• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Kategoriarkiver: fuck the system

Det skumlaste

21 fredag mai 2010

Posted by Avil in Fint og flott, fuck the system, Uncategorized

≈ 7 kommentarer

Eg har gjort det skumlaste eg veit. I fjor blei det så skummelt at eg liksom knakk saman halvvegs, fekk ikke til å gjere det eg skulle, og endte med å måtte betale ganske mykje unødige pengar til Staten.

Eg har sendt næringsoppgåve. Sjølvmelding. Skatteetat. Likningskontor. Eg berre seier det.
Eg spydde ikkje, eg svima ikkje av, eg begynte ikkje å grine.

Eg fekk det til.

Sendt.

Fy faen så stolt eg er.

\o/

Russefeiring og eksamen

18 tirsdag mai 2010

Posted by Avil in fuck the system

≈ 11 kommentarer

Russefeiringa er ein 105 år gammal tradisjon her til lands, og noko av det mest levande og elska av gamle tradisjonar i kulturen vår.
Ein kan meine mykje, og det er det alltid mange som gjer, om fyll og usømeleg oppførsel, og mange lærarar, rektorar og foreldre har nok opp gjennom åra freista mane til edrueleg eksamenslesing i mai. Men kampen mot feiringa må seiast å vere tapt.
Så kvifor held ein fast i ei ordning der eksamen er lagt så seint at 18-19-åringane våre må velge mellom å øydelegge karakterane sine, eller stå utanfor ei svært sterkt forankra sosial feiring?
Ein kort periode ein gong på 1900-talet var det ei prøveordning med å legge eksamen før russefeiringa. Eg har vanskar med å finne kjelder på dette, men folk i 60-åra har fortalt om tidleg eksamen, og russetur til København rett etterpå, ei ordning som fungerte aldeles utmerkt (for alle andre enn danskane).

Dette har vore debattert igjen og igjen, siste gong i 2005. «Forslaget ble møtt med laber interesse og mange motforestillinger. Det ble derfor ikke fremmet forslag om endringer,» meddelte regjeringa dengong. Og vidare blir det sagt at:

  • Opplæringsloven fastsetter at skoleåret skal bestå av et minstetimetall. Nedkorting av skoleåret vil ikke være i samsvar med klare politiske signaler som gitt fra mange hold..
  • Et alternativ kan være mer konsentrert undervisning, kutt i antall feriedager eller lengre skoledager resten av skoleåret.. Også det medfører utfordringer og problemer.
  • Det er usikkert om endret eksamenstidspunkt i praksis vil medføre at feiringen starter seinere.
  • Det er prinsipielt betenkelig at feiring og fest skal være bestemmende for undervisningsår og eksamen.

Til første punkt: Ein kan framleis sette standpunktkarakterar ved slutten av vanleg skuleår, og ha undervisning som planlagt. Det er ikkje noko gyldig argument mot å avhalde eksamen før 17.mai.
Til andre punkt: Prisverdig at ein har drøfta andre muligheter. Men at noko er vanskeleg å finne ei god løysing på, betyr ikkje at dagens løysing er god, berre at det er lettast å ikkje endre noko, tydelegvis.
Til tredje punkt: Sjølvsagt kan ein ikkje predikere resultat av endringar. Det har i norsk skule vore gjennomført svært mange endringar som har ført til andre resultat enn ein ønskte seg. Dette veit alle, ingen politiske vedtak kjem med garantiar for ønska utfall.
Til fjerde punkt: Ja, her er me vel ved sakens kjerne. Russefeiringa er like gammal som nasjonen, like årviss og samlande for dei unge som julaftan er for heile folket, og det er betydeleg meir begeistra og einsarta oppslutning om russefeiringa enn mange andre tradisjonar me held fast i. Til dømes er fridagane i samband med Kristi himmelfartsdag og pinse i praksis tømt for både meining og tradisjon for folk flest.
Kvifor er det då så lite vilje til å akseptere denne feiringa som eit sterkt, tradisjonsbunde kulturuttrykk?
Fordi det ikkje er ei religiøs feiring? Fordi det er knytt rus til den, slik også dei mykje eldre juleborda ikkje er aksepterte kulturuttrykk? Fordi det er ungdom, fest, glede og dionysisk jubel som er kjerneinnhaldet? Fordi det er farleg, og usunt?

Det er på tide å legge forholda til rette for at ungdommane våre skal få dei beste resultata ut av 13 års skulegang, framfor å halde fast i ei moraliserande og unnvikande haldning der ein gøymer seg bak at dette » primært er en privat markering for myndige personer over 18 år». Julefeiringa er også ei privat markering stelt i stand av myndige personar over 18 år. Eg har ikkje sett manglande vilje frå verken stat eller arbeidsplassar i høve tilrettelegging av den feiringa.

Oppløysing

09 tirsdag jun 2009

Posted by Avil in Filosofi, fuck the system

≈ 6 kommentarer

Eg går midlertidig i oppløysing, eg reknar med at eg vil samlast etterkvart, til dømes om nokre veker eller månader, før ei meir endeleg oppløysing ventar der framme. Siste året har det vore skravling om lukke i alle kulturkanalar, eller så er eg like vár for lukkeskravling no som eg var merksam på barnevogner og bleiereklamar som gravid og barslande. Dengong, med kul på magen og noko som kjentes som ein fisk inne i kroppen, lot eg meg mildt provosere av små, blå kuler som rulla rundt i dataanimerte bleier mens djupe basstemmer forsikra om at desse elastiske og mjuke og pustande og vasstette innretningane ikkje ville la dei blå kulene trille ut og skjemme tøy og laken og små barnekroppar.

No let eg meg mildt provosere (det vil seie: eg lettar resignert og numment på hovudet mens eg let P2 vekke meg) når ein kristen heteronormativ og sporty ikkjerøykar vil måle kor lukkeleg eg og alle andre nordmenn er, og eg ser for meg mi eiga manglande evne til lukke framstilt grafisk som små, blå kuler som trillar rundt innanfor helsebringande og personvernkrenkande regelverk som skal verne omverda og meg sjølve mot at dei skjemmande, blå kulene skal komme til å trille ut, synleg, trille nedetter buksebeina på innsida, ned på utsida av skoene, trille stinkande og pinlege (skamfulle helst) ut på golvet på møterommet, ut på parkeringsplassen, ut på dei kvite plastaktige flisene på Kiwi, ut i det offentlege rom. Eg skal undersøkast ut frå parametre eg ikkje vil undersøkast ut frå. Eg skal målast ut frå ein målestokk som i eine enden skal seie noko om lukke.

Eg kan berre forestille meg kva andre enden av stokken skal kallast. Ulukke? Misnøye? Berre ein av sju nordmenn er misnøgde med røykelova? Berre ei av tre kvinner på kontantstøtte er misnøgde med ordninga? Berre to av fem er ulukkelege på 17 mai?

Eg kjenner knoklane mine sit laust i samanføyningane og dette har ingenting med den angivelege lukkeforskinga å gjere, det har ingenting å gjere med at alle valdtekter er omtalt som angivelege i pressa, det har ingenting med å gjere at kjønn blir nytta som overordna kategori når ein omtalar forfattarvirke, det har ingenting med å gjere at det regnar eller at eg ventar på kritikkar på mi aller første bok, det har lite eller ingenting med å gjere at eg er mor, men det har alt å gjere med at kroppen min forfell, at eg eldast, at eg langsamt er ferd med å gå i stykker, at eg aldri og under ingen omstende vil vere med på at det skal vere noko jævla kriterium for noko som helst om eg er lukkeleg, og dei som vil forske på lukke kan få lov til å kikke på hoftene mine, på alt som er mellom, på alt som er kropp og kjensler og smerter og plikter og ansvar og fridom og meiningsløyse og tilknytting og oppløysing, og dersom dei klarar å samanfatte noko av dette til eit lukkeparameter etter å ha kikka meg langt opp i mitt indre, så skal dei få eit føkkings FrP-diplom av meg med små, blå kuler heile vegen rundt som dei kan henge opp på veggen på kontoret sitt i glas og ramme, og vite at det vil henge der heilt til dei ein dag får sparken eller sluttar eller pensjonerer seg eller berre døyr heilt av seg sjølv, for då vil alt dei har tenkt uansett vere borte.

Pensjonsordningar forsterkar skille for akademikarar

05 torsdag mar 2009

Posted by Avil in fuck the system, Kjønn

≈ 1 kommentar

Akademikerne offentleggjer no forskning som viser at akademikere ansatt i det offentlege på ingen måte har same nytte av pensjonsordningane der når det gjeld å vege opp for lågare løn, som offentleg ansatte med lågare utdanning har.

Dette betyr i praksis at lønsforskjellane mellom kvinner og menn blir ytterlegare forsterka av dei offentelge pensjonsordningane.

Kvinner tek no lange akademiske utdanningar i aukande grad, på enkelte studier er kvinneandelen høgast.
Kvinnelege akademikarar søker seg i større grad til det offentlege enn menn, og dermed blir lønsforskjellane mellom kvinner og menn med lang utdanning større. Gode pensjonsordningar i det offentlege har tidlegare blitt oppfatta som ordningar som var med til å utjamne lønsforskjellane mellom offentleg og privat ansette. Denne rapporten viser at det ikkje er tilfelle når det gjeld ansatte med universitetsutdanning, og forskjellane aukar jo lenger utdanning den ansatte har.

lc3b8nn-pensjon

Konkurranseinstinktet: Bikkja som blir sparka mest

26 fredag sep 2008

Posted by Avil in Filosofi, Fint og flott, Fordi eg fortener det, fuck the system

≈ 36 kommentarer

Av personlege eigenskapar eg verdset er konkurranseinstinktet høgt oppe på lista. Mi liste, vel å merke. Av ein eller annan grunn ser folk flest dette som ein dårleg eigenskap, noko ein bør skamme seg over, undertrykke eller skjule ved seg sjølv.

Mirakel skriv: «Og plutselig var det viktig for meg å ikke bare være nominert, men å komme på grei plassering blant de nominerte. Det var i grunn en ny (og ikke kjempe attraktiv) side av meg selv. Jeg som alltid har skrytt av at jeg er den type jente som er fornøyd når det blir uavgjort. Jeg mener alle kan føle seg som vinnere da.»

Eg skjønar ikkje dette. Alt snakket om å tape og vinne med same sinn, at det viktigaste er å delta. Konkurranseinstinktet handlar om entusiasme og engasjement. Det handlar om å bli gripe av ein lyst til å yte sitt ypperste, gje på og kaste seg etter ballen med risiko for varige kneskader. Det handlar om å la seg begeistre, å leike med fullt alvor, det handlar om å vere tilstades i det ein gjer. Det handlar om å vere ivrig, og om å knalle på med alt ein har å by på.

Konkurranseinstinktet er for meg ein rå drivkraft, ei dør frå det dølle vaksenlivet som ein kan sparke opp, og lyset flaumer inn og overstråler alt. Konkurranseinstinktet er eit magisk ormehol, rett inn i ekstatisk og barnleg lukkeland, der ein innbitt og rasande kan kjase seg heilt ut og utmatta ligge i mål og smile fårete. Konkurranseinstinktet løftar meg ut av høfleg måtehald og stiv keisemd.

Konkurranseinstinktet er det motsette av konvensjonar, dårleg sjølvtillit, og rutinar. Det nullar ut alt slikt med eit trylleslag, og gjer deg til eit levande, kjempande, ekte menneskebarn.

Eg forstår ikkje kvifor det er dårleg.
Kva kan vere dårleg med å vere engasjert og ville yte alt ein har?
Kva kan vere dårleg med å ville meistre og komme seg fram?
Kva kan vere dårleg med den raudkinna gleda ved å springe forbi nokon?

Eg ser konkurranseinstinktet blir kokt saman med ein del andre omgrep til ein giftig graut. Elitisme, til dømes. At nokon er «betre enn andre», i tydinga «nokon andre er verdilause» og «ein har ikkje respekt for kvarandre». Vel. Nokon er betre enn andre til alt. Nokon er betre enn meg til alle ting eg gjer, på kvart einaste område eg driv med noko, vil det alltid vere nokon der ute i verda som kunne gjere det betre.
Og utan entusiasmen, arbeidsgleda og sjølvtilliten ville eg sige saman. Synke ned i sofaen med fjernkontrollen og sitte der og surve. Klage over politikarane og kjendisane og forfattarane og idrettsfolka, utan å delta, utan å by på noko som helst anna sjølv.

Men det gjer eg ikkje. Takka vere konkurranseinstinktet, og alle dei nære slektningane engasjement, entusiasme, iver og begeistring.

Eg er lukkeleg over å ha konkurranseinstinktet mitt. Lukkeleg over å hovudlaust kaste meg ut i ting som eg neppe kan vinne eller gjere best, berre fordi eg blir gripen av ein ubendig trang til å delta, yte og gje alt eg har. Det gjer livet mitt godt. Det gjev meg lykkestunder og levande smerte, og det fører til at eg reint faktisk får gjort noko.

Konkurranseinstinktet er ikkje berre bikkja som blir sparka mest. Det er også den mest fantastiske bikkja som er. Etter hån og mishandling løftar den hovudet, og får brått auge på den raude ballen. Utan å ense smertene sprett konkurranseinstinktet opp og spring så fort den kan, blødande og på halte bein, rett mot den raude kula. Konkurranseinstinktet gjev på, halsar mot målet og med eit byks landar den med begge forpotane og grip den raude ballen med kjeften, løftar hovudet og ser seg lukkeleg rundt. «Sjå, alle saman! Hah! Eg fekk den!» jublar konkurranseinstinktet. Og så kan dei sjølvgode og reserverte sitte i kvar sin sofa, utan ømme lemmer og arr, og ryste på hovudet og seie «tsk, tsk, eg deltar ikkje, for alle er like gode.» Yeah right. Men konkurranseinstinktet fekk den raude ballen!

Debattprogrambarndom (fuck the system nummer 10)

11 fredag apr 2008

Posted by Avil in fuck the system

≈ 22 kommentarer

Sidan det er fredag har eg laga eit fint, samansatt ord til dykk.
I følge bror min er me nemleg fødd inn i eit debattprogram i vår familie. Alle samtalar er diskusjonar, folk avbryt kvarandre, og berre den som kan seie noko som fenger dei andre si merksemd får halde ordet lenge.
Derfor er eg ikkje opplært til å lytte til folk berre fordi det er «deira tur til å få snakke», og om dei snakkar og snakkar meiningslaust og keisamt i veg, syns eg i grunnen det er heilt greit å spørre «kva er poenget ditt?».
Eg syns det er heilt rimeleg å be om at andre skal argumentere for synspunkta sine. Og eg syns det er like rimeleg å forvente ein viss underhaldningsverdi om eg skal lytte til ei lang historie.

Så om eg blir avbroten, skjerpar eg meg, og om nokon finn meg keisam tar eg det som ei heilt grei ytring. Eg har ingen krav på andre folk si tid, berre fordi eg vil bli høyrt og sett.

Og om folk krever lesarar og lyttarar berre fordi dei har noko på hjarta, men ikkje tek seg bryet med å ikle ytringane sine i ein nokolunde interessant (morsom, velskrive, tankevekkande, provoserande, rørande, kva som helst eigentleg, berre ikkje keisam) form, så føler eg meg fri til å oversjå dei.

Alt dette, i følge bror min, fordi eg har ein debattprogrambarndom.

Denne posten er inspirert av Fuck the system-postane, som er eit heiderleg forsøk på å gjere noko interessant.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

august 2022
M T O T F L S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  
« sep    

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...