp på debutantkveld på Mono om ganske lenge, og betalinga dekker ikkje reisa dit, men det er no kjekt likevel. For eg skal gje ut bok. Og det må ein jo nesten ha lov å vere glad for.

Og så er det ikkje alle som kan ringe nokon og seie «hei, eg vil gjerne ha ein fantastisk interessant, og relativt godt betalt jobb, er det greit at eg startar på mandag, ja, forresten, eg vil visst berre jobbe 60% og flekse emd fridagane akkurat som det passar meg, er det greit?» – og så får ein viljen sin.

Eg er van til å få viljen min.

Eg burde sikkert sette meir pris på det.

Nemleg.
No går eg og tar meg ein drops.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

februar 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  
« sep    

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...